foto av gamal mynt
RIKSLØVA: Det eldste dømet på riksløva på mynt, med omskrifta ERIK MAGN(us) REX NORVEG: Erik Magnusson, konge av Noreg. På baksida er det eit stort liljekors og omskrifta CRVX SCA IhV XPI: Jesu Kristi hellige kors. (Foto: Kulturhistorisk museum, UiO)

Falskmyntnarskatten frå Kalfarlien

Ein sommardag i 1910 oppdaga tre vegarbeidarar i Kalfarlien ein myntskatt i ei steinrøys. Pengane skulle vise seg å stamme frå 1200-talet.

Funnstaden var i utkanten eit jorde som tidlegare vart kalla Harmensmarken, og som på dette tidspunktet allereie hadde vore dyrka mark i rundt hundre år. Ei steinur under ei fjellside i utkanten av jordet gøymde myntane. Då arbeidarane braut laus ein stor stein skal myntane ha trilla fram, ifølgje Håkon Shetelig og Georg Morgenstierne, som publiserte ein preliminær rapport, og meir inngåande diskusjon om funnet i "Bergens museums aarbok".
Arbeidskarane fann omkring 1800 penningar frå 1280-åra. 1743 av desse vart levert inn til Bergen museum. Ikkje berre var alle prega i kong Eirik Magnussons namn, men dei var alle identiske. Og alle var falske.
 
Skatten frå Kalfarlien er det største norske myntfunnet frå Magnus Lagabøtes og sønene hans si tid, det vil seie frå 1263 til 1319. Lite visste vegarbeidarane at dette var ein skatt med signifikans for forståing av mynthistoria i tida både i og utanfor Noreg.

Korleis veit vi at myntane var falske? 

Georg Morgenstierne observerte omgåande to forhold der myntane frå Kalfarliskatten skilde seg frå det ein visste om desse myntane frå før: For det første inneheld myntane berre 1-2 prosent sølv og ikkje 20-25 prosent, slik myntane til kongen vanlegvis gjer. Den som graverte stempelet har utført ein så utmerkt jobb at Morgenstierne meinte gravøren må ha arbeidd ved kongen sin eigen myntverkstad, bortsett frå ein liten, men viktig bommert, ein stavefeil. I omskrifta på framsida står det nemleg NOSVEG i staden for NORVEG, «Noreg».
Medan myntgravørane på 1000-talet er kjent for skrivefeila sine, er dette eit ukjent fenomen på 1200-talet. Morgenstierne konkluderte med at myntane var falske. Falskmyntnarane hadde enno ikkje sett dei i omløp. Falskmyntnarane hadde gøymt dei unna. Det er ingen som har lagt fram gode argument for at myntane var ekte. Vi støttar oss framleis på Morgenstierne sin analyse.

Eineståande arkeologisk funn i Nord-Europa

Kva er det som gjer dette funnet ekstraordinært? Først og fremst fordi det er ein falskmyntnarskatt. I andre tilfelle vi har identifisert falsk mynt, er det oftast enkelteksemplar. Når vi finn 1800 falske myntar av same type og periode, opnar det for nye spørsmål.
Alle myntane i skatten er prega med same stempel-par, det vil seie over- og understempel. Dette fortel oss at falskmyntnarar i 1280-åra kunne prega nærare 2000 myntar med berre eitt stempelpar, noko som er interessant frå ein periode der norske myntrekneskapar ikkje er bevarte før 1500-talet. Dei som prega myntane var openbert godt kjent med framstilling av gode myntverktøy og utmyntingsprosessen.
Kvar einaste falske penning inneheld så lite sølv at dei må kallast koparmynt. Det er vanskeleg å sjå at falskmyntnarane kunne setje dei i omløp når dei openbert held langt dårlegare kvalitet enn originalane. Det er mogleg at falskmyntnarane ville påføre kvar enkelt mynt eit tynt lag av sølv som ville gjere det enklare å setje dei i omløp, ein metode som er kjend frå antikkens Romarriket og elles i europeisk mellomalder.

Å prege falske myntar var eit alvorleg brotsverk, ofte knytt til ei majestetsfornærming. At nokon likevel var villig til å ta denne sjansen fortel oss noko om gjennomslaget til pengeøkonomien og utbreiing i Bergen.

foto av gamal mynt
FALSK: Avsløringa kom blant anna ved ein grov stavefeil. På framsida står det nemleg NOSVEG i staden for NORVEG, «Noreg». I dag vert Kalfarlien-penningar frå tid til annan budd fram for sal på auksjonar. (Foto: Kulturhistorisk museum, UiO)

Lova si strengaste straff

Ifølgje Landslova er det «ubotamål å forfalske vår konges mynt, brev eller segl». Ubotamål er eit lovbrot så alvorleg at det ikkje kan betalast med bot.  Det betyr at falskmyntnarane blir dømde fredlause. Folk kan drepe dei utan å bli straffa. Det var same straff som ein kunne få ved å vekkje opp troll, snikmyrde eller valdta.
Falskmynting har eksistert sidan mynt vart innført i antikkens Hellas for 2500 år sidan. Vi kjenner mange døme frå Romarriket og Europa i mellomalderen, først og fremst gjennom rettshistoriske kjelder der falskmyntnarar blir dømde, ofte til forferdelege straffer. Denne historia er full av dødsstraffer utførte ved henging, koking, halshogging. Eit berømt døme gjekk føre seg i England i 1130-åra då kong Henrik I beordra kastrering av 35 av myntmeistrane til kongen på mistanken om at dei skulle sko seg på mynten. Forteljingane om straffa si historie i falskmyntnarsaker gir mange døme på mellomalderen si brutale sider. I så måte var ikkje Noreg noko unntak.

Lovgiving som slår ned på forfalsking av mynten til kongen vart likevel først knesett med Landslova i 1274. Ein skulle tru at denne lova vart bringa inn i Landslova på bakgrunn av erfaring med falskmyntneri, men så langt har vi ikkje identifisert falske myntar frå Noreg før Kalfarliskatten sine myntar frå 1280-åra. 

foto fra interiør ved Bryggens museum
DEI VAKRASTE GJENSTANDAR: Unike kulturhistoriske skattar er på plass i montrane ved Bryggens museum. Universitetsmuseet i Bergen med sine dyktige konservatorar og samlingsforvaltarar overlet ingenting til tilfeldigheitene når gjenstander vert plasserte og sikra. (Foto: Bryggens museum)

Sjå myntane på Bryggens Museum

Bryggens Museum opna nyleg den imponerande utstillinga «Magnus Lagabøtes landslov 750 år», der vi møter lova og lovgivinga, statsdanninga og samfunnsutviklinga til mellomalderen, skrift- og bokkulturen. Her kan vi også studere dei falske myntane funne i Kalfarlien ein sommardag i 1910!

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo