teikning av kong magnus som skriv ned Landslova saman med to hjelparar
FOR DEI YNGSTE: Teikneserieskapar Therese G. Eide skal på turné både nord og sør i fylket. Ho vil teikne og fortelje om lova, kongen og tida han levde i. Hovudmålgruppe er barn frå seks til ni år.(Illustrasjon: Therese G. Eide)

Dette kan du vere med på i jubileumsåret

I løpet av landslovjubileet kan du delta på ei rekkje arrangement rundt om i Vestland. Bli med på teatervandring om Magnus Lagabøte i Bergen, eller få med deg historisk seminar på Baroniet i Rosendal, og mykje meir!

Vestland kan presentere eit mangfaldig og rikt jubileumsprogram for alle aldersgrupper. Du kan blant mykje anna delta på mellomalderfestival i Bergen, det vert jubileumsprogram med utgangspunkt i historia om Audun Hugleiksson i Sunnfjord, og litteraturbåten Epos legg ut på Lagabøte-turné i heile fylket.

Det blir konsertar og arrangement m.a. i regi av Festspillene i Bergen i historiske rammer i Rosenkranztårnet, Håkonshallen, Bergen Domkirke og steinkyrkjer i Sogn.

Desember

2. desember: Måndagsføredrag: Landslova og islamsk lov på 1200-talet: Korleis tenke om likskap og ulikskap, ved Eirik Hovden, forskar i arabisk og midtøstenhistorie ved Universitetet i Bergen. I dette føredraget skal vi sjå nærare på islamsk lov i mellomalderen og på nokre interessante likskapar mellom Landslova og islamsk lov. Dette gjeld både generelle prinsipp, forholdet mellom lov og politikk og ikkje minst konkrete lovreglar. Vi snakkar altså om likskapar der vi ikkje har direkte bevis for inspirasjon eller lån, men kor ulike moglegheiter og sannsynlege scenarium kan tenkjast. Stad: Bryggens museum. Arrangør: Bymuseet i Bergen. Meir informasjon på bymuseet.no

4. desember: Rettferd – ei kraft til det beste eller verste for fred og fridom? Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter ynskjer velkomen til foredrag med professor Paul Otto Brunstad. Tema er verdiar, rettferd, tryggleik, menneskeverd og eit demokrati under press. Stad: Steinsalen, Moster Amfi. Arrangør: Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter. For meir informasjon, sjå mosteramfi.no

9. desember: Middelalderforum: Lovreglar i Landslova som ikkje alle var like nøgde med, ved Else Mundal, professor emerita ved Universitetet i Bergen. Stad: Frille og Dyvekes vinkjeller, Bergen. Arrangør: Middelalderklyngen, UiB. Meir info på uib.no 

16. desember: Jul i Lands- og Bylova – Ei juleforteljing om Norge på 1100- og 1200-talet. Julefreden varte frå tomasmesse til heilage tre kongars dag etter Landslova av 1274 og Bylova av 1276. Julefreden gav folk god tid. Tid til å krevja odelsrett eller leiga ny jord, tid til å inngå avtalar om kreditt og pant, eller tid til fest, og dermed tid til fyll, krangel og slagsmål. Jul og julehøgtida er difor ofte nemnt i lovgjevinga til Magnus Lagabøter. Bak dei ulike lovreglane får ein òg auga på eit framveksande norsk statssamfunn, og eit Norge stadig meir integrert i europeisk kultur og åndsliv. Jul i Lands- og Bylova er dermed i både ei forteljing om ei høgtid og om ein ny epoke i norsk historie. Ved Jørn Øyrehagen Sunde, jurist og professor i norsk rettshistorie ved Universitetet i Oslo. Stad: Biblioteket i Bergen, Hop stasjon. Arrangør: Høgskulen på Vestlandet. For meir informasjon, sjå hvl.no

17. desember: Magnus Lagabøtes landslov 1274-2024, ved Lars August Hafting Kvestad frå Høgskulen på Vestlandet. I dette foredraget vil de få høyre om tilhøva då Landslova vart til, og korleis Landslova har vore med på å forma det norske samfunnet fram til i dag. Undervegs vert eldre dokumentasjon bruka til å illustrere korleis lova vart brukt, men også kor annleis nokre delar av det samfunnet lova skulle regulere er samanlikna med i dag. Arrangør: Bergen offentlige bibliotek og HVL. Stad: Ytre Arna bibliotek. For meir informasjon, sjå bergenbibliotek.no

19. desember: Lunsjforedrag: Magnus Lagabøtes landslov 1274-2024, ved Lars August Hafting Kvestad frå Høgskulen på Vestlandet. I dette foredraget vil de få høyre om tilhøva då Landslova vart til, og korleis Landslova har vore med på å forma det norske samfunnet fram til i dag. Undervegs vert eldre dokumentasjon bruka til å illustrere korleis lova vart brukt, men også kor annleis nokre delar av det samfunnet lova skulle regulere er samanlikna med i dag. Arrangør: Bergen offentlige bibliotek og HVL. Stad: Åsane bibliotek, Klubben. For meir informasjon, sjå bergenbibliotek.no

 

 

 

Allereie gjennomførte arrangement

November

4. november: Velkommen til mandagsforedraget "Kong Magnus og erkebiskop Jon – To høvdingar med kvar sitt sverd" ved Anna Elisa Tryti, på Bryggens Museum 4. november kl. 12. Meir informasjon på bymuseet.no

6. november: Landslova 750 år – kva så? ved Pål Berg Svenungsen, førsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet. I 2024 feirar vi at det er 750 år sidan Landslova vart vedteken på Frostatinget. Jubileet feirast med brask og bram av det offentlege Noreg, men kva er det som eigentleg feirast – og er det noko som i det heile er verdt å feira?! I foredraget skal vi sjå nærare på kva Landslova eigentleg er (og litt om kva ho ikkje er), kvifor ho på mange måtar er eit unikt stykke lovarbeid i ein europeisk mellomalder-samanheng, samt noko om mannen som stod bak ho, nemleg den heller ukjente kongen, Magnus VI Håkonsson (r.1263-1280), betre kjent som Magnus Lagabøte. Arrangør: Vik folkebibliotek og landslovjubileet i Vestland. Stad: Blix hotell kl 19.00.

12. november: Magnus Lagabøtes landslov i nytt språk. Historikar og førstearkivar Jo Rune Ugulen Kristiansen har gjort ei nyomsetjing av Landslova av 1274, frå norrøn tekst til moderne bokmål. I dette føredraget vil Kristiansen snakke om arbeidet med omsetjinga av Magnus Lagabøtes Landslov. Stad: Universitetsbiblioteket, Sogndal. Arrangør: Høgskulen på Vestlandet. Sjå hvl.no for meir informasjon.

15. november: Er det lov? Saman med teikneserieskapar Therese G. Eide reiser vi tilbake i tid i ord og teikningar. Tema er Magnus Håkonsson, ein gut som vaks opp i kongsgarden i Bergen på 1200-talet, og seinare blei han konge med tilnamnet Lagabøte. Therese teiknar og inviterer til samtale om Magnus og gamle og nye lover. Stad: Stad bibliotek kl 11.00. Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet. Hovudmålgruppe er barn i alderen 6-9 år.

16.-17. november: Frå Moster til Hardanger. Hardanger historielag, Fortidsminneforeningen og kyrkjene i Ullensvang inviterer heile Hardanger til markering av lovjubilea i 2024. Nokre av våre fremste mellomalderhistorikarar kjem for å fortelje om spora etter Kristenretten og Landslova. Det vert historiedag på Lofthus og festgudsteneste i Kinsarvik med blant andre Guttorm Rogdaberg, kulturvernarbeidar og ekspert på rettshistorie og mellomalderen, Torgeir Landro, mellomalderhistorikar og  førsteamanuensis ved NLA høgskulen i Bergen og John Ragnar Myking, professor emeritus i historie ved Høgskulen på Vestlandet. For påmelding og meir informasjon, sjå Hardanger Historielag sine sider.

16. november: Er det lov? Saman med teikneserieskapar Therese G. Eide reiser vi tilbake i tid i ord og teikningar. Tema er Magnus Håkonsson, ein gut som vaks opp i kongsgarden i Bergen på 1200-talet, og seinare blei han konge med tilnamnet Lagabøte. Therese teiknar og inviterer til samtale om Magnus og gamle og nye lover. Stad: Florø folkebibliotek (Kulturhuset) kl. 11.15. Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet. Hovudmålgruppe er barn i alderen 6-9 år.

18. november: Middelalderforum: Farmannalova av 1276 ved Jens Eike Schnall, førsteamanuensis i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen. Stad: Frille og Dyvekes vinkjeller, Bergen. Arrangør: Middelalderklyngen, UiB.
Meir info på
uib.no

20. november: Er det lov? Saman med teikneserieskapar Therese G. Eide reiser vi tilbake i tid i ord og teikningar. Tema er Magnus Håkonsson, ein gut som vaks opp i kongsgarden i Bergen på 1200-talet, og seinare blei han konge med tilnamnet Lagabøte. Therese teiknar og inviterer til samtale om Magnus og gamle og nye lover. Stad: Sveio folkebibliotek kl 10.30 og 11.30. Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet. Hovudmålgruppe er barn i alderen 6-9 år.

20. november: Landslova 750 år – kva så? ved Pål Berg Svenungsen, førsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet. I 2024 feirar vi at det er 750 år sidan Landslova vart vedteken på Frostatinget. Jubileet feirast med brask og bram av det offentlege Noreg, men kva er det som eigentleg feirast – og er det noko som i det heile er verdt å feira?! I foredraget skal vi sjå nærare på kva Landslova eigentleg er (og litt om kva ho ikkje er), kvifor ho på mange måtar er eit unikt stykke lovarbeid i ein europeisk mellomalder-samanheng, samt noko om mannen som stod bak ho, nemleg den heller ukjente kongen, Magnus VI Håkonsson (r.1263-1280), betre kjent som Magnus Lagabøte. Arrangør: Årdal bibliotek og landslovjubileet i Vestland. Stad: Årdal bibliotek.

21. november: Landslova, ingeniørane og Førde. I dette føredraget av førstelektor ved FTMS Lars August Hafting Kvestad vil de fyrst få høyre noko generelt om landslova, tilvertinga og personane bak. Vidare vil de få høyre meir om korleis landslova tok sikte på å standardisere måleiningar i det norske riket, og kva innverknad dette fekk på den norske rettssoga. Stad: HVL Campus Førde, i auditorium Sunnfjord. Arrangør: Høgskulen på Vestlandet. Sjå hvl.no for meir informasjon

21. november: Sofaprat på Bryggens Museum med Alexandros Tsakos, fagleg leiar for Manuskript- og librarsamlingen ved Universitetsbiblioteket i Bergen og Baard Skogrand, idéhistorikar og førstekonservator ved Bymuseet i Bergen. Tema er Landslova sitt intellektuelle bakteppe – med eit internasjonalt perspektiv. Les meir på bymuseet.no
 

21. november: Bjørgvin bispedøme, Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke inviterer til temakveldar i høve verdiåret. til årets siste temakveld i Bergen domkirke. Fred er tema for den siste kvelden i ei rekkje på seks der biskopen i møte med gjester har sett på kvar av «Guds fire døtre», rettferd, sanning, miskunn og fred. Stad: Bergen domkirke. Les meir på kirken.no

28. november: Magnus Lagabøtes landslov 1274-2024, ved Lars August Hafting Kvestad frå Høgskulen på Vestlandet. I dette foredraget vil de få høyre om tilhøva då Landslova vart til, og korleis Landslova har vore med på å forma det norske samfunnet fram til i dag. Undervegs vert eldre dokumentasjon bruka til å illustrere korleis lova vart brukt, men også kor annleis nokre delar av det samfunnet lova skulle regulere er samanlikna med i dag. Arrangør: Bergen offentlige bibliotek og HVL. Stad: Fana bibliotek. 

 

Oktober

1. oktober: Fiske, jakt og annan naturbruk i mellomalderen. Gjennom alle tider har menneska drive matauk ved å fiske, jakte og plukke bær og andre vekstar. Førstearkivar Jo Rune Ugulen Kristiansen vil fortelje om Landslova og korleis ho regulerte det å hauste av naturen. Stad: Samnanger folkebibliotek kl. 18.00. Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet. Sjå samnangerbibliotek.no for meir informasjon. Målgruppene er ungdom og vaksne.

2. oktober: Middelalderen på 90 minutt med Ole-Albert Rønning Nordby. Nasjonalbiblioteket sin historikar Ole-Albert Rønning Nordby gir oss eit krasjkurs i denne fascinerande delen av verdshistoria, som strekker seg frå om lag år 500 til 1500. Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet. Stad: Bergen Offentlige Bibliotek. Sjå bergenbibliotek.no for meir informasjon.

9. oktober: Fiske, jakt og annan naturbruk i mellomalderen. Gjennom alle tider har menneska drive matauk ved å fiske, jakte og plukke bær og andre vekstar. Førstearkivar og historikar Jo Rune Ugulen Kristiansen vil fortelje om Landslova og korleis ho regulerte det å hauste av naturen. Stad: Kvam folkeboksamling, Norheimsund kl. 18.00. Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet. Meir informasjon på Kvam bibliotek sine sider.Målgruppene er ungdom og vaksne.

12. oktober: Fiske, jakt og annan naturbruk i mellomalderen. Gjennom alle tider har menneska drive matauk ved å fiske, jakte og plukke bær og andre vekstar. Førstearkivar og historikar Jo Rune Ugulen Kristiansen vil fortelje om Landslova og korleis ho regulerte det å hauste av naturen. Stad: Kvinnherad bibliotek, Husnes kl. 13.00. Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet. Sjå Kvinnherad bibliotek sine sider for meir informasjon. Målgruppene er ungdom og vaksne. 

14. oktober: Turnéstart for Litteraturbåten Epos i Eikefjord i Kinn kommune! I løpet av tre veker skal Epos innom 13 stader med si nyskrivne framsyning "Er det lov?" der dei utfordrar barnas sans for rettferd og dykkar ned i ei frisk og frodig middelalderverd. Du møter hemngjerrige kongar, mordariske forbrytarar, staute tingmenn, krigerske riddarar, tiggarmunkar, og han som prøvde å få litt meir orden på det heile: Magnus Lagabøte. Skodespelar Lina Taule Fjørtoft står på scena, og Adele Lærum Duus har manus og regi. Sjå litteraturbaten.no for alle stoppestadene.

14. oktober: Middelalderforum: Kva kan kjeldene fortelje om kvar Landslova i Codex Hardenbergianus er produsert? Ved Anna Catharina Horn, forskar i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo. Stad: Frille og Dyvekes vinkjeller, Bergen. Arrangør: Middelalderklyngen, UiB.
Meir info på
uib.no.

18. oktober: "Landslova 750 år - kva så?" Jubileet feirast med brask og bram av det offentlege Noreg, men kva er det som eigentleg feirast – og er det noko som i det heile er verdt å feira?! Pål Berg Svenungsen, førsteamanuensis i historie ved Høgskolen på Vestlandet, vil i føredraget snakke om kva Landslova eigentleg er, og kvifor ho på mange måtar er eit unikt stykke lovarbeid i ein europeisk mellomalder-samanheng. Han vil òg snakke om mannen som stod bak ho, nemleg den heller ukjente kongen Magnus VI Håkonsson, betre kjent som Magnus Lagabøte (konge i åra 1263-1280). Svenungsen illustrerer føredraget ved hjelp av Lego, og er kjend frå Instagramkontoen the_lego_medievalist  Stad: Bergen, biblioteket, Hop stasjon. Arrangør: Høgskulen på Vestlandet. Sjå hvl.no for meir informasjon.

