Skulptur i syrefast stål og aluminium på Førde vidaregåande skule.

Dodecahedron

Skulpturen er konstruert med utgangspunkt i ein open dodecahedron, som er ein tredimensjonal femkant.

Tittel
Dodecahedron
Kunstnar
Hans Martin Øien
Stad
Førde vidaregåande skule - Vis i kart
Materiale
Syrefast stål, vannskore aluminium, eik og teak
Årstal
2023

Skulpturen har perforerte veggar som gjengir motsetninga mellom arkitektur og natur samstundes som han refererer til talsystema i naturen og livet som oppstår i samsvar med desse.

Nokre av perforeringane er baserte på vitskaplege notat av planter som har ei femdelt inndeling i oppbygginga si. Dei øvre perforeringane har motiv av ulike organismar – dyr og insekt som bevegar seg i mønsteret som oppstår i sammensetninga av dodecahedronen.

I mykje av tida som elevane er på skulen i vinterhalvåret, har lyssetjinga stor betydning for inntrykket av skulpturen sett inne frå bygget. Materialet i skulpturen reflekterer lyset og omgjevnadane, han skiftar farge og framtoning etter som lyset endrar seg gjennom døgnet. 

Skulpturen er montert på kraftige stålfjører som gir rørsle når nokon sit inne i skulpturen.

Alle foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune