Besøksforvaltning i Vestland
Besøksforvaltning handlar om å sikre ei berekraftig utvikling av reiselivsnæringa, slik at denne gir eit positivt bidrag til lokalsamfunnet. Slik blir reiseliv òg ein drivar for positiv stads- og arbeidsplassutvikling.
Kva er besøksforvaltning?
Miljødirektoratet seier besøksforvaltning er ein metode som hjelper deg med langsiktig og heilskapleg planlegging, slik at du kan legge til rette for og styre bruken av eit område etter definerte mål. Arbeidet med besøksforvaltning skal også involvere lokalsamfunnet, slik at trivsel og bulyst blir tatt vare på og at det blir lagt til rette for brei lokal verdiskaping.
Reisemålsutvalet seier at besøksforvaltning er å utvikle strategiar og nytte ulike verktøy for å forebygge og avbøte og auke den sosiale, kulturelle, økonomiske og miljømessige verdiskapinga av besøk.
Besøksforvaltning handlar dermed om at ein sikrar ei berekraftig utvikling som er innanfor grensene til det natur, landskap, miljø og lokalsamfunn toler, samstundes som det er grunnlag for lønsam næringsdrift og lokal verdiskaping. Betre samordning mellom dei ulike offentlege og private aktørane, og betre involvering av lokale innbyggarar er ein viktig nøkkel til ei god utvikling.
Kvifor eit besøksforvaltningsprosjekt?
Besøksforvaltning er blitt veldig aktuelt for kommunane å jobbe med, men det er ikkje ei lovpålagt oppgåve, og dei ønskjer hjelp og rettleiing til korleis jobbe med dette.
Prosjektet er forankra i nasjonale og regionale strategiar og planar:
- I Nasjonal reiselivsstrategi 2030 er handteringsevne ein av fem hovudstrategiar. Her beskriv ein handteringsevne som evna til å vere godt førebudd på situasjonar som vert skapa av vekst i besøksvolum og reisestraumar. Det vil seie at god handteringsevne er eit resultat av god besøksforvaltning.
- NOU 2023:10 "Leve og oppleve" vart levert regjeringa våren 2023 og trekk fram besøksforvaltning som ei av dei sentrale arbeidsområda for norsk reiseliv framover, og anbefaler at besøksstrategiar forankrast i kommunale planar.
- Fylkeskommunen sin eigen Temaplan for reiseliv har besøksforvaltning som eit viktig arbeidsområde.
- Reiseliv vart og hausten 2024 løfta fram som den. 5. nasjonale eksportsatsinga, og dette løftar reiselivet fram som ei av våre viktigaste eksportnæringar og målet er auka vekst og auka verdiskaping i næringa.
Kven er med i prosjektet?
Alle kommunane i Vestland blei invitert inn i prosjektet, og 22 av kommunane har meldt seg på.
Desse kommunane er med:
Aurland, Bergen, Bremanger, Eidfjord, Fedje, Hyllestad, Kvam, Kvinnherad, Luster, Lærdal, Osterøy, Sogndal, Solund, Sunnfjord, Stad, Stryn, Ullensvang, Ulvik, Vik, Voss, Øygarden og Årdal.
Kva jobbar prosjektet med?
Kommunane er sett saman i fire ulike arbeidsgrupper, i arbeidsgruppene jobbar ein med ulike problemstillingar og deler erfaringar og jobbar saman. Resultata vil bli delt med alle og ligge ope ute på nettsidene til fylkeskommunen.
Arbeidsgruppene er:
- Besøksforvaltning og lokalsamfunnsutvikling
- Fellesgoder og styring av trafikkstraumar
- Besøksforvaltning inn i kommuneplanen
- Tolegrenseanalyser
- Cruise
Kommunane har knappe ressursar og mange lovpålagte oppgåver. Økonomien er basert på innbyggartal og ikkje talet på besøkande eller talet brukarar, dette kan vere krevjande. Derfor er målet i prosjektet at vi bidreg til å jobbe smartare - ikkje meir.
Kva skal prosjektet oppnå?
Vi skal ha ein metodikk som kommunane kan ta i bruk i sitt arbeid med besøksforvaltning.
Verktøykasse med metodat og beste praksis dømer som kommunane og andre kan ta i bruk.
Auke kompetansen om besøksforvaltning.
Betre handlingsrom for kommunane: Kunnskapsgrunnlag om reiseliv og kjennskap til mogelegheitsrommet i lovverket.
Gode modellar for reisemålsleiing.