19. oktober: Er det lov? Saman med teikneserieskapar Therese G. Eide reiser vi tilbake i tid i ord og teikningar. Tema er Magnus Håkonsson, ein gut som vaks opp i kongsgarden i Bergen på 1200-talet, og seinare blei han konge med tilnamnet Lagabøte. Therese teiknar og inviterer til samtale om Magnus og gamle og nye lover. Stad: Øygarden innbyggartorg og bibliotek kl 12.00. Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet. Sjå øybib.no for meir informasjon.

23. oktober: Fiske, jakt og annan naturbruk i mellomalderen. Gjennom alle tider har menneska drive matauk ved å fiske, jakte og plukke bær og andre vekstar. Førstearkivar og historikar Jo Rune Ugulen Kristiansen vil fortelje om Landslova og korleis ho regulerte det å hauste av naturen. Stad: Voss bibliotek kl.18.00 Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet. Sjå vossbibliotek.no for meir informasjon. Målgruppene er ungdom og vaksne.

30. oktober: Er det lov? Saman med teikneserieskapar Therese G. Eide reiser vi tilbake i tid i ord og teikningar. Tema er Magnus Håkonsson, ein gut som vaks opp i kongsgarden i Bergen på 1200-talet, og seinare blei han konge med tilnamnet Lagabøte. Therese teiknar og inviterer til samtale om Magnus og gamle og nye lover. Stad: Sande bibliotek kl 09.00 og Naustdal skule kl. 11.30. Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet. Sjå sunnfjordbibliotek.no for meir informasjon

31. oktober: Er det lov? Saman med teikneserieskapar Therese G. Eide reiser vi tilbake i tid i ord og teikningar. Tema er Magnus Håkonsson, ein gut som vaks opp i kongsgarden i Bergen på 1200-talet, og seinare blei han konge med tilnamnet Lagabøte. Therese teiknar og inviterer til samtale om Magnus og gamle og nye lover. Stad: Stryn bibliotek kl 10.00. Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet. Hovudmålgruppe er barn i alderen 6-9 år.

31. oktober: Bjørgvin bispedøme, Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke inviterer til temakveldar i høve verdiåret. Tema: Rettferd – reformasjonsdagen. Gjest: Professor Paul Otto Brunstad. Stad: Bergen domkirke.
Informasjon kjem på
kirken.no 

September

1. september: "Mellom land og lov". Historisk forteljarprogram. Velkomen til ei kulturhistorisk høgtiding av Landslova sitt 750-årsjubileum. Me hyllar lova si arv gjennom ei samansmelting av forteljing, musikk og visuell kunst framført på viktige kulturhistoriske stader i Vestland. Stad: Ådlandstova, Stord. Arrangør: KulturFjorden. Sjå land-og -lov.no for meir informasjon.

2. september: "Magnus Lagabøtes landslov i nytt språk". Jo Rune Ugulen Kristiansen har gjort ei nyomsetjing av Landslova av 1274, frå norrøn tekst til moderne bokmål. Boka er utgiven i Nasjonalbiblioteket si serie Norske middelalderskrifter, som har som mål å gjere middelalderens skriftkultur tilgjengeleg på moderne norsk. I dette føredraget vil Kristiansen snakke om arbeidet med omsettinga av Landslova av 1274. Stad:   HVL Bergen, Biblioteket. Arrangør: Høgskulen på Vestlandet. Sjå hvl.no for meir informasjon.

4. - 5. september: Teatervandringa "Helt konge!". I denne teatervandringa følger vi bokstaveleg talt i fotspora til Magnus Lagabøte frå han er liten gut til han som gamal mann på 42 (!) dør i Bergen. Ledige billettar. Arrangør er Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

5. september: Landslova 750 år – og kva så? Kva slags lov er dette eigentleg snakk om? Kven var kongen som stod bak? Og er det strengt tatt verdt å feire? Pål Berg Svenungsen, førsteamanuensis i historie ved Høgskolen på Vestlandet, gir deg svara. Stad: HVL-biblioteket, Sogndal. Arrangør: Høgskulen på Vestlandet. Sjå hvl.no for meir informasjon.

6. september: Guds fire døtre og Landslova av 1274 ved Jørn Øyrehagen Sunde. Stad: HVL-biblioteket, Haugesund. Arrangør: Høgskulen på Vestlandet. Sjå hvl.no for meir informasjon.

9. september: Middelalderforum: Norsk og islandsk lov før Landslova, ved Már Jónsson, professor i historie ved Háskóli Íslands. Stad: Frille og Dyvekes vinkjeller, Bergen. Arrangør: Middelalderklyngen, UiB. Meir info på uib.no

11. - 12. september: Teatervandringa "Helt konge!". I denne teatervandringa følger vi bokstaveleg talt i fotspora til Magnus Lagabøte frå han er liten gut til han som gamal mann på 42 (!) dør i Bergen. Ledige billettar. Arrangør er Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

12. september: Magnus Lagabøtes landslov ved Jørn Øyrehagen Sunde. Stad: Bergen bibliotek, hovudbiblioteket. Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet. Sjå bergenbibliotek.no for meir informasjon.

13. september: I samband med fagdag for elevar ved Voss Gymnas vert det ope foredrag om gotisk skrift på Voss bibliotek ved Yngve Nedrebø, Statsarkivet i Bergen. Utstilling av elevarbeid i etterkant. Arrangør: Voss bibliotek og Fortidsminneforeininga Voss lokallag. 

15 - 22. september: Mellomalderveka 2024: I år feirar vi 750-års jubileet for Magnus Lagabøtes landslov, og dette blir skikkeleg markert under Mellomalderveka. I løpet av 15.- 22. september vil ei rekkje aktivitetar knytt til mellomalderen finne stad i Bergen, i regi av samarbeidspartane i Middelalderklyngen. Arrangementa er opne for alle – nokon er gratis, andre krev inngangsbillett. Lêr ting du ikkje visste om mellomalderens historie og kultur, om kongemakt og kyrkje, og om menneska som budde her den gongen. Du kan delta på konferanse, populærvitskaplege foredrag, omvisningar, debattar, familieaktivitetar og meir. Les meir på uib.no

16. - 19. september: Internasjonal forskarkonferanse i regi av Universitetet i Bergen: The Landslov of 1274 – Multiple Perspectives i aulaen ved Universitetet i Bergen. Framleis ledige plassar. For meir informasjon og påmelding: sjå uib.no 

16. september: Måndagsføredrag på Bryggens museum. Omsettingar av Magnus Lagabøtes Landslov i Bergen ved Helen F. Leslie-Jacobsen, førsteamanuensis i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen. Stad: Bryggens museum. Arrangør: Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

17. september: Mellomalderveka/landslovjubileet, Odelssak om Byrkjo (1293-1303). Rettsprosessen er omtala i ni diplom og involverer meir enn 30 personar. Peter Bonde, kjend for å ha oppført Finnesloftet på Voss i 1295, var ein av aktørane som hadde ein sentral rolle i saka som vart handsama under Landslova. Finnesloftet (og Agatunet) er difor den naturlege staden å samlast når ekspertane på mellomalderrett skal gå i djupna i denne omfattande rettsprosessen. Ved Gunnstein Akselberg, Knut Finne og Jørn 
Øyrehagen Sund. Arrangør: Fortidsminneforeininga Voss lokallag. For meir informasjon, sjå fortidsminneforeningen.no

18. - 19. september: Teatervandringa "Helt konge!". I denne teatervandringa følger vi bokstaveleg talt i fotspora til Magnus Lagabøte frå han er liten gut til han som gamal mann på 42 (!) dør i Bergen. Ledige billettar. Arrangør er Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

19. september: Dei guddommelege søstre, festframsyning i Bergen domkirke. Med nyskrivne tekstar av Jon Fosse, Ruth Lillegraven, Brynjulf Jung Tjønn og Maria Tryti Vennerød og fleirstemde salmar og folketonar, feirar vi dydane som bind oss saman som borgarar og medmenneske: Miskunn, sanning, rettferd og fred.  Med skodespelarar frå Den Nationale Scene, koret Multa Paucis, og musikarane Karl Seglem og Kåre Opheim. Før sjølve framsyninga samtalar Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery med biskop Ragnhild Jepsen om tru. Arrangør: Ein samproduksjon mellom Gulatinget 2024 og Den Nationale Scene, i samarbeid med  Bergen kirkeautunnale – Kyrkjekultur Vest – Bjørgvin kirkeakademi og Bjørgvin bispedømme. Meir informasjon på: autunnale.no

20. september: Farmannslova, norsk sjørett i middelalderen v/ Miriam Jensen Tveit. Under Magnus Lagabøtes lovreform på slutten av 1200-talet vart også sjøretten utvida og oppdatert i tråd med nye prinsipp om sjøfart og handel. Gjennom døme frå lov og praksis får vi innblikk i mellomalderens maritime verd, der skipet ofte utgjorde sitt eige vesle rettssystem. Stad: HVL- biblioteket, Haugesund  Arrangør: Høgskulen i Vestland. Meir informasjon på hvl.no

20. september: Fagdag for rettslære-studentar ved Voss Gymnas: Korleis knekka koden og tolka innhaldet i ein rettsprotokoll frå 1293? Ved Knut K. Finne og Gunnstein Akselberg. Arbeidet vert innleiia med ei inspirasjonsøkt i Finnesloftet før fagdagen. Utstilling av elevarbeid i etterkant. Stad: Voss bibliotek. Arrangør: Voss bibliotek og Fortidsminneforeininga Voss lokallag. 

20. september: Skål gode grannar! Fortidsminneforeininga Voss lokallag inviterer til veitla «Skål gode grannar» i Finnesloftet. Tema vert mellom anna lovverket knytt til den eldgamle heimabryggkulturen og ikkje minst nyare forsking på den mange hundre år gamle gjærkulturen «kveik». For meir informasjon, sjå fortidsminneforeningen.no

21. september: "Landslova 750 år - kva så?". Jubileet feirast med brask og bram av det offentlege Noreg, men kva er det som eigentleg feirast – og er det noko som i det heile er verdt å feira?! Pål Berg Svenungsen, førsteamanuensis i historie ved Høgskolen på Vestlandet, vil i føredraget snakke om kva Landslova eigentleg er, og kvifor ho på mange måtar er eit unikt stykke lovarbeid i ein europeisk mellomalder-samanheng. Han vil òg snakke om mannen som stod bak ho, nemleg den heller ukjente kongen Magnus VI Håkonsson, betre kjent som Magnus Lagabøte (konge i åra 1263-1280).  Svenungsen illustrerer føredraget ved hjelp av Lego, og er kjend frå Instagramkontoen the_lego_medievalist  Stad: Sunnfjord bibliotek. Arrangør: Høgskulen på Vestlandet. Sjå hvl.no for meir informasjon.

21. - 22. september: Bergenhus mellomalderfestival. Bli med på ei reise 750 år tilbake i tid! Helga 21. og 22. september fyller vi Bergenhus Festning – eller Holmen som området vart kalla i mellomalderen – med handverk, formidling, underhaldning og ei rekkje aktivitetar for barn og vaksne! Arrangør: Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon. 

27. - 29. september: Folkefest på Ålhus i anledning 750-årsjubiléet for Landslova i Norge. Tiltaka skal ha særleg vekt på Audun Hugleiksson si rolle i utforming av Landslova. Med blant andre rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde. Arrangør: Sunnfjord kommune. Les meir på Sunnfjord kommune sine nettsider.

30. september: Middelalderforum: Kristian IVs norske lov av 1604: Meir enn berre ei dansk omsetting, ved Helen F. Leslie-Jacobsen, førsteamanuensis i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen. Stad: Frille og Dyvekes vinkjeller, Bergen. Arrangør: Middelalderklyngen, UiB. Meir info på uib.no

August

6. august: Landslovjubileet – Arvesak om Finnesgodset (1350-1352)
Voss hausten 1349: Svartedauden herjar og legg gard og grend aude. På Finne døyr jordeigar Eirik Erlendsson og alle i hans næraste familie. Kven skal no styra eigedomane på Voss og i Hardanger? Ingebjørg Simonsdotter, åleinemor til vesle Elin, reiser sak i 1350 og krev arveretten til Finnesgodset på vegne av den nyfødde dottera si.
Fortidsminneforeininga Voss lokallag inviterer til samling i Finnesloftet for å få saka kommentert og analysert av nokre av dagens fremste ekspertar på Magnus Lagabøte si Landslov. Med Jørn Øyrehagen Sunde, Gunnstein Akselberg og Knut Finne. Les meir om arrangementet på fortidsminneforeningen.no

14. - 15. august: Teatervandringa "Helt konge!". I denne teatervandringa følger vi bokstaveleg talt i fotspora til Magnus Lagabøte frå han er liten gut til han som gamal mann på 42 (!) dør i Bergen. Ledige billettar. Arrangør er Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

17. august: Jubileumsarrangement i Finnesloftet: Kristenretten 1000 år.
Foredrag ved Jørn Øyrehagen Sunde og professor Hans Geir Eiken. Voss lokallag og Vestnorsk kulturakademi inviterer til foredrag, ølsmaking, omvisning og middag. Les meir om arrangementet på fortidsminneforeningen.no

17. august"Mellom land og lov": Historisk forteljarprogram med kreativ verkstad. Velkomen til ei kulturhistorisk høgtiding av Landslova sitt 750-årsjubileum. Me hyllar lova si arv gjennom ei samansmelting av forteljing, musikk og visuell kunst framført på viktige kulturhistoriske stader i Vestland. Me presenterer framføringar tilpassa eit vakse publikum og ein kreativ verkstad med forteljarprogram særskilt for born og unge. Stad: Agatunet. Arrangør: KulturFjorden. Sjå land-og -lov.no for meir informasjon.

21. - 22. august: Teatervandringa "Helt konge!". I denne teatervandringa følger vi bokstaveleg talt i fotspora til Magnus Lagabøte frå han er liten gut til han som gamal mann på 42 (!) dør i Bergen. Ledige billettar. Arrangør er Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

24. august: Landslova ord og ord på 750 minutt, på NRK.

26. - 27. august: Gulatinget 2024: Demokrati- og menneskerettsseminar for ungdom. Kva er eit demokrati? Kva betyr det at eit samfunn er demokratisk? Vi inviterer elevar frå Vestland fylke til to dagar med demokrati og menneskerettseminar på Gulatinget. Det vil bli foredrag, samtalar, teater og konsert. Dette er eit samarbeid mellom Gulatinget, Raftostiftinga og Høgskulen på Vestlandet. Les meir på gulating.no 

28. - 29. august: Teatervandringa "Helt konge!". I denne teatervandringa følger vi bokstaveleg talt i fotspora til Magnus Lagabøte frå han er liten gut til han som gamal mann på 42 (!) dør i Bergen. Ledige billettar. Arrangør er Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

Juli

6. juli: Verdiseglas landgang Selja. Verdiseglas 2024 er ei pilegrimsferd i fleire etappar frå Sokndal/Egersund til Nidaros. Arrangør: Bjørgvin bispedøme og Regionalt pilegrimssenter Selje. 
Sjå
kirken.no for meir informasjon.

27. juli: Verdiseglas landgang Nidaros. Verdiseglas 2024 er ei pilegrimsferd i fleire etappar frå Sokndal/Egersund til Nidaros. 
Meir informasjon kjem på 
kirken.no

28. juli: "Mellom land og lov": Historisk forteljarprogram. Velkomen til ei kulturhistorisk høgtiding av Landslova sitt 750-årsjubileum. Me hyllar lova si arv gjennom ei samansmelting av forteljing, musikk og visuell kunst framført på viktige kulturhistoriske stader i Vestland. Stad: Eidfjord gamle kyrkje. Arrangør: KulturFjorden. Sjå land-og -lov.no for meir informasjon.

Juni

1. juni: Verdiseglas landgang Moster. Verdiseglas 2024 er ei pilegrimsferd i fleire etappar frå Sokndal/Egersund til Nidaros. Arrangør er Stavanger bispedøme og Avaldsnes regionale pilegrimsenter. Sjå kirken.no for meir informasjon.

2. juni: Mostratinget 2024: Verdisamtale om fortid og framtid. Inspirert av det historiske Mostratinget, skal eit moderne Mostrating gjenoppstå, denne gongen sett av dei unge.

2. juni: Bergen Domkor og folkemusikkensemblet Østerlide vil halde konsert i Håkonshallen under Festspillene i Bergen. Meir informasjon om Festspillene si markering av Magnus Lagabøte-jubileet vil bli lagt ut på nettsida til Festspillene 

8. juni: Vardeførelesing – Magnus Lagabøtes Landslov 750 år ved professor Jørn Øyrehagen Sunde. Stad: Menneskerettighetsvarden (tidlegare Storevarden på Ulriken). Oppmøte kl. 12.30. Det vert fellestur til varden frå Svartedikedemningen i regi av Bergen og Hordaland Turlag. Meir informasjon om dette finn du på Bergen og Hordaland turlag sine nettsider 

5. juni: Teatervandringa "Helt konge!". I denne teatervandringa følger vi bokstaveleg talt i fotspora til Magnus Lagabøte frå han er liten gut til han som gamal mann på 42 (!) dør i Bergen. I alt fire førestillingar i juni, alle utselde. Arrangør er Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

8. juni: Vik kulturskule med jubileumsmarkering i Hove steinkyrkje.
Meir info på Vik kommune sine nettsider

9. juni: "Mellom land og lov": Historisk forteljarprogram med kreativ verkstad. Velkomen til ei kulturhistorisk høgtiding av Landslova sitt 750-årsjubileum. Me hyllar lova si arv gjennom ei samansmelting av forteljing, musikk og visuell kunst framført på viktige kulturhistoriske stader i Vestland. Me presenterer framføringar tilpassa eit vakse publikum og ein kreativ verkstad med forteljarprogram særskilt for born og unge. Stad: Halsnøy kloster. Arrangør: KulturFjorden. Sjå land-og -lov.no for meir informasjon.

9. juni: Vik kulturskule med jubileumsmarkering i Dale steinkyrkje.
Meir info på Vik kommune sine nettsider

10. juni: Vik kulturskule med jubileumsmarkering i Leikander steinkyrkje. Meir info på Vik kommune sine nettsider

15. juni: "Gjenlyd gjennom århunder" i Leikanger kyrkje. Konsert ved Bergen Domkor og folkemusikkensemblet Østerlide. Meir informasjon og billlettar på kirkemusikkibergen.no

16. juni: "Gjenlyd gjennom århunder" i Vangen kyrkje. Konsert ved Bergen Domkor og folkemusikkensemblet Østerlide. Meir informasjon og billlettar på kirkemusikkibergen.no

21. juni: Utstillingsopning på Agatunet: Lov om land.
Meir info på
agatunet.no

21. juni"Mellom land og lov": Historisk forteljarprogram. Velkomen til ei kulturhistorisk høgtiding av Landslova sitt 750-årsjubileum. Me hyllar lova si arv gjennom ei samansmelting av forteljing, musikk og visuell kunst framført på viktige kulturhistoriske stader i Vestland. Stad: Agatunet. Arrangør: KulturFjorden. Sjå land-og -lov.no for meir informasjon.

30. juni: "Mellom land og lov": Historisk forteljarprogram med kreativ verkstad. Velkomen til ei kulturhistorisk høgtiding av Landslova sitt 750-årsjubileum. Me hyllar lova si arv gjennom ei samansmelting av forteljing, musikk og visuell kunst framført på viktige kulturhistoriske stader i Vestland. Me presenterer framføringar tilpassa eit vakse publikum og ein kreativ verkstad med forteljarprogram særskilt for born og unge. Stad: Halsnøy kloster. Arrangør: KulturFjorden. Sjå land-og -lov.no for meir informasjon.

Mai

8. mai: Teatervandringa "Helt konge!". I denne teatervandringa følger vi bokstaveleg talt i fotspora til Magnus Lagabøte frå han er liten gut til han som gamal mann på 42 (!) dør i Bergen. I alt sju førestillingar i mai, alle utselde. Arrangør er Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

21. mai: Offisiell opning av jubileumsutstillinga «Kong Magnus Lagabøtes landslov 750 år» på Bryggens museum. Utstillinga tek for seg både innhaldet i Landslova og det samfunnet lova vart utvikla i og fungerte for. Her kan du sjå eit heilt ekte eksemplar av Landslova, mange mellomalderdokument, arkeologiske funn og andre kulturhistoriske skattar. NB! Utstillinga opnar for publikum 22. mai. Les meir om utstillinga.

21. mai: Verdiseglas - landgang i Bergen. Verdiseglas 2024 er ei pilegrimsferd i fleire etappar frå Sokndal/Egersund til Nidaros. Arrangør er Bjørgvin bispedøme og Regionalt pilegrimsenter Bergen. (Arrangementet er under planlegging)
Sjå 
kirken.no for meir informasjon.

23. mai: Bjørgvin bispedøme, Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke inviterer til allsong i domen. Ved biskop Ragnhild Jepsen og domkantorane Kjetil Allmenning og Sigurd Melvær Øgaard. Stad: Bergen domkirke. 

23. mai: Kjenner vi historia vår? Jubileumsselskapet Moster 2024 inviterer i samarbeid med Det Vestnorske Teateret til ein samtale om historia si posisjon i samfunnet og i kunsten, der vi også kjem inn på farane med feilbruk av historia. Med mellomalderhistorikar Anna Elisa Tryti, prosjektdirektør i Vestland fylkeskommune, og leiar for Landslovsjubileet i Vestland, Erik Ulfsby, teatersjef ved Det Norske Teatret, regissør Mostrasuite/Mostraspelet i 2024, Torgeir Landro, prorektor ved NLA, postdoktor i historie. Fylkesordførar Jon Askeland innleier samtalen. Stad: Det Vestnorske Teateret. Arrangør: Moster 2024 og Det Vestnorske Teateret

25. - 26. mai: Familiehelg på Bryggens Museum: «Kong Magnus Lagabøtes landslov 750 år». Bli med på ei reise tilbake i tid, til året 1274. Då kunne kong Magnus Lagabøte presentere den aller første landslova i Noreg si historie, som vart skrive i Bergen. Det vert omvisningar i utstillinga, handverksdemonstrasjonar, verkstader og morosame aktivitetar for barn. Les meir om familiehelga på bymuseet.no

25. mai: Baroniet Rosendal: 750 års jubileum for Magnus Lagabøtes landslov: Kva rolle spela Gaut Jonsson til Mel i Rosendal i norsk politikk og lovgjeving i Noreg på 1200-talet?
Les meir på baroniet.no

26. mai: Føredrag på Agatunet: Bleiediplomet og Landslova, ved Jørn Øyrehagen Sunde. Meir info kjem på agatunet.no 

26. mai: Føredrag i Kvinnherad kyrkje ved Jørn Øyrehagen Sunde, professor ved UiO og forskar ved Baroniet Rosendal: «Frå Kristenretten på Moster 1024 til Landslova av 1274: Religion, politikk, lov og byrjinga på den norske staten». Arrangør: Kvinnerad sokneråd. Les meir om arrangementet.

27. mai: Måndagsføredrag på Bryggens Museum: Landslova på pergament: Produksjon og bruk av norske lovhandskrifter i mellomalderen. Ved Stefan Drechsler, UiB. Meir info på bymuseet.no

 

April

9. april: Lokalhistorisk webinar: Kysten og demokratiutvikling. Det blir blant anna fleie spennande innlegg knytta til landslovjubileet. Arrangør: Fylkesarkivet i Vestland og Bibliotekutvikling Vestland. Program og påmelding på vestlandfylke.no

15. april: Middelalderforum: Rettarbøtene i Landslova: Møtet mellom gammal og ny rett i 1274 ved Brage Thunestvedt Hatløy, postdoktor i rettshistorie ved Universitetet i Bergen. Stad: Frille og Dyvekes vinkjeller, Bergen. Arrangør: Middelalderklyngen, UiB.
Meir info på
uib.no.

17. - 18. april: Internasjonal forskarkonferanse: Moster 1024 - «Crossroads of Religion and Law in the Conversion of Norway»internasjonal i Universitetetsaulaen i Bergen.
Sjå fullt program på
Moster 2024  

19. april: Ekskursjon til Moster, med sving innom kulturminnet Lysekloster, Noreg sitt eldste cistercienserkloster. For meir informasjon og påmelding, sjå moster2024.no 

25. april: Premiere på teatervandringa "Helt konge!". I denne teatervandringa følger vi bokstaveleg talt i fotspora til Magnus Lagabøte frå han er liten gut til han som gamal mann på 42 (!) dør i Bergen. Vert arrangert to gongar i veka fram til 20. juni. Arrangør er Stiftelsen Bymuseet i Bergen. Sjå bymuseet.no for meir informasjon.

25. april: Bjørgvin bispedøme, Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke inviterer til temakveldar i høve verdiåret. Tema: Guds fire døtre i kunsten. Gjest: Professor emeritus Gunnar Danbolt. Stad: Bergen domkirke.
Meir informasjon på
kirken.no 

Mars

18. mars: Middelalderforum: Bryllaup og ekteskap i Landslova: Eit verdsleg eller eit kyrkjeleg tema? Ved Knut Høiaas, museumspedagog ved Bymuseet i Bergen. Stad: Frille og Dyvekes vinkjeller, Bergen.
Arrangør: Middelalderklyngen, UiB. Meir info på uib.no

21. mars: Bjørgvin bispedøme, Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke inviterer til temakveldar i høve verdiåret. Tema: Miskunn –bioteknologi og fosterdiagnostikk. Gjest: Professor Geir Sverre Braut, medlem av bioteknologirådet. Stad: Bergen domkirke.
Meir informasjon på
kirken.no 

Februar

12. februar: Middelalderforum: Kongens palatium i Bergen. Kongsgarden på Holmen då kong Magnus Lagabøte gav landslova i 1274 ved Alf Tore Hommedal, førsteamanuensis i middelalderarkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen.
Stad: Frille og Dyvekes vinkjeller
, Bergen. Arrangør: Middelalderklyngen, UiB. Meir infouib.no.

22. februar: Bjørgvin bispedøme, Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke inviterer til temakveldar i høve verdiåret. Tema: Guds fire døtre: Miskunn, Rettferd, Fred, Sanning. Gjestar: Professor Jørn Øyrehagen Sunde og professor Alf Tore Hommedal. Leiar i komiteen for Landslovsjubileet i Vestland, fylkesordførar Jon Askeland, opnar. Stad: Bergen domkirke. Meir informasjon på kirken.no 

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo