Organisering av reiselivet

Reiselivet i fylket vert organisert på regionalt nivå, fylkesnivå og landsdelsnivå. Fjord Norge AS er landsdelsselskap for dei tre vestlandsfylka. I Vestland fylke er det sju regionale destinasjonsselskap.

Destinasjonsselskapa

Reiselivsbedriftene i Vestland er organiserte gjennom medlemskap i regionvise destinasjonsselskap. Destinasjonsselskapa representerer medlemsbedriftene og har ulike oppgåver, med fokus på marknadsføring og tilrettelegging for sal og utvikling etter følgjande regioninndeling: Visit Nordfjord, Visit Fjordkysten og Sunnfjord, Visit Sognefjord, Destinasjon Voss, Visit Bergen, Hardangerfjord og Visit Sunnhordland.

Fjord Norge 

Den internasjonale marknadsføringa vert i hovudsak organisert på landsdelsnivå gjennom Fjord Norge AS. Både enkeltbedrifter og destinasjonsselskap er medlemmar i Fjord Norge AS. Vestland fylkeskommune er finansieringspart og medeigar i Fjord Norge AS i tett samarbeid med Rogaland fylkeskommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Innovasjon Norge

Innovasjon Norge driv rådgiving og finansiering ovanfor den enkelte reiselivsbedrift. Innovasjon Norge leiar også aktørprogrammet som skal utvikle fleire reiselivsretta bedriftsnettverk i fylket. Hjå Innovasjon Norge er det mogleg for bedrifter å søkje om støtte til miljøsertifisering av reiselivsbedrifter.

Statsforvaltaren

Landbruksavdelinga til statsforvaltaren driv satsinga på gardsturisme, mat og berekraftig reiseliv. Landbruksavdelinga leiar også berekraftsgruppa som skal vere pådrivaren og faggruppa i fylket mot eit meir berekraftig reiseliv. Miljøvernavdelinga hjå Statsforvaltaren forvaltar spørsmål knytt til næringsutvikling i verneområde.

Fylkeskommunen

 Fylkeskommunen er utviklingsaktør og støtte for andre organisasjonar og prosjekt og legg til rette for ein arena for samhandling.