Kunstverk av Tore Reisch på Stord vgs.
Alle foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Kunstverk av Tore Reisch

Kunstprosjektet består av tre skulpturar, der den som er inne i Hjarterommet er hovudverket. Dei tre skulpturane er relaterte til kvarandre og skapar ei forteljing.

Tittel
Tatt av vinden 1, 2 og 3
Kunstnar
Tore Reisch
Stad
Stord vgs.: i velkomstaksen ved hovudinngangen, inne og i atriet
Materiale
Tre
Årstal
2025

Prosjektet er inspirert av naturkreftene på Stord. Omgitt av hav har folk på Stord tilpassa seg naturen i all slags vêr. Utviklinga i teknologi har vore med på å forme det som er Stord i dag. Ny teknologi tek sikte på berekraftig utvinning av naturressursane, samstundes som vi veit at denne teknologien òg er med på å påverke klima til endå sterkare vind og vêr.

Prosjektet ønsker å vise korleis vi menneske tek del i å forme naturen rundt oss på godt og vondt, gjennom å lage eit bilde på naturen i skulpturell form, der både gamle og moderne teknikkar er tekne i bruk.

Dei to skulpturane som er plassert utandørs er laga i kjernerein furu og hogd ut med treskjerarjern. Begge er måla med pigmentert Møretyri terrasseolje. Det store treet i Hjarterommet er sett saman av stammar av or, lønn, selje, ask og litt furu. Treet er måla med cyanpigmentert linolje og forma med treskjærerverktøy.