Nynorskstipend

Nynorskstipendet til Vestland fylkeskommune er på 150 000 kroner og blir delt ut for første gong i 2025. Fristen for å nominere kandidatar er 15. september. 

Stipendet skal gå til ein kunstnar som nyttar nynorsk i arbeidet sitt som forfattar, dramatikar eller formidlar. Det skal vere med og syne fram nynorsk som språk og som kulturberar, og det skal delast ut årleg. 

Bakgrunnen for nynorsksstipendet til Vestland fylkeskommune var tildelinga av Nobels litteraturpris for 2023 til Jon Fosse. Som heimfylke til Fosse ønskte Vestland å heidre forfattaren og gjer det no i form av dette stipendet. 

Kven kan få stipendet? 

Nynorskstipendet blir lyst ut nasjonalt, men den som får det må ha tilknyting til Vestland gjennom arbeidet eller kunsten sin. Stipendet kan gå til forfattarar, dramatikarar og formidlarar av nynorsk litteratur og forfattarskap i tekst og på scene. 

Kven kan nominere kandidatar til stipendet? 

Alle kan nominere kandidatar til stipendet. Det er også høve til å nominere seg sjølv. 

Du melder inn nominasjonen/-ane dine i det digitale skjemaet du finn lenke til på denne sida 

Nominasjonsfrist 

  1.  september 2025.
  • Den nominerte skal gjennom virket sitt vere med å løfte og synleggjere nynorsken. 
  • Det blir lagt vekt på høg kvalitet i arbeidet og/eller formidlinga. 
  • Den nominerte skal ha tilknyting til Vestland gjennom virket sitt. 

 

Ein fagkomité innstiller to kandidatar til stipendet i prioritert rekkefølgje. Innstillingane skal vere grunngjevne. Basert på dette gjer direktør for kultur og folkehelse vedtak om kven som får stipendet.  

Komitéarbeidet skal bygge på god forvaltningsskikk og bestemmingane i forvaltningslova om m.a. habilitet og teieplikt. Medlemmane i fagkomiteen skal ha høg fagleg kompetanse og tilknyting til etablerte kulturinstitusjonar og -organisasjonar for å sikre høg fagleg vurdering av dei nominerte. 

Fagkomitéane for kunstnarstipend oppfyller kriteria for komitéarbeidet og er utgangspunkt for samansetting av komiteen. Fagkomiteen vil bli supplert med kompetanse spesielt knytt til nynorsk språk, og samansetjing av komiteen kan variere frå år til år ut. 

Vedtak om tildeling av stipend er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Det er såleis klagefrist på vedtaket innan 3 veker etter at det er gjort kjent kven som får stipendet. Dei som nominerer kandidatar til stipendet har klagerett på vedtak om tildeling. 

Den som får stipendet, må sende ein kortfatta rapport om korleis stipendet er brukt innan to år etter tildelinga.