Bilete av gamalt dokument
PROVIANT TIL KONGEN: Dette diplomet frå Bergen er utferda av myndigheitene i byen og er ei stadfesting på at Alfinn i Gjerde og Ogmund Ivarssøn har levert leidang til kongsgarden beståande av levande og slakta dyr, skinn, smør, malt, korn m.m. Diplomet er datert 6. mars 1329. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

Landslovjubileets diplomkalender

Diplom er historisk sett handskrivne rettsdokument frå mellomalderen og tidleg moderne tid. Dei viser korleis Landslova vart praktisert, og gir unike innblikk i kvardagen.

Diplomsamlinga frå Manuskript- og librarsamlinga ved Universitetsbiblioteket i Bergen er ei av dei største i Noreg og blir ein av berebjelkane i jubileumsutstillinga ved Bryggens museum. I løpet av dette året vil Universitetsbiblioteket presentere nokre av diploma i ein diplomkalender.

Landslova regulerer livet på landet

Teksten i diplomet frå Hardanger er ei flott oppsummering av kva Landslova først og fremst regulerer, nemleg livet på landet. Her les vi om ein eigedom det er knytt jakt- og fiskerettar til, og vi kan lese om kva garden inneheld av bygg og eigedom: stove, kjellar, buer og tun.
Landsleibolken definerer frå dei aller første kapitla alt som har å gjere med leilendingane sin bustad, kapittel 47 til 51 regulerer fiskeri, og kapitla 52, 58, 59 og 60 ulike aspekt ved jakt.

Diplomet frå Hardanger er også eit vakkert døme på kunsten å lage manuskript i mellomalderen. Alt frå måten skinnet er førebudd som skriveoverflate, kutta for dei tre reimane med vokssegla som framleis heng ved, til falding av diplomet slik at det raude bumerket på baksida blir synleg, er flott representerte i dette brevet.

Diplomet er laga på Bråvoll i Ullensvang kommune i Hordaland, og er stadfesta med segl av to personar: Magnus Atzorson og Peter Thoreson, og dessutan hovudaktøren i brevet, Ivar Erikson, som frigjer Halvard Thorgeirson frå dei to og halvt månadsmatsbol han måtte betale for garden Oppheim i Odda sokn.

foto av gammalt dokument
ANNO 1408: Dette diplomet er datert 27. november 1408 på Bråvoll i Ullensvang kommune i gamle Hordaland. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)
foto av gammelt dokument
BAKSIDE: Bakside av diplom datert 27. november 1408 på Bråvoll i Ullensvang kommune i gamle Hordaland. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)



Eit spesielt vakkert diplom

Diplomet vi no skal sjå nærare på er frå perioden etter 1570, altså det som vert rekna som slutten av mellomalderen – men, diplomet er framleis innanfor den 400 år lange perioden der Landslova var gjeldande som riksdekkjande kodifisering av lovverket. Diplomet er datert 13. november 1623, og kunngjer at sju menn sel jorda si i Indre Dale til Laurits Gregorssøn på Dale. Også bror til Laurits sel alle eigedomane sine til han. Dermed må Laurits ha vorte ein av dei mektigaste mennene i området. 
Slike sal blir beskrivne i det fjerde kapittelet i odelsbolken og i det 18. kapittelet i kjøpebolken. Seks personar til er involverte i utferding av dette diplomet, dei seks er lagrettemenn i Nordal skipreide som vart bedne om å stadfeste brevet. Dessverre er ingen av segla bevarte, men diplomet er ein spesielt vakker gjenstand: legg merke til det skinnande, nesten gjennomsiktige pergamentsskinnet.

foto av gammelt dokument
VAKKERT: Diplomet frå Stranda i Sunnmøre er datert 13. november 1623. Dessverre er ingen av segla bevarte, men diplomet er vakkert med sitt skinande, nesten gjennomsiktige pergamentskinn. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

 

Utstilling på Aasentunet

Diplomet kjem frå Stranda i Sunnmøre og er ikkje tilfeldig valt ut. Den 13. november vil Manuskript- og librarsamlingen ved Universitetsbiblioteket i Bergen i fagleg samarbeid med Aasentunet stille ut dei eldste av mellomalderdiploma frå Volda-området. Også dette diplomet har kome til UiB som ein arv frå innsamlingsaktivitetane til Bergen museum sine grunnleggjarar. Du kan lese meir om diploma frå Volda på marcus.uib.no 

Vi håpar på eit tettare samarbeid med institusjonar på Sunnmøre i tida framover, om ulike samlingar med felles tema og interesse, men som blir forvalta på kvar sin kant. Les meir om utstillinga på hivolda.no

foto av gammelt dokument
BAKSIDE: Diplomet frå 1623 er endå meir skinande på baksida. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

Forlik i diploma

Eit diplom datert den 10. oktober 1415 på Måge i Hardanger handlar om eit tema som ofte går att i diploma: forlik. Etter Orm Isakssøn sin død, kjem son hans, Viking Ormsøn, i forlik med ein tredje mann, Aslak Sigurdssøn, om eigedommar som både Viking og Aslak hadde krav på.
Ikkje færre enn 35 diplom i Universitetsbiblioteket i Bergen sine Spesialsamlingar handlar om forlik. Seks av desse blir daterte til mellomalderen (før 1570) og 26 i perioden til då Landslova var gjeldande (før 1687). Faktisk handlar det eldste diplomet vårt, Aga- eller Bleiediplomet om eit forlik rundt grensene mellom to gardar. 

foto av gammelt dokument
FORLIK: Diplomet er datert 10. oktober 1415 og stadfestar eit forlik mellom Viking Ormsøn og Aslak Sigurdssøn om arven etter Orm Isakssøn i Ullensvang kommune i Hardanger. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

Så, kva er då spesielt med diplomet frå 1415?
 
Den eigentlege interessa ligg i plasseringa av segla. Dei to vitna sine segl vart ikkje plasserte i midten slik vi er vant til å sjå dei, men på den venstre halvdelen av diplomet. Dette er ikkje det einaste diplomet som viser ein slik praksis. Vi har også eit døme frå 1300-talet, og eit frå 1400-talet.

Vår tanke er at dette kan vere på grunn av måten diplomet vart folda på, det vil seie at når diplomet vart bretta, kunne ein sjå alle segla sentrerte (sjå bilete under for eit flott døme). Ei anna forklaring kan vere måten ein heldt og las slike diplom, anten ved å støtte alle segla med den venstre handa, eller ved å halde samtidig på to motsette hjørne (truleg nede-høgre og oppe-venstre).
Det er verd å notere at vi ikkje finn nokon døme med segla plasserte på den høgre halvdelen av diplomet. Slike observasjonar av materialiteten kan vere eit steg på vegen i forskingsarbeid som ser på proveniens basert på fysiske likskapstrekk.

foto av gamalt dokument med segl.
SEGL I MIDTEN: Attest for apotekarlærlingen Ludvig Ulrik Dynner, som i fem år har lært farmasi hos Johan Christoph Reinøhl, apoteker i Stuttgart, og som no vil reise ut i verda. Brevet er datert 2. april 1705 og er skrive på latin. Segl i trekapsel med raude silkeband heng ved. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

"Moderne" diplom med segl i kapslar

Diplomet frå Fitjar i Sunnhordland kjem frå ein periode som konvensjonelt sett ligg utanfor det som blir rekna som mellomalderen: diplomet er datert i 1643. Vi veit sjølvsagt at Landslova var gyldig i 400 år, og meir eksakt fram til Christian V gav ut sine norske lover i 1687 som erstatta Landslova. Det vil seie at saka i dette diplomet vart vurdert på grunnlag av Landslova – og ho handla om salet av ein odel: Mogens Åsmundssøn Thislevoll, husmann Johannes Åsmundssøn på Nordfonno, og husmann Jon Åsmundssøn på vegner av Anna Åsmundsdatter, som alle budde i Våge skipreide i Sunnhordaland, selde til Knut Thislevoll og hustrua hans Anna Olsdatter deira odelspart i garden Tislevoll for 24 riksdalar. 

foto av gammelt dokument
SKJØTE ANNO 1643: Mogens Åmundsssøn Tislevoll, husmann Johannes Åsmundssøn på Nordfonno, og husmann Jon Åmundssøn på vegne av Anna Åsmundsdatter, samtlege busett i Våge skipreide i Sunnhordland, har seld deira odelspart i garden Tislevoll til Knut Tistevoll og hans hustru Anna Olsdatter for 24 riksdalar. Diplomet er datert 25. september 1643. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

Sjølv om kjøparen er i den same slekta som den første seljaren (begge frå familien Thislevoll), handlar saka sannsynlegvis ikkje om eit odelsskifte som berre kunne finne stad innanfor ættegreina, ifølgje det første kapittelet i Odelsbolken, men om eit sal av odelsjord som er beskriven i det fjerde kapittelet i Odelsbolken. Kanskje fordi odelen tilhøyrde Åmundssøns side av familien? Eller fordi han tilhøyrde Åsmundssønnene? Vanskeleg å vite. I alle fall burde salet, ifølgje det fjerde kapittelet I Odelsbolken, finne stad når sysselmannen var på tinget. I denne samanhengen er det interessant at det på baksida av diplomet er skriven at det vart tinglese den 26. september 1645. Det vil seie at dette salet vart diskutert to år seinare, sikkert på same tidspunktet som sysselmannen var i Sunnhordaland for hausttinget.

foto av gammelt dokument
SKRIBLERIER PÅ BAKSIDA: På baksida av diplomet er det notert at salet vart tinglese den 26. september 1645. Det vil seie at dette salet vart diskutert to år seinare, truleg på same tidspunkt som sysselmannen var i Sunnhordland for haust-tinget. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

Vi veit også at mykje vart endra dei fire hundreåra Landslova var gjeldande, mellom anna alle rettarbøtene som vart lagt til Magnus Håkonssons landslov frå 1274. Andre ting som vart endra var ikkje knytt til sjølve lovgivinga, men til den teknologiske utviklinga, t.d. introduksjonen av papir, eller korleis bruken av segl på diploma endra seg. Dagens diplom er eit flott døme på korleis segla på 1600-talet tok ei ny form, dei vart nemleg plasserte inni ein liten kapsel.

foto av gammelt dokument med seglt
DANSK MOTE: Segl i kapslar må vere ein mote som kom frå Danmark på 1600-talet, sidan Noreg var under dansk styre i denne epoken. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

I Diplomsamlinga hos Spesialsamlingene til UiB har vi 115 døme på diplom med segl i kapslar, og som oftast var kapslane laga av tre. Det eldste diplomet er datert 1609, seks er datert på 1700-talet og to på 1800-talet. Dette må vere ein mote som kom frå Danmark sidan Noreg var under dansk styre i denne epoken. Vi har forresten fire døme på diplom med kapslar som kjem frå København (1653 og 1662, 1664, 1665, 1721). Koplinga til kontinentet blir vist ved at vi også har tre diplom med segl i kapslar som kjem frå Tyskland og eitt frå Austerrike: blant dei få vi har frå 1700- og 1800- talet.

Klostervesenet i seinmellomalderen

Eit diplom som kastar lys over klostervesenet i seinmellomalderen, er stadfestinga av at Trogels Amundssøn, abbed på Utstein (nord for Stavanger), sel garden til klosteret Kokshus i Stavanger til lagmannen Nikolas Klaussøn. Årsaka til salet var naud og tap, «og ikkje for mi skuld eller beste» som abbeden seier i teksten til diplomet. Audmjukskap har vore eit kjenneteikn for munkar og nonner over heile den kristne verda, så Trogels inngår med denne frasa i ein lang tradisjon av klosteretikk.

Det som skjer på Utsteinklosteret på 1500-talet er ikkje unikt. Klostervesenet i Noreg vart hardt ramma av svartedauden på 1300-talet og få kloster klarte seg – eit døme er Munkeliv i Bergen, som vart ein del av Birgittinerordenen. Utstein kloster hadde også fått lide i 1515, då den dåverande abbeden Henrik hamna i strid med biskopen i Stavanger og klosteret vart angripe. Forholdet mellom kyrkje- og klostervesenet var ikkje alltid så bra som ein gjerne burde forvente. Nokre få år etter at abbed Trogels selde garden Kokshus til lagmann Klaussøn, stengde klosteret med reformasjonen i 1537. Alle eigedommane til den katolske kyrkja i Noreg vart lagt under den danske kongen.

