Svart tusjteikning direkte på trevegg.
Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Vandring

Kunsten til Kay Arne Kirkebø er sett saman av ei stor veggteikning i tusj og 27 tusjteikningar i glas og ramme i gangareal i fjerde etasje.

Tittel
Vandring
Kunstnar
Kay Arne Kirkebø
Stad
Askøy vidaregåande skule - Vis i kart
Materiale
Tusjteikning direkte på vegg og 27 innramma orginalteikningar
Årstal
2024

Teikningane skal kunne opplevast både på nært hald og frå avstand. Den store veggteikninga strekk seg frå golv til tak over eit relativt stort område på veggen. I gangen kjem ein tett på teikningane i glas og ramme; dei viser menneske og detaljar i det små og det store. Ein får ei kjensle av det uendelege, det vesle mennesket opp i mot store komplekse byggverk.

Arbeida på dei to veggane kan opplevast som ei samanhengande forteljing/reise. Alle bilda er nøyaktig teikna i forhold til kvarandre. Ein kan som betraktar følgje ein slags sti som går gjennom alle teikningane.

Kunstnaren seier sjølv

Teikningane skildrar eit maskinsamfunn der menneska samarbeider for å halde dei massive romma operative. Her blir plattformer senka og reiste, sjakter transporter rom frå ein plass til ein annan og geometriske former blir flytta rundt på skinner og til slutt dannar nye passasjar.

Kvart rom er ei gåte som kan løysast, og bilda kan lesast som instruksjonar på korleis desse romma skal navigerast.