Magnus Lagabøte blei konge i 1263 berre 25 år gammal. Nokre år før, i 1261, gifta han seg med si Ingeborg Eriksdotter i Håkonshallen.
No har du som heiter Magnus eller Ingeborg, og er mellom 18 og 25 år moglegheit til å vere med og feire landslovjubileet!
Vi skal nemleg finne fram til ein Magnus og ei Ingeborg som får vere med på den offisielle opninga av jubileumsutstillinga ved Bryggens museum 21. mai 2024, med mottaking i Håkonshallen, eit steinkast unna.
Du kan ta med deg ein ven eller eit familiemedlem til både utstillingsopninga og arrangementet i Håkonshallen.
Du vil òg få to billettar til å sjå utstillinga på nytt, billettar til Rosenkrantztårnet, og de vert inviterte til å delta på premieren på teatervandringa "Helt konge!" - ei historisk teaterbyvandring i fotspora til Magnus Lagabøte den 25. april 2024.
Kriteriar for å bli med
- Du må anten heite Magnus eller Ingeborg.
- Du må vere fylt 18 år innan 21. mai 2024, og ikkje vere fødd før 1999.
- Du må kunne vere i Bergen 21. mai 2024.
- Du må ha folkeregistrert adresse i Vestland. Bur du langt unna Bergen får du dekka kollektivreise og eventuelt opphald for éi natt.
- Send ein e-post til kommunikasjon@vlfk.no med nokre ord om kvifor nettopp du skal få vere med på dette, og legg til fødselsdato (dato og årstal), adresse og kontaktinformasjon.
- Merk e-posten Magnus & Ingeborg i emnefeltet.
- Utvida søknadsfrist til måndag 18. mars 2024.
Kva skjer så?
Jublieumskomiteen vel ut ein Magnus og ei Ingeborg blant dei som sender inn e-post. Dei heldige blir deretter kontakta.
Konkurransen er no avslutta, og Magnus (18) frå Kvinnherad og Ingeborg (24) frå Bergen er plukka ut til å delta på den offisielle opninga av jubileumsutstillinga og mottakinga i Håkonshallen 21. mai.