Tilskot til samarbeid om større søknader til nasjonale og internasjonale ordningar innan berekraftig verdiskaping 2026

Vestland fylkeskommune lyser ut inntil 1 million kroner for å styrke regionalt samarbeid om utvikling av større søknader til nasjonale og internasjonale ordningar som kan bidra til berekraftig verdiskaping. Målet er å støtte aktørar som ønskjer å utvikle prosjekt som kan få finansiering – til dømes for etablering av nye senter, program eller større prosjekt i Vestland.

Utvikling av konkurransedyktige søknader krev tid, ressursar og gode partnarskap. Utlysinga skal bidra til at aktørar i Vestland står sterkare i konkurransen, og til at fleire regionale initiativ vert løfta til eit nasjonalt og internasjonalt nivå. 

Søknader blir behandla fortløpande i løpet av 2026, eller til midlane er fordelte. 

Ordninga støttar opp under Regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021 - 2033 og Temaplan for forsking i Vestland

Kva du kan søkje støtte til 

Kvar søknad kan få inntil kr 100 000 i støtte. 

Midlane kan nyttast til arbeid som styrkjer samarbeidet og utviklinga av søknaden, til dømes: 

  • Løn og ressursbruk for personar som jobbar med prosjektutvikling og søknadsskriving
  • Etablering og utvikling av samarbeidskonsortium nasjonalt og internasjonalt
  • Konsulenthjelp til søknadsutforming eller partnarsøk
  • Reise-, møte- og samhandlingsaktivitetar knytte til søknadsprosessen 

Midlane skal vere utløysande, det vil seie at prosjektet ikkje vil bli gjennomført utan tilskotet, eller at det ikkje vert gjennomført i ønskt omfang eller til rett tid utan slik støtte. Aktivitet som er gjennomført før godkjent prosjektperiode vert ikkje støtta.  

Aktuelle initiativ vi kan støtte 

Aktuelle initiativ vi kan støtte er utvikling av søknader til større, langsiktige satsingar som normalt krev samarbeid mellom minst 4–5 partnarar, har ei samla budsjettramme på over 10 millionar kroner og ei prosjekttid på minimum to år. Samarbeidsinitiativ innan følgjande program er særleg aktuelle (lista er ikkje uttømmande).: 

  • Horisont Europa (breie partnarskap)
  • Kapasitetsløft
  • Sentre for forskingsdriven innovasjon (SFI)
  • Forskingssenter for miljøvenleg energi (FME)
  • Norsk katapult
  • Norwegian Innovation Clusters (NIC) 

Målgruppe 

Søknadsordninga er open for: 

  • Forskingsinstitutt, universitet og høgskular 
  • Bedrifter og bedriftsorganisasjonar 
  • Kommunar i Vestland fylke 

Søkjar må ha norsk organisasjonsnummer og verksemd i Vestland fylke. 

Søknadsinitiativ til EU-program 

Det kan ikkje søkjast om støtte til aktivitetar som allereie kan få dekning gjennom Forskingsrådet si ordning PES Horisont Europa – Støtte til prosjektetablering og posisjonering. Det er likevel mogleg å søkje dersom tiltaket omfattar aktivitetar som ikkje er dekte der – til dømes å etablere eit søknadskonsortium. 

For å bli behandla må søknaden oppfylle følgjande krav: 

1. Innsending 

  • Søknaden skal sendast inn via regionalforvaltning.no 
  • Alle felt i søknadsskjemaet må vere utfylte 
  • Søknadsskjemaet kan ikkje overstige fem sider 
  • For prosjekt retta mot Grøn plattform må Forskingsrådet si tilbakemelding på skissa leggjast ved 

2. Prosjekt innanfor ramma for ordninga 

  • Prosjektet må vere retta mot målet i utlysinga og søkjar må vere i målgruppa

3. Finansiering og eigeninnsats 

  • Tilskot frå fylkeskommunen kan normalt dekke inntil 50 % av kostnadene i søknaden (eks. mva)  
  • Eigeninnsats skal spesifiserast i budsjettet med timetal, timesats og ansvarleg organisasjon 
  • Eigeninnsats skal førast med ein timesats på inntil 1 % av nominell årsløn, avgrensa til kr 1500 per time og maksimalt 1850 timar per år. Eigeninnsats over kr 700 per time skal dokumenterast med nominell årsløn. Ved eigeninnsats under kr 700 per time er signert prosjektrekneskap tilstrekkeleg dokumentasjon. Aktørar som har avtalt timepris med Norges forskingsråd, kan nytte denne ved føring av eigeninnsats
  • Den same aktiviteten kan normalt ikkje få finansiering frå fleire fylkeskommunale ordningar. Dette gjeld særleg støtte til utvikling av søknader, som ikkje kan kombinerast med andre fylkeskommunale midlar, sjølv om sjølve prosjektet eller senteret kan vere støtteberettiga i seinare fasar

Dersom søkjar er ei bedrift med kommersielt formål, vil støtte bli gitt i tråd med statsstøtteregelverket (GBER eller bagatellmessig støtte).  

Søknadene vert vurderte etter følgjande kriterium: 

1. Bidrag til mål for utlysinga

  •  I kva grad prosjektet legg til rette for samarbeid som kan bidra til velluka søknad til nasjonale eller internasjonale ordningar innan berekraftig verdiskaping 

2. Klima og berekraft

  • Om initiativet tek klimaomsyn og støttar ei berekraftig utvikling i tråd med regionale prioriteringar. 

3. Gjennomføringsevne

  • Kompetanse, organisering, realisme, risikovurdering og kvalitet på prosjektplan og budsjett.

4. Regional effekt

  • Potensiell påverknad på verdiskaping og sysselsetting i Vestland. 

5. Balansert prosjektportefølje

  • Ved behov kan det leggjast vekt på å sikre geografisk og tematisk spreiing av midlane. 

Prinsipp for behandling 

Søknadsbehandlinga skal følgje krav til god forvaltningsskikk, offentlegheit, habilitet og etisk åtferd. Søknader som ikkje oppfyller krava vil kunne bli avviste. EØS-regelverket for offentleg støtte kan påverke høvet til å gje støtte og omfanget av denne. 

Avgjerder 

  • Søknader blir handsama fortløpande.
  • Avdelingsdirektør for næring, plan og innovasjon tek endeleg avgjerd om tildeling.
  • Dersom fleire søknader kjem inn på same tid, kan dei bli vurderte samla for å sikre best mogleg heilskapleg bruk av midlane. 

Statsstøtteregelverk 

  • Bedrifter med kommersielt formål vil kunne få støtte etter gruppeunntaksforordninga (GBER) eller reglane om bagatellmessig støtte. 
  • Forskingsorganisasjonar og kommunar vil kunne få støtte utanom regelverket for statsstøtte  dersom arbeidet vert knytt til ikkje-økonomisk aktivitet. 

Innsyn i dokument 

Alle kan be om innsyn i dokument hos Vestland fylkeskommune i samsvar med offentleglova. Opplysningar som er underlagde teieplikt, som forskingsidear eller konkurransesensitive næringsopplysningar, vert unnatekne frå innsyn. Ved innsynsbegjæring vil fylkeskommunen normalt kontakte søkjar for avklaring, men tek endeleg avgjerd om innsyn.