Utvandrarjubileet 2025
Følg med på denne sida for oppdateringar og oversikt over kva som skjer i jubileumsåret!

Utvandrarjubileet 2025 er ei landsdekkande markering og ein del av den nasjonale jubileumsstafetten. Vestland fylkeskommune er sjølvsagt med, og vil nytta året til å løfte fram dei gode kreftene som formidlar historia om utvandring og migrasjon.
Vestland fylkeskommune har ei regional koordinatorrolle i Crossings 200 og fungerer som eit bindeledd mellom lokale aktørar og den nasjonale jubileumskomiteen. Fylkeskommunen arbeider òg for å styrkje banda mellom Vestland og det norsk-amerikanske samfunnet gjennom ulike kulturaktivitetar.
Migrasjonshistorie på lokalhistorisk webinar 2025
Det lokalhistoriske webinaret 2025, arrangert av Vestland fylkeskommune den 8. april, hadde temaet utvandrings- og migrasjonshistorie, med særleg fokus på den norske utvandringa til USA. Webinaret retta seg mot eit breitt publikum, inkludert historieinteresserte, studentar og fagpersonar, og inneheldt føredrag frå både nasjonale og internasjonale innleiarar.
Dagen starta med ei velkomsthelsing frå Arnt Ola Fidjestøl i Vestland fylkeskommune. Deretter heldt professor Daniela Hoffmann frå Universitetet i Bergen eit føredrag om migrasjon frå eit steinalderperspektiv. Eirik Helleve, avdelingsleiar ved Voss folkemuseum, presenterte utvandringshistoria frå Voss. Etter ei kort pause tok professor emeritus Gunnstein Akselberg frå Universitetet i Bergen for seg «amerikanske» stadnamn i Noreg. Babek Hosami og organisasjonen Memoar delte migrasjonsminne og erfaringar frå møtet med Noreg.
Etter lunsj heldt Terje Mikael Hasle Joranger, fag- og forskingsdirektør ved Norsk utvandrermuseum og professor II ved Universitetet i Innlandet, eit innlegg om stadkjensle, landskap og migrasjon, med kopling til den nasjonale 2025-markeringa CROSSINGS 200. Webinaret vart avslutta med ei orientering frå Vestland fylkeskommune om vidare planar i jubileumsåret.
Webinaret blei gjennomført digitalt via Teams, og deltakarane måtte melde seg på i forkant. Arrangementet gav innsikt i korleis migrasjon har påverka kulturen og samfunnet gjennom tidene, og korleis desse rørslenes spor framleis er synlege i dag.
Kulturkveld på Skoltegrunnskaien
10. april arrangerte Vestland fylkeskommune saman med Museum Vest og Bergen kommune eit kulturelt arrangement på Havnerommet i Bergen.
Valget av lokale var ikkje tilfeldig då Havnerommet ligg på Skoltegrunnskaien som var utreisehamn for mange tusen vestlendingar som utvandra til Amerika for omlag 100 år siden.

Skoltegrunnskaien var hovedutfartskaien fram til Den norske Amerikalinjen ble etablert på første halvdel av 1900-talet og fekk etablert ein ny terminal på Dokken.
Utvandringa frå Noreg til USA var omfattande. Relativt sett hadde Noreg den nest største utvandringa etter Irland. I 1910 viste den amerikanske folketeljinga at nesten ein million amerikanarar hadde éin eller to norskfødde foreldre – på same tid som folketalet i Noreg var 2,4 millionar. Mange norske familiar hadde, og har framleis, slekt i USA.
Kvelden blei opna av fylkesordførar Jon Askeland og byråd for næring, kultur og idrett, Reidar Digranes. Dei peika på korleis utvandringa har prega både norske og amerikanske samfunn, og understreka verdien av å ta vare på denne historia.
Sheila Stickel, direktør ved National Nordic Museum i Seattle, heldt ei helsing der ho løfta fram dei historiske banda mellom Noreg og USA.
Per Kristian Sebak, historikar og direktør ved Bergens Sjøfartsmuseum, heldt eit foredrag om utvandringa frå Bergen til USA på starten av 1900-talet, med døme frå enkeltpersonar og reiseruter.
Musikkinnslaget «Migrasong – tonane dei bar med seg over havet» ved Reidun Horvei og Inger Kristine Riber, tok for seg songane og kulturen emigrantane hadde med seg då dei reiste ut frå Vestlandet på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.
Til slutt presenterte Karl Peder Mork eit unikt lydarkiv etter Owen Veum, ein andregenerasjons norsk-amerikanar som sende lydbrev tilbake til slekta i Sogn. Opptaka gir innblikk i livet til norsk-amerikanarar og korleis kontakten med heimlandet blei halden ved like.
Arrangementet løfta fram både dei personlege og kollektive sidene ved utvandringa, og sette søkjelys på korleis denne historia framleis har relevans i dag.