Oppdrag som kunstkonsulent for prosjekt ved Sogndal vidaregåande

Vestland fylkeskommune inviterer profesjonelle kunstnarar til å melde interesse for kunstprosjekt i samband med rehabilitering av eksisterande symjehall i Sogndal, inkludert tilbygg med opplæringsbasseng. Søknadsfristen er 19. desember kl. 15.00.

Det er Hordaland kunstsenter som utlyser konkurransen på vegner av Vestland fylkeskommune. Vi søkjer etter ein kunstkonsulent for rehabiliteringa av den eksisterande symjehallen i Sogndal, inkludert eit tilbygg med opplæringsbasseng.

Brukarar av bygget er grunnskule, vidaregåande skule, Røde Kors, dykkarklubben, revmatikarar, idrettslaget, frisklivssentralen, astmatikarar, babysymjing og born og vaksne med behov for habilitering.

Leiar kunstutvalet

Det er sett av 1 030 590 kroner til kunst i prosjektet. Honoraret/godtgjersla til kunstkonsulentens er sett til inntil 10 prosent av kunstbudsjettet.

Kunstkonsulenten vil fungere som leiar av kunstutvalet, der representantar frå Vestland fylkeskommune (eigedomsavdelinga og avdeling for kultur og folkehelse), arkitekt og ein brukar vil vere representert. Kunstkonsulenten må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner. Tidlegare erfaring frå oppdrag som kunstkonsulent kan bli vektlagt. Arbeidet i kunstutvalet vil starte så snart som mogleg.

Informasjon om bygget

  • Byggekostnadar: 121,3 kr
  • Sum kunstprosjekt: 1 030 590 kr
  • Storleik: ca 1700 m2
  • Plassering: Lunnamyri 2, 6856 Sogndal
  • Funksjon: Symjehall
  • Arkitekt/entreprenør: Norconsult/HS Bygg
  • Framdrift: Detaljprosjektering pågår. Oppstart bygging november/desember 2025. Overtaking 1. juli 2027

Søknaden skal innehalde

  • ein kort tekst som grunngir kvifor du ønskjer dette oppdraget
  • relevant CV
  • kontaktinformasjon