Kunstverket Elva fann seg eit nytt leie i hjarterommet på Førde vidaregåande skule.

Elva fann seg eit nytt leie

Njål Lunde ser til historia og naturen i Førde for inspirasjon i verket Elva fann seg eit nytt leie.

Tittel
Elva fann seg eit nytt leie
Kunstnar
Njål Lunde
Stad
Førde vidaregåande skule - Vis i kart
Materiale
Kryssfinér med UV-flatbedprint og svipenteikning
Årstal
2023

Han problematiserer forholdet mellom teknologi og natur i eit langt historisk perspektiv. Visuelt er kunstverket bygd opp av bobler, som kunstnaren refererer til som tankekart. Menneska er vekke i scenografien, men motiva syner at dei er til stades gjennom det dei byggjer og skaper, og korleis dei er i dialog med naturen.

Kunstverket er akademisk, intellektuelt stimulerande og leikent. Det er sofistikert både i konsept, godt utforma, men samstundes lett å nærme seg og godt klargjort. Tematikken spenner mellom historie, natur, matematikk, teknologi, biologi og geologi. Kvart tema har også ein utdjupande tekst som tydeleggjer det globale og lokale perspektivet. Formspråket er figurativt med enkel og estetisk vakkert utforming. 

Alle foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune