Bli med på energimessa ONS 2024

Vestland fylkeskommune inviterer verksemder heimehøyrande i fylket med på ein regional paviljong under energimessa ONS i Stavanger frå 26.–29. august.

illustrasjon av ONS-stand for Vestlandet
Vestland fylkeskommune legg til rette for ein felles vestlandspaviljong under energimessa ONS i Stavanger i august. (Illustrasjon: Messetjeneste)

I utgangspunktet omfattar «heimehøyrande» hovudkontor og omfattande aktivitet i fylket. Eventuelle tvilstilfelle må drøftast for avklaring.

Oppsett og profilering

Vestland fylkeskommune samarbeider med Messetjeneste AS om tilrettelegging og bygging av paviljongen. Vi har same plassering som i 2022, nemleg i hall 7, som er ein av dei mest sentrale hallane på ONS.

Vi har laga ein brosjyre som syner plassering av og oppsett for standen. Design og utforming av fellesflater er her presentert som eit døme. Endringar i uttrykk og layout er ikkje usannsynleg. Mindre endringar i innbyrdes mål må påreknast.

Den overordna tenkinga er at veggflatene i utstillarmodulane vert fullt ut disponerte av utstillarane. Det inkluderer trykk av den grafikken utstillar ønskjer på «sin vegg» på 1,5 x 2,5 m (b x h). 

Dei takhengde kubene fungerer som blikkfang og lyskjelde. Her vil det utelukkande vere fellesprofil for standen. På utvendige veggflater på lagerrom og eventuelt på bakvegg er det aktuelt med utstillarlogoar, kombinert med felles profilelement for standen.

  På utvendige veggflater på lagerrom og eventuelt på bakvegg  

Standardiserte modular

Vi tilbyr i utgangspunktet og ønskjer primært standardiserte modular. Ein umøblert modul kostar 50 000 kr per stykk (alle prisar i oppsettet er eksklusiv mva). Prisen føreset at utstillarane har trykkeklar grafikk. Eventuell tilrettelegging av grafikk vert fakturert ekstra ut frå timebruk.

Prisen inkluderer

  • veggar med utstillardekor
  • teppegolv (felles for heile standen)
  • to utstillarkort (ekstra kort etter rekning)
  • dobbel stikkontakt
  • tilgang til minglesone og lagerrom 

I minglesona planlegg vi for 75’’ skjerm for fellespresentasjonar frå utstillarar og eventuelt gjestar. Vi legg også opp til tilgang på (minimum) kaffi, medan eventuell anna servering i utgangspunktet må tingast (og betalast for) særskilt.

Møblering

Møblering kjem i tillegg ut frå kva utstillarane vil ha. Elementa som er teikna inn illustrasjonane i brosjyren er

  • krakk: 595 kr per stykk
  • skåp: 1 158 kr
  • bord: 734 kr
  • 32’’ skjerm 4025 kr 
  • 43’’ skjerm: 5072 kr
  • Brosjyrestativ (ikkje innteikna): 756 kr

Førstemann til mølla

Vi prioriterer plass på paviljongen ut frå «førstemann-til-mølla-prinsippet». Endeleg layout er avhengig av kor mange utstillarar vi blir, og kor mykje areal vi såleis kan halde på.

Difor etablerer vi eit køsystem, der utstillarane vel blant tilgjengelege plassar etter tur, når endeleg oppsett er klart. Vi må ta atterhald om at det kan vere nødvendig å overstyre prioriteringane for å få koordinert utstillarar og eventuelt gje plass til større eller samanhengande modular. 

Vi tildeler plass i køen når de stadfestar at de vil vere med. Dette vil bli følgt opp av ein kontrakt som vert inngått mellom utstillar og Vestland fylkeskommune. 

Vi ønskjer primært standardiserte modular, slik brosjyren syner. Om nokon treng større plass, t.d. for å syne utstyrskomponentar, kan det vere rom for noko tilpassing. Det er mest nærliggande å tenkje seg dette i hjørna langs langsida ved ytterveggen. Spesialløysing må i tilfelle prisast særskilt ut frå arealbruk, meirarbeid og -kost. 

Innlosjering

Det blir opp til utstillarane å sikre seg innlosjering. De kan finne noko informasjon om dette under "accomodation" på nettsida til ONS.