Stipend kultur og idrett
Stipend frå Vestland fylkeskommune skal gje utøvarar innan kunst, idrett og levande tradisjon høve til å utvikle sitt virke i fylket.
Stipendordninga er delt inn i fem stipendkategoriar
- kunstnarstipend
- nynorskstipend
- stipend for levande tradisjon (tidlegare folkemusikkstipend og utviklingsstipend i tradisjonshandverk)
- utviklingsstipend for e-sportutøvarar
- utviklingsstipend for idrettsutøvarar
Du finn informasjon som gjeld spesielt for dei ulike kategoriane her.
Stipenda kan berre søkast av og tildelast enkeltpersonar (ikkje grupper).
Har du mottatt stipend frå Vestland fylkeskommune i perioden 2020 - 2025 skal du rapportere for midlane via dei gamle rapportskjema. Desse er samla på denne sida.
Søknadsfrist
Søknadsfristen 1. juni 2026 for:
- kunstnarstipend
- nynorskstipend
- stipend for levande tradisjon
Søknadsfrist hausten 2026 for:
- utviklingsstipend for e-sportutøvarar
- utviklingsstipend for idrettsutøvarar
Krav til søknaden
Alle søkarar skal bruke nettbasert søknadsskjema ved innsending av søknad. Det kan visast til relevante nettlinkar og leggast ved eitt PDF-vedlegg på inntil 9 MB. Det kan lastast opp lyd- og filmfiler i tillegg, der dette er relevant.
Slik vurderer vi søknadane
Slik vurderer vi søknadene
Kandidatar til stipend blir vurdert etter desse felles kriteria. I tillegg gjeld spesielle kriterium for den enkelte stipendkategori.
- Det blir gjort ei skjønsmessig vurdering av søknaden opp i mot måla for ordninga.
- Det blir lagt vekt på korleis søkar presenterer seg sjølv og sitt arbeid/si satsing og korleis søkar vil nytte ein stipendperiode til utvikling/fordjuping/ fagleg påfyll.
- Det skal leggast vekt på høg kvalitet i prestasjonar, arbeidet og/eller formidling.
- Det er eit mål å stimulere til at det er høve til å leve og arbeide som kunstnar, idrettsutøvar og med immateriell og handlingsboren kulturarv i alle deler av fylket.
- Det skal prioriterast nokre stipend til søkarar i etableringsfasen og/eller under 30 år.
- Det skal vere kjønnsbalanse i tildelinga – ut frå søkarmassen som ligg føre.
- Ved prioritering av søkarar vil det bli vurdert om andre større stipendtildelingar i perioden skal ha betydning.
Sjå også informasjon om kvar enkelt stipendkategori
Slik behandlar vi søknadane
Slik behandlar vi søknadene
Søknadane blir vurderte av fagkomitear. Medlemmane i komiteane blir oppnemnde for to år om gongen.
Fagkomiteane:
- vurderer søknadane fagleg
- gir ei grunngjeven innstilling til kven som bør få stipend
- er rådgjevande
Komitéarbeidet følgjer reglane i forvaltningslova, mellom anna reglar om habilitet og teieplikt.
Kven tek den endelege avgjerda?
Direktør for kultur og folkehelse gjer vedtak om tildeling av stipend, på delegert mynde. Vedtaket blir gjort på grunnlag av innstillinga frå fagkomiteane, men direktøren er ikkje bunden av innstillinga.
Kven oppnemner fagkomiteane?
Det står under kvar stipendkategori kven som nemner opp medlemmane i dei ulike fagkomiteane.
Administrasjonen kan, ved behov, gjere endringar i kven som oppnemner komitémedlemmer. Dette er for å sikre at komiteane til ei kvar tid har rett samansetjing ut frå måla for stipendordninga.
Utviklingsstipend for e-sport og idrett
For utviklingsstipend til e-sportutøvarar og idrettsutøvarar gjer Vestland fylkeskommune vurderinga med fagleg bistand frå Vestland E-sport og Olympiatoppen Vest.
Klage
Vedtak om tildeling av stipend er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Klagefristen er tre veker og blir rekna frå den dagen du fekk skriftleg melding om vedtaket.
Klagenemnda i fylkeskommunen behandlar klaga. I klaga må du skrive kva vedtak du klagar på, kvifor du meiner vedtaket er feil, og kva du ønskjer endra. Du sender klaga til Vestland fylkeskommune.
Oppfølging og rapportering
Oppfølging og rapportering
Stipenda blir betalt ut etter vedtak. Mottakar av stipendet sender faktura til fylkeskommunen. Stipend som ikkje er betalt ut innan eitt år etter vedtak fell bort.
Mottakar av stipend kan ved behov søke om endra bruk av stipendet og eventuell utsett utbetaling.
Mottakar av stipend skal rapportere på bruken av stipendet innan eitt år etter vedtak om tildeling. Rapporten skal vise korleis stipendet er nytta og kva resultat mottakaren har oppnådd.
Om stipendkategoriane
Under finn du spesifikk informasjon som gjeld for dei ulike stipendkategoriane.
Kunstnarstipend
Mål med stipendkategorien
Kunstnarstipenda skal gje skapande og utøvande kunstnarar høve til å utvikle sine kunstnarlege uttrykk eller eksperimentere med nye uttrykk gjennom t.d. ein periode med fordjuping og / eller fagleg påfyll.
Stipend skal også gje merksemd til dei utvalde kunstnarskapa.
Kven kan søke stipend
- Profesjonelle kunstnarar innan alle kunstuttrykk og sjangrar som bur og har sitt virke i Vestland fylke.
- Det er krav om kunstfagleg utdanning eller høg realkompetanse.
- Stipendet kan berre søkast av enkeltpersonar.
- Det blir ikkje gitt støtte til personar som er under formell kunstutdanning / i ein grunnutdanningsfase.
- Om ein tidlegare har fått stipend frå Vestland fylkeskommune skal det gå minst 3 år før ein vil bli vurdert for eventuelt nytt stipend.
Ein kan søke innan desse kategoriane:
- visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)
- musikk
- scenekunst(inkl. dans)
- litteratur og film
Det blir ikkje gitt støtte direkte til instrument, materiale, utstyr ol.
Fagkomité
Det blir nemnt opp rådgjevande fagkomitear for følgande kunstformer:
- visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)
- musikk
- scenekunst (inkl. dans)
- litteratur og film
Komiteane skal setjast saman av fagfolk frå utvalde kunstorganisasjonar og - institusjonar. Det skal vere ei blanding av fagfellevurdering og anna kunstfagleg kompetanse i komiteane.
Følgande organisasjonar blir bedt om å nemne opp medlemmer til fagkomiteane for kunstnarstipend:
Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)
- Bildende kunstneres forening Hordaland
- Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane
- Norske kunsthåndverkere Vest-Norge
- KODE
- Sogn og Fjordane kunstmuseum.
- Hordaland kunstsenter
- Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane
Musikk
- Brak
- Vestnorsk Jazzsenter
- Bergen filharmoniske orkester
- Griegakademiet
Scenekunst (inkl. dans)
- Proscen
- BIT Teatergarasjen
- Bergen dansesenter
- Teaterfestivalen i Fjaler
Litteratur og film
- Norsk forfattersentrum Vestlandet
- Skrivekunstakademiet
- Tekstallianse
- Vestnorsk filmsenter (2 medlemmer)
Nynorskstipend
Mål med ordninga
Nynorskstipend skal synleggjere nynorsk både som språk og kulturberar. Stipendet skal vere med å løfte nynorsken gjennom å gje merksemd til ein kunstnar og formidlar som nyttar nynorsk i sitt virke.
Kven kan søke stipendet
- forfattarar, dramatikarar og formidlarar av nynorsk litteratur og forfattarskap i tekst og på scene
- forlag og institusjonar i kulturfeltet kan søke på vegne av kandidat. Kandidat må samtykke til søknaden
- søkar må ha tilknyting til Vestland gjennom sitt virke
Vurdering av kandidatar
- Søkaren skal gjennom sitt virke vere med å løfte og synleggjere nynorsken.
- Søkaren skal ha tilknyting til Vestland gjennom sitt virke.
Fagkomité
Det blir nemnt opp ein rådgjevande fagkomite for stipendet. Medlemmene i fagkomiteen skal ha høg fagleg kompetanse og tilknyting til etablerte kulturinstitusjonar for å sikre høg fagleg vurdering av søkarane. Samansetjinga av komiteen kan variere år for år etter innkomne søknadar.
Følgande organisasjonar kan bli bedt om å nemne opp medlemmer til fagkomiteen for nynorskstipend:
- Universitetet i Bergen, Litteraturvitskap
- Universitetet i Bergen, Griegakademiet
- Høgskulen på Vestlandet, Kunst og kultur
- Skrivekunstakademiet
- Nynorsk kultursentrum
- Teater Vestland
- Det Vestnorske Teateret
Fagkomiteen innstiller 2 kandidatar i prioritert rekkefølge til stipendet.
Stipend for levande tradisjon
Mål med stipendkategorien
Ordninga skal
Styrke og sikre arbeid med immateriell og handlingsboren kulturarv knytt til
- vestnorsk byggeskikk og maritim kulturarv
- vestnorsk folkemusikk, folkedans og folkesong
Fremje handverksfagleg utvikling knytt til tradert kunnskap gjennom
- auka kompetanse
- dokumentasjon
- utøving av eldre handverkstradisjonar
Kven kan søke stipend
Profesjonelle handverkarar innan tradisjonelle handverksfag
- tradisjonshandverkarar
- verktøymakarar knytt til eldre handverksteknikkar
- instrumentmakarar
Utøvarar av vestnorsk tradisjon for folkemusikk, folkedans og folkesong
Dei som arbeider med dokumentasjon og formidling av immateriell og handlingsboren vestnorsk kulturarv
Søkar må bu og ha sitt virke i Vestland. Det kan gjerast unntak for utøvarar av vestnorsk tradisjon for folkemusikk, folkedans, og folkesong når det er tenleg i høve måla for ordninga.
For handverkarar er det krav om relevant kompetanse eller erfaring.
Vurdering av kandidatar
Vurderingskriterium særskilt for tradisjonshandverkarar:
- nyttar utviklingsstipendet i samband med konkrete istandsettingstiltak på verna eller freda kulturminne
- deling av kunnskap og kompetanse med andre
- ivaretaking av truga immateriell kulturarv
Fagkomité
Det blir nemnt opp ein rådgjevande fagkomite for stipenda. Komiteen skal setjast saman av fagfolk frå utvalde organisasjonar. Det skal vere ei blanding av fagfellevurdering og anna relevant fagleg kompetanse i komiteane.
Følgande organisasjonar blir bedd om å nemne opp medlemmer til fagkomiteen for levande tradisjon:
- Hardingfela.no / Ole Bull akademiet
- Sogn og Fjordane folkemusikklag / Hordaland folkemusikklag
- Sogn og Fjordane Ungdomslag / Hordaland ungdomslag
- Osafestivalen / Førde internasjonale folkemusikkfestival
- Handverkslaget - Foreningen for Tradisjonshandverk
- Fagskulen Vestland, fartøyvern og klassisk bygningshandverk og restaurering
- Hardanger fartøyvernsenter, Hardanger og Voss Museum
Fagleg samansetjing av komiteen kan variere frå år til år alt etter oppnemningar og søknadsbunke.
Utviklingsstipend for e-sportutøvarar
Mål med stipendkategorien
Ordninga skal medverke til at unge og lovande e-sportutøvarar får høve til vidare utvikling og motivere til vidare satsing.
Kven kan søke
- Stipendet skal gå til ein utøvar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan e-sport.
- Utøvar sjølv, trenar eller klubb kan sende inn søknad på vegne av utøvar.
- Søkaren må vere mellom 16 og 25 år og ha tilknyting til ein klubb eller eit organisert e-sportmiljø i Vestland fylke.
- Utøvarar som har større, personlege sponsoravtalar fell utanfor stipendordninga.
Ein person kan berre få stipendet ein gong.
Vurdering av kandidatar
Det blir lagt vekt på følgjande kriterium når ein vurderer søknadar:
- oppnådde resultat
- potensial
- planar for vidare satsing
Fagkomité
Vestland fylkeskommune v/ seksjon for idrett og friluftsliv og Vestlandet E-sport utgjer fagkomite.
Utviklingsstipend for idrettsutøvarar
Mål med stipendkategorien
Ordninga skal gje mottakarane høve til å utvikle seg vidare innan den aktuelle idretten. Stipendet skal også vere ein stimulans til vidare satsing.
Kven kan søke
- utøvarar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan sin idrett
- parautøvarar
- søkaren må representere ein klubb i Vestland fylke
Ein person kan berre få stipendet ein gong. Utøvarar som får toppidrettsstipend frå Olympiatoppen kan ikkje søke.
Vurdering av kandidatar
Det blir lagt vekt på følgjande kriterium når ein vurderer søknadar:
- oppnådde resultat
- potensial/planar for vidare satsing innan idrett
- aldersgruppe 16–25 år. 16–35 år for parautøvarar
Fagkomite
Vestland fylkeskommune v/ seksjon for idrett og friluftsliv og Olympiatoppen Vest utgjer fagkomite.