Kunstverk på fasaden på Førde vgs.

Lysning

Kunstverket på fasaden gir rom for både undring, ro og refleksjon.

Tittel
Lysning
Kunstnar
Liv Anne Lundberg og Kyrre Andersen
Stad
Førde vidaregåande skule
Materiale
Plasmaskåra og hamra stål
Årstal
2023

Noko av intensjonen til kunstnarane var å skape ein dialog med bygget, både det som føregår bak fasaden, men òg naturen og busetnaden rundt. Dei gjer dette ved å bruke element frå naturen. Andersen og Lundberg stiller spørsmål om korleis ein oppfattar ting og vil gjennom utforminga av treet invitere til refleksjon.

Kunstverket er tilsynelatande enkelt, men er også mangefasettert og har fleire meiningsbærande lag.

Dei sterke grafiske kvalitetane og materialbruken samspelar svært godt med øvrige materialar i fasadene og opner for mange ulike assosiasjoner. Kunstverket er vakkert og dekorativt, det er enkelt,  men effektfullt, og det er ikkje høglydt.

Det kjem fleire bilde av kunstverket seinare.