Eviggrønn av Phillip Spillmann
Kunstnar har laga åtte veggskulpturar med utgangspunkt i brukte spadeblad i ulike storleikar og fargar. Spadeblada er forma ved hjelp av gullsmedverktøy og sett på lange «spadeskaft». Skulpturane er monterte på to veggar, samla i mindre grupper.
- Tittel
- Eviggrønn
- Kunstnar
- Phillip Spillmann
- Stad
- Stord vgs.: gang ved tilrettelagt opplæring, plan 1
- Materiale
- Metall og tre
- Årstal
- 2025
Utforminga av spadeblada gjev assosiasjonar til blader av monstera (også kalla vindaugsblad) og kristtorn. Kristtorn er Noregs einaste eviggrøne lauvtre og trivst særs godt i det milde klimaet på Stord. Ikkje utan grunn finn ein kristtorn i kommunevåpenet.
Monstera er ei eviggrøn, tropisk klatreplante med svært karakteristiske blad. Blada er store, hjarteforma, blanke og ofte gjennomhola. Planta kom til Europa frå Sør-Amerika midt på 1700-talet og blei raskt ei populær stoveplante. På Leirvik kan ein sjå den til dømes på kulturhuset, i kjøpesenteret, i restaurantar, i butikkvindauge og i private heimar. Nokre er levande, andre er masseproduserte i plast.
Kulturhistorisk sett har mange blad spela roller som symbol og motiv i kunsten: kløverblad, vinblad, tempeltreets blad (ginko) og eikeblad, er nokre døme. Som i kommunevåpenet til Stord er også våpenskjoldet oftast utforma som eit (spade)blad.