Kven fortener kulturlandskapsprisen for Vestland?

Kulturlandskapsprisen i Vestland blir delt ut for andre gong i 2025. Fristen for å nominere kandidatar er 3. mars. Prisen er på 30 000 kr og skal heidre nokon som har gjort ein ekstra innsats med å ta vare på og utvikle kulturlandskapet.

Kven kan ta i mot prisen?

Vinnaren av prisen må ha utmerka seg ved å forvalte miljø- og kulturlandskapsverdiane på ein særs god måte. Vinnaren av prisen skal ha gjort ein ekstraordinær innsats for kulturlandskapet til dømes gjennom arbeid knytt til det biologiske mangfaldet, bygningsvern, verdiskaping, formidling, tilrettelegging og tradisjonar knytt til kulturlandskapet eller ved å bidra til merksemd om dei kulturhistoriske verdiane som kulturlandskapet i Vestland representerer.

Prisen kan delast ut til gardbrukarar og grunneigarar, mindre organisasjonar, bygde- og grendelag, grunneigarlag eller andre formar for fellestiltak og samarbeid, kommunar, landbruksretta næringsverksemd og FoU-verksemder.

Ved tidlegare tildeling har juryen lagt vekt på at dette skal vere landbruksnæringa sin pris. Juryen har difor prioritert kandidatar som gjer ein ekstraordinær innsats for kulturlandskap som blir nytta til  næringsaktivitet i jord- og/eller skogbruk.

Korleis blir dei nominerte vurdert?

Kandidatane til kulturlandskapsprisen skal mellom anna vurderast etter desse kriteria, der alle kriteria ikkje treng å vere oppfylte på ein gong:

  • Kandidaten gjer ein aktiv innsats med skjøtsel av kulturminne og kulturmiljø
  • Kandidaten arbeider målretta med å fremje eller bevare biologisk mangfald, mellom anna gjennom å ta vare på truga artar og naturtypar, hindre framande artar i å etablere seg eller bevare verdifulle genressursar
  • Kandidaten har gjort kulturlandskapet tilgjengeleg for ålmenta
  • Kandidaten har eit aktivt forhold til å formidle verdiane i kulturlandskapet
  • Kandidaten er ein aktiv tradisjonsberar og tek vare på immaterielle verdiar og kunnskap knytt til kulturlandskapet
  • Kandidaten er ein god ambassadør for kulturlandskapet og landbruket

Korleis foreslå kandidatar?

Alle kan kome med forslag på kandidatar. Vi oppfordrar spesielt kommunar, rådgivingsaktørar i landbruket og faglaga til å komme med forslag på minst ein kandidat kvar. Fleire kan gjerne gå samen om eit forslag.

Forslag skal sendast inn ved å fylle ut eit nominasjonsskjema. Skjema finn du til høgre på denne sida.

Vi veit at det er mange gode kandidatar i fylket. Hjelp oss med å heidre ein av desse!

Praktiske opplysningar om prisen

Prisen er eit diplom og ein pengesum på 30 000 kr.

Prisutdelinga vil finne stad på eit lokalt arrangement eller på Landbrukskonferansen.

 Juryen kan be om fleire kandidatar etter nominasjonsfristen.