Tilskot frå Regionalt kulturfond Vestland
Tilskotsordninga skal bidra til gode lokalsamfunn og eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile Vestland.
Regionalt kulturfond Vestland skal stimulere til auka aktivitet og deltaking i kulturlivet, styrke samspelet mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, forsterke lokal og regional kulturfrivilligheit og bidra til auka kvalitet på kunst- og kulturtilbodet lokalt og regionalt.
Ordninga gjeld for aktørar frå det frivillige og profesjonelle kulturfeltet med aktivitetar i Vestland fylke. Det vert fordelt 27 170 000 kr i ordninga i 2026. Av desse skal minst 5 450 000 kr fordelast til profesjonell kulturformidling til personar over 67 år, og 550 000 kr til folkebibliotek.
Midlar blir i hovudsak delte ut til prosjekt som startar i 2026.
Fullstendige retningslinjer for ordninga finn du her (pdf).
Samlar desse tidlegare ordningane
Gjennom tilskotsordninga samlar vi fleire tidlegare ordningar til kulturlivet i Vestland:
- Regionalt kulturfond Vestland
- Tilskot til prosjekt og tiltak – profesjonell kunst og kultur
- Tilskot til prosjekt og tiltak – frivillig kulturliv
- Kulturelt utviklingsprogram (KUP)
- Regional bransjeutvikling innan kulturelle og kreative næringar
- Tilskot til prosjekt og kompetanseheving i folkebiblioteka
- Den kulturelle spaserstokken
Har du mottatt tilskot frå ei av desse ordningane tidlegare (før 2026) skal du rapportere for midlane via dei gamle rapportskjema. Du finn desse samla på denne nettsida.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. april 2026.
Mål med ordninga
Tilskotsordninga Regionalt kulturfond Vestland skal bidra til gode lokalsamfunn og eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile Vestland. Ordninga skal bygge opp under visjonen «Kultur bygger samfunn» og hovudmålet «alle skal kunne delta, oppleve og skape» i Regional plan for kultur 2023–2035.
Mål med ordninga
Tilskotsmidlane skal
- stimulere til auka aktivitet og deltaking i kulturlivet,
- styrke samspelet mellom profesjonelt og frivillig kulturliv,
- forsterke lokal og regional kulturfrivilligheit,
- bidra til auka kvalitet på kunst- og kulturtilbodet lokalt og regionalt.
Retningslinjene er utforma i samsvar med forskrift om regionale kulturfond, fastsett av Kultur- og likestillingsdepartementet.
Målgrupper og kven som kan søke om støtte
Målgrupper for ordninga
Målgruppe for ordninga er organisasjonar og institusjonar innan det frivillige og profesjonelle kulturfeltet i Vestland, og innbyggarane i Vestland.
Kven kan søke om støtte?
- Ordninga gjeld for frivillige og profesjonelle aktørar innan kulturfeltet med aktivitetar i Vestland. Kulturfeltet gjeld i dette tilfellet aktørar med verksemd innan musikk, scenekunst, visuell kunst, litteratur, dataspel, film og kulturarv.
- Aktørane må vere registrerte i Einingsregisteret og ha hovudverksemda si i Vestland. Unntak kan vere andre norske kulturaktørar som gjennomfører prosjekt i Vestland.
- Aksjeselskap som søker må ha eit ideelt føremål i vedtektene. Unntak gjeld søknader som har mål om å bidra til å utvikle og styrke regionale bransjestrukturar for kulturell og kreativ næring i Vestland.
- Kommunar som søker må dokumentere samarbeid med minst éin aktør frå kulturlivet, og må bidra med minst 50 prosent eigendel. Det blir gjort unntak for kravet om eigenandel og tilleggskriteria i støttekategori 2 og 3 for prosjekt i regi av folkebibliotek i Vestland eller prosjekt der målgruppa er innbyggarar over 67 år som treng særskild tilrettelegging.
Kva får støtte, og kva får ikkje støtte?
Dette støttar vi – prioriteringar
Fylkeskommunen har eit særleg ansvar for å bidra til mangfald og breidd i kulturlivet i heile fylket. Det blir derfor lagt vekt på at tilskota blir fordelte til tiltak med geografisk og sjangermessig spreiing, som samla sett bidreg til ei breidd i kunst- og kulturuttrykk frå eit mangfald av stemmer og aktørar. Det er særleg viktig å støtte opp under kunst og smalare kulturuttrykk også i distrikta.
Det kan bli gitt tilskot til tiltak og aktivitetar i heile Vestland. Fylkeskommunen prioriterer følgjande i ordninga, jf. satsingar i regional plan for kultur:
- prosjekt som bidrar til eit nyskapande og utforskande kulturliv
- prosjekt som styrkar nettverk, kunnskap og/eller mangfald
- prosjekt som bidrar til kunst- og kulturformidling og/eller som utviklar eller styrkar felles løysingar og samarbeid mellom aktørar i ulike delar av fylket
- prosjekt som utviklar og styrker kulturelle og kreative næringar gjennom kompetanseheving, nettverksbygging eller tenesteutvikling
- prosjekt i regi av folkebibliotek som fører til kompetanseheving av bibliotektilsette, utvida tilbod og betre tenester for publikum, og som er nyskapande eller nytt i det aktuelle biblioteket
- prosjekt som legg til rette for profesjonell kulturformidling til personar over 67 år, med særleg prioritering av einslege heimebuande og institusjonsbuande (tidlegare Den kulturelle spaserstokken)
Søkarane skal velje ut éi prioritering og må i tillegg oppfylle eitt eller fleire føremål i ordninga.
Dette støttar vi ikkje
- investering i eller vedlikehald av bygg eller anlegg
- større investeringar i utstyr, instrument eller faste installasjonar
- aktivitetar eller tiltak som hovudsakleg inneber idrett eller friluftsliv
- kausjon eller annan økonomisk garanti
- investeringar i tilskotsmottakars eigenkapital
- renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
- ordinær drift*
- grunnutdanning eller reine forskingsprosjekt
- produksjonsfasen av kunst innan visuell kunst, musikk, scenekunst eller skjønnlitteratur, då ordninga ikkje er innretta for å vurdere tidleg fase av kunstprosjekt
Eksempel på kva som ikkje bli rekna som ordinær drift:
- mellombelse prosjekt eller eingongstiltak med særskild finansiering
- pilotprosjekt for å teste nye metodar, formidlingsformer eller publikumsarbeid
- nyskapande eller eksperimentelle tiltak utanfor kjerneverksemda, t.d. i samarbeid med andre
- strategiske satsingar som inneber vesentlege endringar frå det ordinære tilbodet
Krav til søknaden
Søknadene må vere innanfor verkeområdet kunst og kultur.
Søkarar som har fått anna fylkeskommunal støtte må synleggjere korleis tiltaket går ut over ordinær drift eller allereie innvilga støtte.
Alle søkarar skal bruke nettbasert skjema og budsjett. Søknaden må vere sendt på rett måte innan søknadsfristen.
Det er mogleg å søkje om støtte til eittårige prosjekt. Unntak er støtte til prosjekt som bidrar til eit nyskapande og utforskande kulturliv og støtte til prosjekt som styrkar nettverk, kunnskap og/eller mangfald (prioritering 1 og 2), som kan få støtte i opptil tre år.
Ved søknadsbeløp over 100 000 kr (støttekategori 2 og 3), skal søkar legge ved
- ei utdjupande prosjektskildring eller prosjektplan
- ein plan for kommunikasjon og formidling av resultata frå prosjektet.
Slik vurderer vi søknadane
Ordninga har tre ulike støttekategoriar for søknadsbeløp (sjå «Slik fastset vi støttebeløp» under). Søknader i alle tre støttekategoriar må vere relevant for eit eller fleire føremål og ei av prioriteringane.
Ved søknadsbeløp over 100 000 kr (støttekategori 2 og 3) gjeld desse tilleggskriteria:
Søknadene blir vurdert utifrå kriterium om behov og relevans:
- Prosjektet må vere relevant for kulturlivet i Vestland.
Det inneber at prosjektet anten har betydning utover éin kommune, og/eller at det bidreg til utvikling av kulturfeltet i Vestland gjennom kvalitet, eigenart, nytenking eller ved å styrkje samarbeid, kompetanse eller strukturar i feltet. Ved vurderinga av regional relevans blir det lagt størst vekt på prosjektet sitt innhald og utviklingsbidrag, innanfor ei heilskapleg vurdering av den enkelte søknaden. - Det er gjort greie for prosjektet sitt behov og relevans (t.d. ved å vise kva andre aktørar gjer, kor det er manglar i eit tilbod, kva som er nytt i sektoren/bransjen e.l.).
Søknadene blir vurdert utifrå kva resultat prosjektet planlegg å få
- søkar skal vise korleis prosjektet kan nå måla i ordninga og korleis målgrupper og publikum kan dra nytte av tiltaket,
- søkar må skildre kommunikasjons- og formidlingsaktiviteter for å nå ut til aktuelle målgrupper,
- søkar skal gjennom prosjektutforminga og gjennomføringa ta omsyn til klima- og miljø,
- søkar skal gjennom prosjektutforminga og gjennomføringa ta omsyn til kjønnsbalanse, inkludering og mangfald.
Søkar må vere merksam på at søknadene kvart år blir vurdert på nytt opp imot samla søkarmasse.
Slik fastset vi støttebeløp
Regionalt kulturfond er finansiert gjennom midlar som er sett av i statsbudsjettet frå Kultur- og likestillingsdepartementet, i tillegg til fylkeskommunen sine eigne budsjettmidlar.
Det kan bli gitt støtte til eitt- eller fleirårige prosjekt. Ved fleirårige prosjekt blir heile søknadssummen løyvd første året det blir løyvd midlar til prosjektet, men midlane blir utbetalte over tre år.
Ordninga har tre ulike støttekategoriar
- 10 000 kr – 100 000 kr: Mindre prosjekt med kort planleggingshorisont.
- 100 000 kr – 300 000 kr: Større krav til relevans for kulturlivet i Vestland.
- 300 000 kr – 1,5 mill. kr: Særleg store krav til relevans for kulturlivet i Vestland. Særskilt omfattande regionale prosjekt kan gå ut over maksimalt søkt beløp.
For prioritering 1–4, er det forventa at søkar budsjetterer med andre kjelder for finansiering, og dette kan spele inn på vurderinga av prosjektet. Det er krav om minst ⅓ eigenandel. Eigenandelen kan anten vere eigeninnsats eller eigne midlar. For prioritering 5 og 6 gjeld ikkje kravet om eigenandel.
Midlane blir tildelte i samsvar med gjeldande regelverk for offentleg støtte, jf. EØS-avtalen artikkel 61 (1). Dersom tiltaket inneber økonomisk aktivitet, kan statsstøtteregelverket avgrense kor stort tilskot som kan givast.
Slik behandlar vi søknadane
Vestland fylkeskommune legg forvaltningslova til grunn for all søknadsbehandling. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. forvaltningslova.
Avdeling for kultur og folkehelse førebur og gjer kulturfaglege vurderingar av søknadene, som blir lagt fram for politisk behandling og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Fylkeskommunen gjer enkeltvedtak i kvar søknad. Vedtak om tilskot eller avslag skal grunngjevast, i tråd med forvaltningslova. Søknadene skal vanlegvis vere behandla innan tre månader etter søknadsfristen.
Klage
Du kan klage på enkeltvedtak som fylkeskommunen har gjort, i tråd med forvaltningslova § 28 andre ledd. Klagefristen er tre veker og blir rekna frå den du fekk melding om vedtaket.
Klagenemnda i fylkeskommunen behandlar klaga. I klaga må du skrive kva vedtak du klagar på, kvifor du meiner vedtaket er feil, og kva du ønskjer endra. Du sender klaga til Vestland fylkeskommune.
Oppfølging og rapportering
Tilskotet skal brukast slik det står i retningslinjene og i vedtaket om tilskot. Prosjektet skal gjennomførast på den måten og i det tidsrommet som er oppgitt i søknaden. Dersom det skjer vesentlege endringar i prosjektet, må tilskotsmottakaren melde frå skriftleg til saksbehandlar for vurdering og godkjenning.
Tilskotsmottakar skal levere rapport om bruken av tilskotet til fylkeskommunen når prosjektet er avslutta. Fylkeskommunen kan og krevje rapport undervegs. Sluttrapporten skal innehalde rekneskap for prosjektet og annan informasjon som er nødvendig for at fylkeskommunen kan kontrollere bruken av midlane og oppfylle sine plikter. For tilskot over 500 000 kr skal rekneskapen vere stadfesta av revisor.
Fylkeskommunen kontrollerer at tilskotet er brukt i tråd med føresetnadene, basert på ei vurdering av risiko og vesentlegheit. Tilskotsmottakar skal gi alle nødvendige opplysningar dersom fylkeskommunen ber om det.
Fylkeskommunen kan krevje heile eller delar av tilskotet tilbake dersom det er utbetalt tilskot i strid med retningslinjene, eller om tilskotet ikkje er nytta i samsvar med føresetnadene for tildelinga.