«med mine brørs råd og samtykke»

Når vart diplomet skrive? Det er litt vanskelegare å bestemme ut frå sjølve teksten, sidan skrifta er nokså vanskeleg å lese der årstal står. Men sidan vi veit at Nils Klaussøn vart lagmann først i 1529, blir datoen tolka som «dagen nest etter heilagt kors dag om hausten anno domini MDXXX», det vil seie den 15. september 1530. Rett før denne setninga les vi at abbeden stadfesta autentisiteten og sanninga i dokumentet ved å henge på «conventis sigilium», dvs. seglet til klosteret, som dessverre ikkje er bevart. Det står og at han skreiv dette brevet «med mine brørs råd og samtykke». Abbeden var ikkje eigar av garden, men opererte på vegner av klostersamfunnet på Utstein. At dette salet var underlagt dei same reglane som om seljaren skulle vore ein vanleg person, var eit resultat av Landslova, og ikkje ein moderne post-reformatorisk utvikling.

foto av gamalt dokument, eit diplom
SAL AV KLOSTERGARD: Diplomet er datert 15. september 1530 og stadfestar at Trogels Amundssøn, abbed på Utstein, sel klosteret sin gard Kokshus i Stavanger til Nikolas Klaussøn. Årsaka til salet er naud og tap. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

 

Diplom stadfesta av kong Håkon VI Magnusson

Diplomet vi skal sjå nærare på er datert "søndagen før marimesse, i vårt rikes åttende år». Om ein hadde spurt allmenta om når marimesse vart feira, ville ein fått til svar at det anten var den 25. mars (Maria sitt varsel) eller den 15. august (Maria sin himmelfart). Men det finst også ei tredje marimesse, nemleg den 8. september, når Maria sin fødselsdag blir feira. I dette diplomet er det denne feiringa det er snakk om.

For å vite kva dato søndagen før Marimesse var, treng ein å vite kva år det er snakk om. Som sagt, nemner teksten til diplomet at «dette brevet vart gjort … i vårt rikes åttende år». I opningssetninga blir det dessutan nemnt at brevet vart sendt av «Håkon, som med Guds nåde er Noreg og Sverige sin konge», det vil seie kong Håkon VI Magnusson, konge av Noreg mellom 1355 og 1380, og dessutan konge av Sverige i perioden 1362-1364. Det var med andre ord i det første året av Håkon sitt styre over begge land at dette diplomet vart laga, nemleg den 4. september 1362.

foto av gamalt dokument
KONGEN: I dette diplomet datert 4. september 1362 i Bergen stadfestar kong Håkon Magnusson to eldre brev som gjeld garden Byre i Stavanger. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)


Diplomet ber dessutan spor etter eit segl, som dessverre er tapt i dag. Sidan det er kongen som utskriv brevet, er det naturleg at det var seglet hans som hang på. Men teksten i diplomet blir avslutta med følgjande setning: «Vår kanseller herre  Peter Eiriksson, stadfesta brevet med segl». Ville det seie at det var Peter Eiriksson sitt segl som vart brukt? Svaret er nei, fordi rolla til kanslaren var nettopp å oppbevare seglet til kongen. Det var i Mannhelgebolken i Landslova at autoriteten til «brevet og seglet til kongen» vart understreka.  Det var ubotamål – utilgiveleg – å drepe ein som bar eller verna brevet og seglet til kongen. Og å forfalske brevet og seglet til kongen var også eit utilgiveleg brotsverk. 

Så, med dette diplomet stadfesta Kong Håkon VI Magnusson to eldre diplom rundt garden Byre i Stavanger (det eine stadfesta av ingen mindre enn biskopen i Stavanger), og forbyr dermed alle å hindre brørne Arnbjørnssønner, Bjørn på Byre og Amund på Aga, i å bruke garden. Og som om det ikkje var nok med klausulane i Mannhelgebolken, blir det lagt til i brevet at dei som går imot det som er styrkt med dette diplomet «vil kjenne den absolutte vreiden vår». Kongen si makt var over lova, også etter Landslova vart vedteke i 1274.

Sjå diplomet på marcus.uib.no

Spor av saksgangen hos styresmaktene

Den 5. august 1631 skriv Peder Anderssøn på Ytre-Eide i Stryn i Innvik prestegjeld ein supplikasjon til kongen om ein jordpart farfaren hans hadde gjeve som gåve til frilledotter si (med sin son sitt samtykke), og som no dotter hennar har overteke. Han spør kongen om ho ikkje dermed fortrengjer han, det fattige barnebarnet, og om gåva framleis bør stå ved makt.
17 dagar seinare, den 22. august 1631, vart supplikasjonen sendt vidare av kommissærane til kongen for å bli prosedert på heimetinget.

foto av dokument
ANNO 1631: Dokumentet er datert 5. august 1631. Innhaldet er ein supplikasjon til kongen frå Peder Anderssøn på Ytre-Eide i Stryn i Innvik prestegjeld. Saka gjeld ein jordpart farfaren hans hadde gjeve som gåve til si frilledotter med samtykke frå sonen, og som hennar dotter har overteke. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

Med dette diplomet vil vi vise til ein annan type kontinuerleg bruk av diplom, slik vi tidlegare har sett med mellomalderske vidissar eller tidlegmoderne avskrifter. Diplom er også kalla brev, og her har vi eit godt døme på eit brev som er sendt til kongen, og som er svart på av dei lokale kommissærane hans. Dette skjedde truleg utan at brevet nokosinne var i København, der Christian IV (f. 1577, konge frå 1588 til 1648) styrte Noreg frå.
Slike spor av saksgangen hos styresmaktene som er knytt til innhaldet i diploma, har vi i stort tal i diplomsamlinga vår.
Dei er ikkje alltid like detaljerte som den originale teksten i eit gitt diplom, men dei gir likevel viktige opplysningasr om ei sak sitt utfall, sjølv om vi her berre har ei tilvising til heimetinget – det vil seie Gulatinget som opererte i Bergen frå 1300-talet. Det var for øvrig under Christian IV at namnet Gulating vart erstatta med Bergen lagting.

Interessant er det også at diplomet ikkje viser påtrykte segl, som var vanlege ved bruk av papir for slike dokument. Vi veit ikkje årsaka til dette, kanskje det bevarte manuskriptet berre var ein kopi for arkivering?
Men vi veit kva utfallet av saka burde vere: arveretten til frilledøtrene er stadfesta i Landslova sitt arvetal. At Peder Anderssøn er ein fattig mann burde ikkje setje i tvil gyldigheita av gåva som far hans godtok at farfaren gav til frilledottera. Måten eit frillebarn er behandla i Landslova kan sjåast som ganske «progressiv». Viss saka enda med at frilledotterdottera hjelpte den fattige ektefødde sonesonen, la oss då håpe at det var ut av miskunn og ikkje på grunn av endringa i lova dei siste åra, då Landslova vart gjeldande for heile Noreg.

foto av dokument
BREV TIL KONGEN: Diplom er også kalla brev, og her har vi eit godt døme på eit brev som er sendt til kongen og som er svart på av dei lokale kommissærane hans. Diplomet viser ikkje påtrykte segl, som var vanlege ved bruk av papir for slike dokument. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

Avskrifter som tek vare på kulturarven

I dei ulike diplomsamlingane rundt omkring i verda finst det referansar til diplom som ikkje er bevarte lengre. I diplomkalenderen er det eit døme på ein såkalla vidisse, det vil seie at nokon på eit tidspunkt hadde sett eit diplom og kopiert innhaldet ordrett. Mange slike vidissar stammar frå mellomalderen og den tidleg moderne epoken. Men det finst også avskrifter i mykje seinare manuskript og som dessutan ikkje nødvendigvis hadde andre formål enn å nettopp bevare kulturarven. Dette er tilfelle med papiravskrifta frå ca. 1830 som vi skal sjå nærare på no.
Det originale dokumentet handla om ei sak mellom Margrethe Ivarsdotter og Torleiv Benkestokk. Margrete klaga over at Torleiv hadde teke landskylda hennar av Sebjørntun og Ytstetun i Rønnøy i Gaupne (Luster). Ho la fram eit stadfesta «Doms brev» som viste at ho hadde retten til godset, og vann dermed saka. Det er ikkje første gong vi ser at ei kvinne vann ein rettsak i mellomalderen, heller ikkje praksisen med at tidlegare dokument vart lagde fram for å bevise sanninga på rettsleg vis. Men slike gjentakingar viser nettopp korleis Landslova endra det norske samfunnet i dei 400 åra som lova var gjeldande.
Tilbake til avskrifta: Sjølv om det ikkje finst noko årsak til å tvile på autentisiteten av diplomet avskrifta er ein kopi av, må det nemnast at referansen til det originale diplomet med innhald ikkje er teken med i Diplomatarium Norvegicum, det viktigaste verktøyet for å studere diploma frå den norske mellomalderen (dvs. fram til år 1570). Det betyr at slike avskrifter frå 1700- og 1800-talet, då nordmenn aktivt studerte og forvalta kulturminne og kulturarv kan innehalde ukjende skattar som kan utvide kunnskapen vår om fortida.
Sist, men ikkje minst nokre ord om sjølve datoen på det originale diplomet: Ifølgje avskrifta er brevet datert «måndagen nest etter Tiburtii». Den mest kjende Tiburtius-messedagen er 14. april. Ein annan Tiburtius vart feira 11. august; måndagen deretter ville vere 15. august.

Du finn transkribert avskrift av diplomet på marcus.uib.no

Rådmannen som pansette på Sankthans

Diplomet frå 1452 omhandlar ei pantsetjing som ein mann gav som gåve til Gudrun Jonsdatter. Det var ikkje kva som helst mann: Han heitte Holte Thoressøn og var rådmann i Bergen på 1400-talet, det vil seie medlem av rådet som styrte byen. Dessutan blir Gudrun Jonsdatter kalla for hustru, noko som betyr at ho også tilhøyrde aristokratiet. 
Fire menn er vitne til diplomet som stadfestar pantsetjinga, tre var lagrettemenn og ein var frå hirda til kongen. Her er vi i det øvste sjiktet i det norske samfunnet i mellomalderen.
Jorda som vart pantsett var ikkje uvesentleg heller, sidan Holte måtte gi 8 markar gull for å innløyse jorda som vart verdsett til ikkje mindre enn 18 laupar. Pantsetjing er diskutert i Landslova i Odelsbolken, kap. 11, men også i Kjøpebolken, kap. 20, men den siste passasjen angår ting, såkalla handelsvarer, og ikkje jord.

Det som likevel må understrekast for dette diplomet er sjølve datoen: den 24. juni 1452 er det akkurat 173 år sidan dagen Landslova vart vedteken på Gulatinget. Som det blir sagt i Landslova sin epilog (frå omsetjinga av Jo Rune Ugulen Kristiansen): «Denne boka vart vedteken som lov på Gulatinget jonsokdagen, då det var gått 1274 år frå vår her Jesu Kristi fødsel, i det ellevte styringsåret til kong Magnus». Jonsokdagen er det same som Jonsmesse eller Sankthans, samtidig som vi her i Norden feirar midtsommar.
Dermed gir dette diplomet eit gyllent høve til å ønskje gratulerer med dagen til Landslova, og god sommar til alle saman!

EIGEDOM I STRANDEBARM: Kongens hirdmann Englike Jenssøn og tre lagrettemenn i Sogn stadfestar at Holte Toressøn med samtykke frå barna sette eigedomen i pant til hustru Gudrun Jonsdatter. Prisen var 8 mark gull 18 laupar. Eigedomen låg i Oma i Strandebarm i Hardanger. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)
EIGEDOM I STRANDEBARM: Kongens hirdmann Englike Jenssøn og tre lagrettemenn i Sogn stadfestar at Holte Toressøn med samtykke frå barna sette eigedomen i pant til hustru Gudrun Jonsdatter. Prisen var 8 mark gull 18 laupar. Eigedomen låg i Oma i Strandebarm i Hardanger. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

 

Ein åttandedel av ein eplehage i Hardanger

Eit diplom frå Hardanger  er datert 14. juni 1449, eller laurdagen før "Botolfs veke", det vil seie veka som fell rundt den 17. juni. Det var namnedag til den engelske helgenen Botolf, som også vart æra i Noreg. 
Diplomet omhandlar sal av eit jordstykke, som så ofte i diploma våre. Men dette jordstykket er ikkje kva som helst: det er ein åttandedel av ein eplehage i Hardanger, ein av dei beste stadene i verda for epleproduksjon! 
Seljarar var brørne Birger og Halle Eindridssønner, og dei må ha vore viktige produsentar i regionen. Når det gjeld kjøparen, det er vanskeleg å seie om det var viktig for han å eige denne åttandedelen. Namnet hans kan tyde på at dette er ein person med ikkje den mest privilegerte bakgrunnen, og som kanskje burde vere fornøgd med avtalen som diplomet er vitne til. Kjøparen heitte nemleg Silvester Vikingssønn, det vil seie son av ein sjørøvar eller pirat, som det står om ordet "viking" i Landslova.
I Noreg er det i dag liten fare for at du treff på «vikingar» om du tek ein båt langs kysten og inn i fjordane, men det er framleis mogleg å kjøpe eit smakfullt eple frå Hardanger!

foto av gamalt dokument av dyreksinn
SELDE PARSELL AV EPLEHAGE: Den 14. juni 1449 gjer to menn på Hovland i Hardanger det kjent at brørne Birger og Halle Eindridssønner selde ein åttandedel av ein eplehage til Silvester Vikingssøn. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

Geirlaug Sveinsdatter sin odelsrett

Diplomet vi no skal sjå nærare på blir datert i ein epoke der reformasjonen har kome til Noreg. Dermed ber det første vitnet, John Guttormmsenn, tittelen «Superindendent», som prøvde å erstatte tittelen biskop, utan suksess. 
Tittelen «vepner» som blir boren av det andre vitnet, Trond Iffuiirssenn, viser til ein adeleg ung mann som enno ikkje har nådd riddartittelen. Tittelen dukkar opp i skriftlege kjelder med denne forma på 1400-talet. Det er berre den tredje tittelen som minner oss på at vi er i Noreg, der rettslege praksisar framleis blir regulerte av Landslova: Laurentz Hanssen var lagmann i Stavanger.

foto av gamalt dokument
ODELSRETT: Diplomet datert 5. juni 1554 frå Stavanger stadfestar Geirlaug Sveinsdatter sin odelsrett til garden Vaule i Ask skipreide. Vi kan aldri understreke nok korleis Landslova betra tilhøva for kvinner og gav dei fleire rettar enn dei hadde før. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)


Innhaldet i diplomet er ganske vanleg for jordeigedomsforholda i Noreg i mellomalderen, og i tillegg innanfor Landslova sitt lovverk. Det omhandlar ei kvinne sin odelsrett til garden Vaule i Ask skipreide. Denne kvinna var Geirlaug Sveinsdatter, som i diplomet vårt var tilkjent retten til gjenløysing av jorda si, som mannen hennar tidlegare hadde selt til ein kannik i Stavanger. Det er ganske imponerande at det ikkje er mindre enn tre diplom til, frå 1521, 1537 og 1558, som omhandla ein annan gard (nemleg Aske) som Geirlaug hadde som odel. Ho var sikkert ei mektig og rik kvinne, og vi kan aldri understreke nok korleis Landslova gav kvinner ein betre situasjon og fleire rettar enn dei hadde før.

Diplomet er datert på den følgjande måten: «anno domini mdliiij tisdagenn nest epter anda søndag epter trinitatis» eller «AD 1554, på den første tysdagen etter den andre søndagen etter treeiningshetssøndag», det vil seie den første søndagen etter pinsesøndagen.
 
Det finst ulike digitale verktøy for å finne fram til datoar i fortida. Eitt av dei er  aulis.orgDenne gir den 20. mai som dato for treeiningssøndag. To søndagar seinare var det allereie den 3. juni, og tysdagen som diplomet vart laga på var to dagar seinare, nemleg den 5. juni, som er dato gitt av Diplomatarium Norvegicum, og som sjølvsagt også er brukt i omtalen av diplomet på på marcus.uib.no.

Nøgd seljar takkar for god betaling

Etter reformasjonen kom til Noreg i 1537 vart mykje endra i landet. Året 1537 ser ein på som slutten av mellomalderen, men i røyndafungerer ikkje historia med byrjing og slutt. Alt er eit kontinuum, som vi i etterkant prøver å forstå ved å kutte fortida opp i små, meir begripelege, einingar.

Slik var det også med Landslova, eit viktig element frå mellomalderen i Noreg som heldt fram med å vere gjeldande etter 1537, eigentleg opp til 1687 då han vart erstatta av Kong Christian Vs Norske Lov. Men allereie i 1604 vart Landslova omsett til dansk til det som i dag blir kalla Christian IVs Norske Lov.

Derfor skal vi sjå på eit vakkert diplom datert i 1622 der reglane vart sett av Magnus Lagabøte 400 år tidlegare. Berre språket har endra seg, også i teksten til diplomet. Det karakteristiske opningsutrykket «Alle menn som ser eller høyrer dette brevet» finst ikkje lengre. Og enkja Ahlheitt Pedersdatter som er protagonisten kan takke for god betaling.

Foto av gamalt dokument
NØGD SELJAR: Ahlheitt Pedersdatter, enkje etter bokbindar Jesper Tillemand i Bergen, kunngjer den 22. mai 1622 at ho har selt grunn på Hollenderstredet til Sande Tommessøn Floss og hustrua hans Anne Pedersdatter. I diplomet takkar ho for god betaling. Henrik Hoffnagel og Henrik Ferhus, borgarar i Bergen, stadfestar brevet, og segla deira er bevarte. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

Ho hadde nettopp selt ein grunn med eldhus som låg i Hollenderstredet til ein Sande Tommesson Floss og hustrua hans Anne Pedersdatter – truleg søster til enkja. Om det var odel på denne grunnen vart han i familien etter salet. To borgarar i Bergen stadfesta diplomet, og vi er så heldige at segla er bevarte.

Ein siste detalj er verd å nemne: Ahlheitt sin avdøde mann var ein bokbindar. Familien deira er eit bevis på den kulturelle utviklinga i Bergen, der det også var behov for bokbindarar.

Landslova regulerte kjøp og sal for heile riket

Den norske økonomien i mellomalderen var primært basert på handel av råvarer. Det skapte eit stort behov hos myndigheitene for å regulere kjøp og sal av varer. Desse reguleringane vert skildra i detalj i Kjøpebolken, den 8. bolken i Landslova. Den handlar også om kjøp og sal av eigedom og tenester. At ting gjekk som det skulle, vart kontrollert ved å ha eitt system for mål og vekt. Det var Magnus Lagabøte med si landslov som innførte standardiserte måle- og vekteiningar som skulle gjelde for heile riket. At han også gjennomførte ein reform av myntvesenet, var berre den andre sida av mynten (pun intended).

bilete av gamalt dokument på dyreskinn
GOD ATTEST: Dette diplom datert 13. mai 1398 frå Tokheim i Odda stadfestar ved to vitne at Simeon Eirikssøn aldri har gjort falsk handel ved sal av tønner med kjøt. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

 

Kva skjedde dersom ein handelsmann ikkje respekterte desse reglane? Dette vert skildra både i Kjøpebolken og i den 9. bolken i Landslova, nemleg Tjuvebolken. Spesielt angåande forfalsking av myntar, er det viktig å understreke at denne gjerninga vert skrildra som ubotamål (lovbrot som ikkje kunne sonast med bøter) i Mannhelgebolken! Heldigvis var ikkje det tilfelle med saka som diplomet frå 1398 handlar om: To menn utferdar vitnesbyrd på at Simeon Eiriksson aldri har gjort falsk handel ved sal av tønner med kjøt. Det vil seie at Simeon hadde respektert måleeiningane då han laga sine tønner, og at kjøttmenga var som den skulle. Men, kvaliteten på kjøtet står det ingenting om …

Seglet etter vitne Arne Borgharsson


Diplomet utferda i Jondal i Hardanger 9. mai 1442 stadfestar Orm Trondssøn sine rettar på ein gard han fekk eigarskap til gjennom kona si medgift. Saka er dessutan behandla av seks svorne menn, noko som i følgje Landslova er vanleg praksis i slike saker. Dei to partane støttar deira sak med både vitne og eldre dokument, og til slutt kjem dei til avtale med eit handslag som var legalt bindande.

foto av gamalt dokument
BEVARTE SEGL: Diplomet er utferda i Jondal i Hardanger den 9. mai 1442, og omhandlar ein tomt i garden Torljotsvik. Tre segl av i alt seks er framleis intakte. Seglet i midten tilhøyrer vitne Arne Borgharsson (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB).



Det mest interessante ved dette diplomet er praksisen med å feste segl på diplomet for å bevitne sanninga. Dette er nesten alltid skildra på slutten av diplomet, men sjølve segla er sjeldan bevarte, då dei lett vert øydelagde. Det er også vanskeleg å kjenne att kven eit segl høyrer til, sjølv om vi veit namna til vitna frå teksten i diplomet. Dette diplomet byr på eit unntak. Vi kan nemleg kjenne att seglet i midten (segl fire av seks). Det tilhøyrer det førstnemnde vitnet i diplomet, Arne Borgharsson. Det seier også noko om at monteringa av desse segla ikkje nødvendigvis speglar rekkefølga av namna i diplomet.

 

Gardssal «y Myster sogen» 

Dette vakre diplomet vart utferda i Bergen den 30. april 1553. Den dagen i 1553 var «søndag cantate» som det står i sjølve diplomet. Det vil seie den fjerde påskesøndagen, som i år landa på den 28. april. Det er difor nesten eit dobbelt kalendertreff med dette diplomet! 

Den fjerde påskesøndagen i 1553 bestemte Hendrick Oelsszenn seg for å selje jord som tilhøyrde kona, Doritte Laurisdatter. Ho hadde arva jord frå sin familie og godkjenner at mannen hennar sel jorda til søstera, berre nemnt som «kona til Torsten Olszzen». 

Sjølv om det ikkje er nemnt eksplisitt som ein odel, kan det godt tenkast at det var odelsrett på jorda som vert seld, og at valet på søstera siktar til å behalde odelen i familien til Doritte. Det er interessant at etternamnet til Torsten nesten er det same som Hendrick sitt, men det er ikkje mogleg å vite om dei var brør. 

foto av gamalt dokument
SAL AV EIGEDOM I SUNNHORDLAND: Dette diplomet stadfestar at Henrik Olssøn og hans hustru Dorethe Lauritsdatter sel til Torsten Olssøn og hans hustru, ei søster av Dorethe. Dei selde halvgarden Børøya i Moster sokn og ein ødegard på Bremnes, begge i Sunnhordland, og mottok betaling for dette. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

Sjølv om Landslova betra kvinner sin situasjon og arverett , ser vi gjennom dette diplomet 200 år seinare at mannen sin plass i samfunnet framleis er sterkare og meir avgjerande . 

På den andre sida er Hendrick audmjuk i forhold til sin stand: han «er icke sielff laugrettismand», difor treng han to rådmenn som vitne i brevet, samt sjølve borgarmeisteren i Bergen. Kanskje desse familiane var viktige i Bergensområdet.  

Eigedomen dei sel ligg i Sunnhordland, meir presist «y Myster sogen», det vil seie i Moster sokn: Staden der ein i år feirar det andre lovrelaterte jubileet, nemleg innføringa av kristenretten på Moster i 1024. 

Vitnar først 60 år etter hendinga 


Diplomet datert den 25. april 1346 handlar om ei sak som veldig ofte er hovudtema i diploma frå mellomalderen: Utveksling av jordeigedom. Vanlegvis les vi om sal eller leige, men denne gongen er ein del av ein gard donert frå ein mor (Ragna Torsteinsdatter) til sonen (Eilif Helgesson). Anledninga var at sonen fridde til Sigrid Aslaksdatter. Det er vanskeleg å vite om dette var vanleg praksis, men ein kan tenke seg at mor ville utstyre sonen med eigedom, anten fordi han ikkje eigde noko frå før, eller fordi det var sonen sin «tilgave», det som i dag vert kalla morgongåve eller benkegåve. «Tilgave» er nemnt 13 gongar i Arvetalet - bolken om arv og rettar i Landslova.

Men det er ein ting til som er verd å merke seg med dette diplomet: Dei to vitna, Asskæll Æilifzson og Ærlingr Æindriðason, «gir ed at Ragna faktisk ga gaven til Eilif» for … 60 år sidan! Det vil seie at Asskæll og Ærlingr vitnar først 60 år etter hendinga at dei den gongen høyrde Ragna Torsteinsdatter gi sonen sin Eilif Helgesson ein teig i garden Bergven i Ullensvang sokn då han fridde til Sigrid Aslaksdatter i Ose. Dei er minst 80 år då dei vitnar i 1346, og det same er truleg Eilif og kona hans Sigrid. 

foto av gamalt dokument
GJENBRUK: Det var dei to vitna sine segl som skulle henge frå reimane på diplomet. Sjølv om desse segla no er borte, gir reimane verdfulle opplysningar. Ut frå bokstavene som framleis kan sjåast på reimane, har dei blitt laga av eit eldre dokument. Kanskje eit tidlegare diplom, eller lovmanuskript? (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)


Det er vanskeleg å vite kva som er årsaka til at denne donasjonen måtte stadfestast med to vitne to generasjonar seinare, men hypotesen om at den arva garden vart gjeve som «tilgave» til Sigrid sin familie, kan vere ei forklaring. Sigrid var blitt 60 år eldre, og kunne ha vore død i 1346, og dermed burde «tilgaven» bli returnert til mannen hennar – slik det står i Landslova, Arvetalet kap. 3. Kanskje visste ikkje den attlevande familien til Sigrid at garden var ei «tilgave» og kravde den tilbake, noko dei hadde rett til å gjere med medgift. Diplomet stadfestar Eilif sine rettar over den delen av garden som mora hans hadde donert i 1286.

 

Sudan-samlinga: unike kjelder til Sudan sin historie

Diplom er ikkje eit norsk fenomen. Handskrivne aktstykke finst på tvers av kulturar i alle verdshjørne. Dei viser korleis det gjeldande lovverket i eit land vart praktisert. Og frekvensen av kvar sak som diploma handlar om speglar ulike tema som eit gitt samfunn var opptekne av. Til dømes var Landsleiebolken den lengste i Landslova akkurat fordi Landslova prøvde å regulere livet til bøndene på landet, den dominerande livsstilen og næringa i Noreg.

Eit viktig tema i Landsleiebolken var grensemarkering og konfliktar rundt desse (sjå til dømes kap. 28 og 40). Dette diplomet handlar også om ein konflikt mellom naboane, men det kjem frå langt sør for Noreg og blir datert på 1800-talet. Dette er ein av skattane som blir forvalta i Sudan-samlinga ved Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen.

foto av utanlandsk dokument
SUDANSAMLINGA: Som dei fleste av dokumenta frå Darfur er diplomet er skriven på arabisk med element frå Fur-språket. I dag er dokumentet ein av skattane som blir forvalta i Sudan-samlinga ved Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

Sudan-samlinga inneheld unike kjelder til Sudan sin historie, frå mellomalderen til i dag. Særleg regionen Darfur, vest i Sudan, har vore fokus for forskarane til UiB sitt arbeid i Sudan, frå antropolog Fredrik Barth til historikar Rex Sean O'Fahey.

O'Fahey fotograferte hundrevis av dokument i feltarbeidet sitt i Darfur på 1970-talet, for det meste dokument om landbruk. Desse fotografia er per i dag dei einaste vitna til dei originale manuskripta, som for det meste har gått tapt på grunn av krigen som braut ut i 2003. 20 år seinare har lokale militsar frå Darfur fått for mykje makt, og deira leiar er i borgarkrig mot den sudanske hæren i ein veldig komplisert politisk situasjon som øydelegg infrastrukturen og samfunnet i dei fleste områda i Sudan, men mest i Darfur og hovudstaden Khartoum. Etter fleire år med fred braut den siste krigen ut den 15. april 2023.

Det er nettopp denne triste dagen som denne posten i diplomkalenderen vår markerer. Dagens diplom er datert den 15. april 1815 (omsett frå den arabiske kalenderen; den 5. Jumada I i 1230 AH). Som dei fleste av dokumenta frå Darfur er diplomet skriven på arabisk med element frå Fur-språket.

Diplomet handlar om ein strid mellom ein prins, Aqrab, og ein lokal jurist (faqih Ahmad al-Bukhari). Al-Bukhari klagar på at Aqrab har planta avlinga si i jord som tilhøyrer familien hans. Kanskje det kan høyrast merkeleg ut at prinsen erkjenner si skuld, men ein faqih som Ahmad al-Bukhari hadde stor åndeleg makt i det lokale samfunnet. Avgjerda i dokumentet peikar på ei årsak for denne populariteten: ein faqih var ein rettferdig mann. Så, sjølv om Ahmad al-Bukhari vann saka og fekk landet sitt tilbake, tillét han Aqrab å hauste avlinga si. Alt dette skjedde framfor den lokale kongen (malik) og fleire vitne som signerer dokumentet.

I kontrast til den noverande situasjonen i Sudan, speglar dagens diplom ein epoke der styresmaktene kunne kontrollere lokale konfliktar ved å følgje lova og signere bindande dokument. For dagens markering av at det er eitt år sidan den dramatiske borgarkrigen starta, og framleis går føre seg i Sudan, er dagens diplomkalender eit ønske om lov og rettferd i eit hardt ramma land. Og samtidig ei påminning at Landslova og diploma våre har ein global tilhøyrsle.

Det einaste sporet etter Sæmund 

Diplomet frå Borgund i Møre og Romsdal er datert 8. april 1453. Det inneheld ein tekst på norrønt som beskriv korleis fire menn samla seg ved Peterskirken i Borgund andre påskedag, saman med fleire andre gode menn.
Dei skulle ved skjøn avgjere i ein tvist mellom Sæmund Olafsson og Sigurd Torleifsson etter at Sæmund hadde snakka dårleg om Sigurd i overmot og drukken tilstand. Dei fire mennene tok dommaren si rolle og aksepterte at Sæmund svor på Guds heilage lekam at han ikkje bar ondskap mot Sigurd. Då Sæmund hadde ete i seg orda sine, var Sigurd tilfreds. Dei fire mennene heitte Niclas Asbiornsson, Fridheke Styrkarsson, Eilifwer Jonsson og Einar Thorgylsson, og dei la kvar sitt segl til diplomet. Dessverre er desse segla ikkje bevarte, men hola på pergamentet er framleis synlege.

Foto av dokument
I OVERMOT OG DRUKKEN TILSTAND: I diplomet frå 8. april 1453 gjer fire menn det kjent at Sæmund Olafssøn beit i seg dei orda han i overmot og drukken tilstand hadde sagt om Sigurd Torleifssøn, som dermed var tilfreds. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)


Historien er veldig livleg, og kanskje til og med litt morosam. Men det finst veldig interessante aspekt som er verd nokre kommentarar. Her ser ein ikkje ei rettssak ved tinget, men ved ei kyrkje. Ei slik forsamling er nemnt i Landslova og vert kalla for «kyrkjesognting» (Landsleiebolken, kap. 32). I dette tilfellet skulle kyrkjesogntinget regulerer strida rundt gjerdebrytarar i bøndene sine buskap. I vårt tilfelle regulerte kyrkjeesogntinget i Borgund ein tvist mellom to menn på grunn av fornærming i drukken tilstand. Vi veit ikkje akkurat funksjonen til desse kyrkjesogntinga, men sannsynlegvis var det mindre brotsverk som vart bedømt av vanlege folk som tok opp dommaren si rolle – truleg menn som hadde pondus i lokalsamfunnet.

Slike fornærmingar er vanlegvis skildra i Mannhelgebolken i Landslova. Men der ser vi eit større tal på dommarar som bestemmer om skammelege påstandar (Mannhelgebolken, kap. 24), om baktalarar (Mannhelgebolken kap. 25), eller om nidviser og ærekrenkarar (Mannhelgebolken, kap. 26). I desse sakene svor ein på lovboka, ikkje på Guds heilage lekam, som i tilfellet ved Peterskirken i Borgund. 

Desse punkta viser sikkert at rettssaker ved et kyrkjesognting ikkje var like alvorlege som dei som fann stad i dei ekte tinga. Kanskje var det noko moraliserande med denne openbaringa ved kykja, som gjerninga i drukken tilstand av Sæmund. Det vart til sjuande og sist det einaste  vi i dag veit om han.

Datert fredag før palmesøndag 

Diplomet frå Ringsaker i Hedmark kjem frå ein epoke då Noreg sin konge ikkje var norsk. Diplomet er datert med referanse til det 33. regjeringsåret til kong Eirik av Pommern i Tyskland.

Mor til kong Eirik av Pommern var niese til dronning Margrete, som var gift med Håkon VI Magnusson. Han var knytt til den norske krona via si farmor, dotter av Håkon V Magnusson, som var son til Magnus Lagabøte. Denne dynastiske arverekka forklarar korleis den norske trona vart samla i eitt kongedøme saman med Danmark og Sverige i det som vert kalla Kalmarunionen.

Likevel var Landslova framleis gjeldande i desse åra. I saka som diplomet omhandlar, finn ein direkte referanse i Landslova: To menn gjer kjent at Tord Narvessøn gav avkall på alle rettar over begge Rustad-gardane i Ringsaker som han selde til Narve Ogmundssøn. Avtalen vart stadfesta med handarband, dvs. med eit handtrykk. I kapittel 10 i Kjøpebolken i Landslova er handtrykk anerkjent som ein formell og bindande avtale. 

foto av diplom, dokument av dyreskinn frå mellomalderen
DATERING: Vi kan sjå at referansen til kongen sitt regjeringsår gav det eine dateringspunktet i diplomet: Eirik sitt 33. år var nemleg i 1422. Sjølve datoen, den 3. april, er derimot angitt i diplomet sin tekst som "fredagen før palmesøndag". (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

Vi kan sjå at referansen til kongen sitt regjeringsår gav det eine dateringspunktet i diplomet: Eiriks 33. år var nemleg i 1422. Sjølve datoen, den 3. april, er derimot angitt i diplomet sin tekst som fredagen før palmesøndag. Det er verd å understreke tradisjonen med å datere diplom etter kristne høgtider. Dette var vanleg for epoken før reformasjonen. Tradisjonen stod faktisk så sterk at denne typen datering også vart brukt i post-reformatoriske tider. 

Dette diplomet finst ikkje!

Diplomet frå Stavanger, datert den 24. mars 1330 er ikkje bevart. Det er kun kjent etter ei avskrift som vart laga i Aga i Hardanger den 29. mars 1361, og er i dag bevart hos Manuskript- og librarsamlingen ved Universitetsbibliotekets Spesialsamlinger.

foto av gammelt diplom på pergament (dyreskinn)
ARKIVERT KOPI: Ein vidisse frå Aga datert 29. mars 1361. Dette diplomet er ein kopi av eit brev fra 30 år tidlegare, då Peter Petersson den 24. mars 1330 selde sin odel til søskenbarnet sitt Arnbjørn Ogmunnson. Originaldiplomet vart skrive ned i Stavanger. Vidissen er skrive på pergament og har fem hol til seglreimer, men med kun fire tredd gjennom falden, alle uten segl. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

Slike kopiar finst det mange av. Dei vert kalla for vidisser – det vil seie at dei som produserer kopien har sett og lest det opphavlege diplomet og gjentar diplomet sitt innhald verbatim (ordrett). Kva som var årsaka til at dei trengte ein stadfesta kopi i dette tilfellet, er ikkje kjent.

Saka i diplomet frå Stavanger handlar om sal av odel frå Peter Petersson til søskenbarnet Arnbjørn Ogmunnson. Odel er eigedom som tilhøyrer ein familie eller slekt, der slekta har forkjøpsrett ved eigarskifte. Viktigheita av odelsjord og -rett kjem tydeleg fram ved at det i Landslova finst ein heil bolk dedikert til temaet: den sjette bolken med tittel «Odelsbolken».

Viktigheita av denne saka vert understreka av det faktum at biskop Erik i Stavanger er med og leier vitne i det originale diplomet, men også av at nokon utfordra denne avgjersla heile 31 år seinare! Arkiveringsmetodane i mellomalderen må ha vore formidable, og slike arkiv skal ha hjelpt dei lovkyndige menn som skreiv landslova på Holmen under Kong Magnus Håkonsson.

Les heile teksten på diplomet i norsk omsetting på UiB sine sider

Med direkte referanse til lovboka

Diplomet frå 15. mars 1414 stadfestar ein ny dom i saka mellom Eyvind Kump og Asgaut Sveinungssøn om bruk av ein foss i Heggen skipreide, i tidlegare Viken fylke. Etter 1500-talet vert dette området kalla Eidsberg, der også far til Magnus Lagabøte, kong Håkon Håkonsson (1207-1263), kom frå. 

Ansvaret for dommen låg hos Jon Karlssøn, lagmann i Tønsberg (mindre enn 100 km sørvest for Eidsberg). Tønsberg  var ein svært viktig by i middelalderen. På eit punkt var byen sete til baglarane som kjempa mot kong Sverre, men som til slutt gjekk over til Håkon Håkonsson si side. Tunsberghus, staden der baglerane vart beleira, vart kraftig utbygd under Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøte.

foto av pergament (dokument av skinn)
KRANGEL OM FOSS: Diplomet frå 15. mars 1414 stadfestar ein ny dom i saka mellom Eyvind Kump og Asgaut Sveinungssøn om bruk av ein foss i Heggen skipreide, i tidlegare Viken fylke. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

Før Landslova vart vedteken representerte lagmenn bøndene på Tinget, men dette diplomet stammar frå epoken etter at Landslova vart vedteken som gjeldande for heile riket. På den tida vart lagmenn peika ut av kongen, og deira avgjersler var basert på ordningar i bøkene der Landslova var skrive. Diplomet er faktisk eit av dei få døma der vi har ein direkte referanse til lovboka. Lagmannen nemner at «lagboka» legg til rette for utlegget som Asgaut vart tildømt, nemleg "to og ein halv mark i kosthald", noko som betyr at den dømde betalar bota med mat.

Les meir om diplomet og diplomsamlinga på UiB sine sider

Landvernet i mellomalderen

Diploma frå middelalderen er som oftast datert etter kristne merkedagar og det gjer det mogleg å vite nøyaktig kva dato dei vart utferda. Dermed kan vi for eksempel presentere eit diplom datert den 6. mars 1329. Det vart utferda i Bergen, og med dette diplomet erkjenner myndigheitene i byen at Alfinn i Gjerde og Ogmund Ivarssøn hadde innbrakt leidangen til kongsgarden, beståande av levande og slakta dyr, skinn, smør, malt, korn m.m.

Bilete av gamalt dokument
PROVIANT TIL KONGEN: Dette diplomet frå Bergen er utferda av myndigheitene i byen og er ei stadfesting på at Alfinn i Gjerde og Ogmund Ivarssøn har levert leidang til kongsgarden beståande av levande og slakta dyr, skinn, smør, malt, korn m.m. Diplomet er datert 6. mars 1329. (Foto: Manuskript- og librarsamlingen, UBB)

Landvernet var ei av dei viktigaste pliktene til nordmenn i mellomalderen, og hovudtema i den tredje bolken i Kong Magnus Lagabøtes Landslov. Ifølgje lova kunne den norske kongen krevje innsats med både våpen og proviant for å støtte sine kampar mot fiendar. Denne innsatsen vart kalla for «leidang». Diplomet frå 1329 refererer til leidang som vart kravd av Kong Magnus VII Eriksson (1319-1374). Kongen hadde god bruk for leidangane dei neste ti åra, då han måtte kjempe mot to stormannsopprør.

Les meir om diplomet og diplomsamlinga på UiB sine sider 

Les meir om diplomsamlinga til UiB.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo