Kunstverk med rund lampe i midten og blå element rundt.
Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Supernova

Verket til Eivind Blaker strekk seg frå golv til tak på veggen ved heissjakta. Eit høgt og smalt relieff i blåtonar, med ein lysande kvit sirkel i sentrum.

Tittel
Supernova
Kunstnar
Eivind Blaker
Stad
Askøy vidaregåande skule - Vis i kart
Materiale
Måla kryssfiner og rund lyskasse
Årstal
2024

Uttrykket minner om teikneseriar og er stilisert, utført i trepanel og lagt lagvis på ulike nivå, slik at dette dannar eit relieff. Motivet er inspirert av ei stjerne, ei supernova, som blir til ein eksplosjon av energi. Verket utstrålar dynamikk og energi på den høge veggen – noko som kan kome godt med når ein spring opp og ned trappa ved heissjakta eit uttal gong gjennom dagen.

Kunstnaren seier sjølv

Kunstverket Supernova er eit 11,53 meter høgt og 2,6 meter breitt relieff i 164 bitar, fordelte på 14 plater og med ei lampe i midten. Det viser eit kvitt sirkulært lysande senter som blir sprengt utover i strålar, strekar og fargar. Det er farga i mange forskjellige blåtonar fra lyst i senteret til mørkare utover kantane. Motivet førestiller ei stjerne som eksploderer. Men det er meint å vere abstrakt nok til at andre kan tolke det som noko anna.

For eksempel kan ein sjå på det som The Big Bang. Det skal gi den som ser på ei kjensle av energi og at store krefter er i sving. Sidan arbeidet er relativt stort og er plassert i eit trapperom, kan det sest frå mange vinklar. Derfor ønska eg å bruke relieff-teknikken der du får ekte skuggar og høve til å sjå under strålane og frå sida for å gjere kunstverket spennande frå alle vinklar.

Opplevinga av å sjå rett i senter på lampen, og det å kikke ned fra øvste etasje håpar eg gir ganske forskjellige opplevingar.