Kjelder til utvandring
Mange vestlendingar emigrerte frå Noreg til USA og andre delar av verda under dei store emigrasjonsbølgene på 1800- og 1900-talet. I arkiva kan vi finne spor etter fleire av dei. Dersom du er interessert i kjelder knytt til utvandringa frå Vestland, kan du finne ulike arkiv hos ulike bevringsinstitusjonar. Her kan du finne eit kort oversyn over aktuelle samlingar.
Dei 52 personane som reiste med Restauration frå Stavanger i 2025 var den første planlagde gruppeutvandringa frå Noreg i moderne tid. Det var starten på ei folkevandring som i stor grad har prega norsk historie. Av i underkant av ein million nordmenn som emigrerte til USA mellom 1825 og 1920, var om lag 70 000 menneske frå dagens Vestland fylke.
Vestland fylkeskommune
Vi bevarer eit stort materiale om utvandring, slik som amerikabrev, noregsbrev, foto, lyd, tidskrift og lokalhistorisk litteratur.
Vik lokalhistoriske arkiv
Vik lokalhistoriske arkiv bevarer eit stort materiale om utvandring, slik som slektsopplysningar, amerikabrev og personlege opplysningar om utvandrarar frå kommunen. Dei har og ein del lokalhistorisk litteratur med utvandring som tema.
For innsyn i materialet, kontakt Vik lokalhistoriske arkiv.
Interkommunalt arkiv i Hordaland
Interkommunalt arkiv i Hordaland bevarer kommunale arkiv etter kommunane i gamle Hordaland fylke (utanom Bergen kommune). Dei bevarer noko utvandringshistorikk. Mellom anna kan arkiva etter overformynderia vera relevante. Desse ligg ute på digitalarkivet.no.
For innsyn i materialet, kontakt Interkommunalt arkiv i Hordaland.
Kraftmuseet
Kraftmuseet i Tyssedal oppbevarer nokre amerikabrev frå Åkre i Industriarkivet.
For innsyn i materialet, kontakt Kraftmuseet.
Voss og Hardanger folkemuseum
Museet har ei stor brevsamling etter utvandrarar frå Voss.
Dei Heibergske samlinger
Museet har brev, amerikakofferter, klær, drakter, foto og redskaper etter peronser som utvandrara til Amerika. Det er og gjenstander etter personer som reiste tilbake til Sogn etter ei tid i Amerika.