Regional bransjeutvikling innan kulturelle og kreative næringar
Med denne ordninga skal Vestland fylkeskommune bidra til å utvikle og styrke regionale bransjestrukturar for kulturell og kreativ næring i Vestland.
Ordninga gir tilskot til tenesteutvikling og kompetanseheving innan nærings-, marknads- og forretningsutvikling, som kjem fleire aktørar i regionen til gode. Ho er retta mot regionale kompetansesenter, organisasjonar, nettverk, institusjonar og andre bransjebyggande aktørar med regionalt nedslagsfelt innan kulturell og kreativ næring.
Kulturell og kreativ næring inkluderer bransjane visuell kunst, musikk, scenekunst, litteratur, kulturarv, arkitektur, design, mote, film og spill.
Det er sett av 1,5 millionar kroner til ordninga i 2025.
Søknadsfrist
4. april 2025.
Mål for tilskotsordninga
Tilskotsordninga skal bygge opp under
- visjonen i regional kulturplan for Vestland 2023–2035: Kultur bygger samfunn
- hovudmålet i planen: Alle skal kunne delta, oppleve og skape
Av dei fire satsingsområda i planen er det særleg område 3. Verdiskaping som er relevant for denne ordninga
Målgrupper
Desse kan søkje tilskot frå ordninga:
- regionale kompetansesenter
- organisasjonar
- nettverk
- institusjonar
- andre bransjebyggjande aktørar med regionalt nedslagsfelt innan kulturell og kreativ næring
Søkjarane må vere offentlege eller private organisasjonar eller institusjonar. Primæraktivitetane må vere lokaliserte i Vestland, og søknaden må medverke til utvikling i Vestland.
Søkjarar må vere ei juridisk eining og ha forretningsadresse i Vestland. Det vert ikkje gitt støtte til prosjekt i enkeltbedrifter.
Kva kan de få støtte til?
De kan få tilskot til prosjekt og tiltak som bidrar til bransjeutvikling gjennom auka nærings-, marknads- og forretningskompetanse og/eller betre tenester i Vestland.
Vi gir ikkje støtte til ordinær drift, kulturarrangement (konserter, turnear, framvisingar, utstillingar m.m.) eller forsking.
Krav til søknaden
Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon om
- prosjektet eller tiltaket
- søkjaren og eventuelle samarbeidspartnarar, nedslagsfelt og målgruppe for prosjektet
- korleis arbeidet er planlagt gjennomført
- budsjett for tiltaket
- korleis prosjektet bidreg til bransjebygging
Prosjektet må ha tydelege mål, og ein konkret plan for korleis måla skal nåast.
Søknaden skal sendast på elektronisk søknadsskjema.
Slik vurderer vi søknadane
Prosjektet/tiltaket det blir søkt om støtte til, må oppfylle desse to absolutte kriteria for å verte tilrådd støtte:
- Det skal vere i samsvar med føremålet i søknadsordninga.
- Det skal ha regional kulturverdi, dvs. ha ein kommuneovergripande funksjon og/eller verdi, gjerne for større deler av fylket.
Ordninga vil prioritere prosjekt/tiltak som
- styrkar kunnskapen om kultur som næring
- styrkar omsetninga av kunst, kulturelle og kreative produkt og tenester
- har breidde i finansiering: Om prosjektet kan dokumentere lokal, regional eller privat medfinansiering
- utviklar modeller, metodar eller tenester som kan ha relevans for andre aktørar/regionar (overføringsverdi)
- utviklar nye løysingar eller tenester knytt til formidling, distribusjon og sal av kunstnarisk, kulturelt og kreativt innhald (pilotprosjekt)
I vurderinga av alle søknader vert det lagt vekt på kvalitativt nivå, fagleg innhald, profesjonalitet, berekraft og gjennomføringsevne. Andre omsyn som vert vektlagt er geografisk spreiing og fagleg og sjangermessig breidde. Manglande rapportering frå tidlegare tildelingar, vil også bli vektlagt i vurderinga av søknaden.
Slik fastset vi støttebeløp
Det er sett av 1,5 millionar kroner til ordninga i 2025.
Vestland fylkeskommune fullfinansierer normalt ikkje prosjekt. Det er forventa at søkjar budsjetterer med andre kjelder for finansiering.
Dersom det ikkje er rom for å løyve minst 1/3 av søknadssummen, vil søknaden få avslag.
Slik behandlar vi søknaden
Søknaden vert handsama i avdeling for kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune. Når saksførebuinga er avslutta legg direktøren saka fram for vedtak i hovudutval for kultur, idrett og inkludering (KULII) som er politisk avgjerdsorgan. Alle søkjarar vil bli underretta om utvalet sitt vedtak i eige brev, etter forvaltningslova § 27
Vedtak kan klagast på etter forvaltningslova § 28, som omhandlar klagerett for part eller anna person med rettsleg klageinteresse ved einskildvedtak. Søkjar kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3 – veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar tok imot melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast. Klagen vert sendt til Vestland fylkeskommune.
Oppfølging og rapportering
Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning.
Rapport og rekneskap sendast innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført. Rapporteringsskjema ligg på tilgjengeleg på nettsida om ordninga.
Utbetaling skjer som hovudregel etter at fylkeskommunen har mottatt rapport og rekneskap for tiltaket.
Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll.