Tradisjonshandverk i Vestland
I Vestland fylke er det ulike tilbod og ordningar som kan bidra til å sikre tradisjonshandverk ved å ta vare på og vidareutvikle denne viktige kompetansen.
Dette er eit hovudtema i handverksstrategien til Riksantikvaren, som vart lansert i 2024. Strategien legg vekt på eit breitt samarbeid for å løfte tradisjonshandverket. Riksantikvaren har laga strategien saman med kulturmiljøforvaltninga, utdanningssektoren, museumssektoren, kompetansemiljø innan tradisjonshandverk og handverksnæringa.
Regjeringa la i februar 2024 fram ein bevaringsstrategi for kyrkjer, der bevaring og utvikling av kompetanse om tradisjonshandverk også er aktualisert. Strategien har tre ulike bevaringsprogram, og det er oppretta ei tilskotsordning for kyrkjene. Regjeringa er sett av 10 milliardar til denne ordninga, og i løpet av dei neste 20–30 åra skal det brukast inntil 500 millionar årleg. Det vil føre til ein auke i oppdragsmengda, og krev at vi riggar oss slik at vi både på kort og lang sikt har kompetansen som krevst for å gjere dette store arbeidet.
Riksantikvaren rår fylkeskommunane til å informere om utdanningsmoglegheiter og kompetansebehov innanfor tradisjonshandverk og istandsetjing i sine regionar. Under følgjer omtalar av, og lenker til nokre av dei viktige aktørane i Vestland fylkeskommune.
Fagskulen Vestland
Fagskulen Vestland til byr eit toårig, samlingsbasert studium i Klassisk bygningshandverk og restaurering. Her kan du søkje studieplass på grunnlag av fagbrev i ei rekke ulike fag, som til dømes tømrarfaget, murarfaget eller målarfaget, eller du kan søkje med realkompetanse. Etter utdanninga er studentane kvalifiserte til å drive med restaurerings- og vernearbeid i byggenæringa, på museum eller ved andre relevante institusjonar.
Les meir på nettsida til Fagskulen Vestland.
Fagskulen tilbyr også ei toåring, samlingsbasert utdanning i fartøyvern, som dekkjer fagområde innan verftsindustri og musealt arbeid, der historiske fartøy av tre og stål blir restaurerte, vedlikehaldne og forvalta som flytande kulturminne. Du kan søkje studieplass på grunnlag av fagbrev i ulike fag, mellom anna trebåtbyggjarfaget, møbelsnikkarfaget eller tømrarfaget. Du kan også søkje med realkompetanse.
Les meir om utdanniga i fartøyvern på nettsida til Fagskulen Vestland.
Hardanger Fartøyvernsenter, regional læringsarena Vestland
Hardanger fartøyvernsenter har lang erfaring med med restaurering av fartøy og båtar, innreiing av stålfartøy, rigging og smiing. I tillegg har dei spesialkompetanse på tømring, finsnikring og antikvarisk restaurering og er læringsarena for studentar frå Fagskulen Vestland og frå bachelorprogrammet for tradisjonelt bygghandverk ved NTNU.
Les meir om studiet på nettsidene til NTNU.
Smedfaget Odda vidaregåande skule
Ved Odda vidaregåande skule kan du ta eit utdanningsprogram i smedfaget. Tilbodet finst berre ved to skular i landet. Smed er eit viktig yrke å vidareføre til nye generasjonar og er ein viktig aktør innan både bygningsvernet og fartøvernet. Smedar kan mellom anna lage kopiar av gamle bygningsdelar, fartøydelar og verktøy.
Les meir på nettsida til Odda vidaregåande skule.
Utviklingsstipend i tradisjonshandverk
Vestland fylkeskommune deler kvart år ut eit utviklingsstipend i tradisjonshandverk på 50 000 kr. Stipendet skal gje stoltheit og merksemd om rolla som tradisjonsberande handverkarar har i å ta vare på kulturminne og vidareføre den immaterielle kulturarven til framtidas generasjonar. Profesjonelle handverkarar innan tradisjonelle handverksfag som bur og har virket sitt i Vestland fylke kan søke. Stipendet skal nyttast til utvikling gjennom kompetansehevande tiltak.
Les meir om utviklingsstipendet og korleis du søkjer.
Bygningsvernteneste ved musea
Ein anna relevant aktør for å sikre kompetanse på feltet er musea. Det er bygningsvernrådgjevarar ved fleire av musea i fylket, og det er planlagt å tilsetje fleire slik at vi får eit tilbod som dekkjer heile fylket.
Bygningsverntenestena ved musea er ei gratis rådgjevingsteneste som eigarar av kulturminne kan nytte for å få råd om istandsetting, materialbruk og hjelp til søknadar om tilskot.
Rådgjevarane er tilsette ved musea og yter fagleg hjelp i sine respektive regionar både innafor musea, til fylkeskommunen, kommunane, ålmenta, skular, frivillig sektor og næringsdrivande.
Det er bygningsvernrådgjevarar ved