Inngangspartiet til Askøy vgs og Kipo kultursal, med kunstverk i stein og stål ved inngangen.
Foto: Grete Unstad/Vestland fylkeskommune

Aksling

Ved inngangspartiet på Asky vgs. møter du kunstverka til Turid Uldal.

Tittel
Aksling
Kunstnar
Turid Uldal
Stad
Askøy vidaregåande skule, inngangspartiet - Vis i kart
Materiale
Bevegeleg skulptur laga av ulike materialar: stein, stål, ledlys og folie
Årstal
2024

Skulpturen Aksling er sett saman av to store steinhjul som kviler på bakken, ein stødig hjulaksling held dei saman og ber ei høg, smekker, bøygd stålstong, som har ei roterande sky på toppen. Skya kan symbolisere den frie tanken, eller den digitale skya kor alt blir lagra – verdsveven som spinn rundt og vev trådar i alle retninga. Hjula i stein symbolisere handverk, det viser til historia, utvikling og fart. På dei to veggane under tak ved hovudinngang inn mot kantina er det to lysskulpturar. Fargane endrar seg gjennom dagen, objekta kastar skuggar mot to runde, kvite sirklar. Det er som om lysobjekta får energi frå den roterande skya øvst på skulpturen Aksling.

Aksling symboliserer og fagtilboda ved Askøy vgs., der det  praktiske, teoretiske og teknologiske er sidestilt. Elevane blir rusta til å møte nye og komplekse oppgåver og strukturar, som vi er avhengige av i eit moderne samfunn.

Sjå video av den roterande skya på toppen av skulpturen på YouTube.

Kunstnaren seier sjølv

Hovudideen er å beskrive den teknologiske utviklinga til menneske, og den gjensidige avhengigheita det er mellom teori og praksis. 

Hjulet seiest å vere den viktigaste oppfinninga til mennesket, og dei to hjula med den essensielle akslingen mellom dei symboliserer denne starten på teknologien og handverdsutviklinga til mennesket. Den roterande skya, roterande høgt over bakken, kan seiest å vere eit symbol på den moderne teknologien vår. I dag lagrast det meste i skya. Mennesket lever i dette spennet mellom praktiske handlingar og digital kunnskap som er tilgjengeleg på få sekund.

Skya på toppen roterer i vinden. Dette spelar også på utvikling av vindkraft som fornybar energi. 

Røyra frå skulpturen går inn i veggen og dukkar opp igjen som “søkjelys” som spreier sitt undersøkjande lys ut over to uidentifiserte objekt på bakveggen og ved hovudinngangen. Søkjelysa synleggjer dette rare ukjente på veggen og gjer det mogleg å studere det nærare. Å lære dreier seg jo om dette: Å sjå på noko vi ikkje veit noko om, eller skjønnar noko av, bli nysgjerrig, undersøkje det nærare, og så tileigne oss ny kunnskap. Lyset i søkjelysa er programmerte i ein roleg puls, der ulike fargespekter endrar seg under ulike lysforhold i løpet av dagen. Mest synlege i vintermørket, men også i mildare fargeklangar på dagtid.