– I år markerer vi at det er 750 år sidan Magnus Lagabøte skreiv landslova, og det skjedde her i Bergen. Derfor var det også på sin plass at vi i år fekk opp eit skilt som fortel alle som går her at denne plassen er oppkalla etter Kong Magnus, seier UiB-rektor Margareth Hagen.
Saman med dekan på Det juridiske fakultetet, Karl Harald Søvig, gjorde ho avdukinga av skiltet som no er sett opp på plassen.
– Eg håpar at alle som går forbi skiltet og legg merke til det, kan få ei større forståing av kva betydning Magnus Lagabøte hadde for si tid. Landslova var det første lovverket som gjaldt for heile landet, og eit av dei første av slaget sitt i Europa, seier Hagen.
Magnus Lagabøtes plass fekk sitt namn i 1994 då det nye bygget for Det juridiske fakultetet på Dragefjellet stod klart.