foto av to personar som står ved ein banner.
FEIRA LANDSLOVA: Magnus Henriksen (18) frå Valen i Kvinnherad og Ingeborg Håvarstein Andersen (24) busett i Bergen vart plukka ut til å delta då landslovjubileet i Vestland opna jubileumsutstillinga på Bryggens Museum den 21. mai. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Fekk vere konge og dronning for ein dag

Vestland sine eigne Magnus (18) og Ingeborg (24) var spesielt inviterte til opninga av jubileumsutstillinga "Magnus Lagabøtes landslov 750 år" på Bryggens Museum.

Denne våren etterlyste vi ein Magnus og ei Ingeborg mellom 18 og 25 år til å vere med på den offisielle opninga av jubileumsutstillinga og mottakinga i Håkonshallen. Kvifor?

Magnus Lagabøte blei konge i 1263, berre 25 år gammal. Nokre år før, i 1261, gifta han seg med si Ingeborg Eriksdotter i Håkonshallen.

Magnus Henriksen (18) frå Valen i Kvinnherad kommune og Ingeborg Håvarstein Andersen (24) busett i Bergen vart plukka ut til å delta. Magnus er elev ved Kvinnherad vådaregåande skule, medan Ingeborg er jusstudent som nyleg har levert si masteroppgåve om nettopp Landslova ved Det juridiske fakultet, UiB.

– Det har vore heilt fantastisk. Eg har aldri besøkt Håkonshallen før, og trur eg kjente litt på dei kjenslene som Ingeborg frå Danmark må ha kjent på første gong ho kom til Håkonshallen, uttalte Ingeborg til NRK Dagsrevyen i etterkant.

– Det har vore kjekt å vere her. Eg har heller ikkje vore i Håkonshallen før, og det var fint å sjå korleis det var før i tida, fortalde Magnus til NRK.

Vi er svært glade for at dei ville vere med og feire Landslova med oss!

Sjå heile intervjuet med Magnus og Ingeborg på NRK Dagsrevyen tysdag 21. mai.

foto av tre personar som står på ei scene
BLOMAR OG BILLETTAR: Fylkesordførar Jon Askeland kunne dele ut både blomar og gratisbillettar til Magnus og Ingeborg. No kan dei ta med seg ein ven på både teatervandring og omvising i Rosenkrantztårnet. (Foto: Gunn Kristin Monsen, Bymuseet i Bergen)

 

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo