Stort kunstverk på trevegg og ved trapp inne på Askøy vgs.
Foto: Grete Unstad/Vestland fylkeskommune

Kartet og terrenget

Rett innafor døra ved hovudinngangen er det eit stort arbeid – tilsynelatande abstrakt og laga i eit slags relieff.

Tittel
Kartet og terrenget
Kunstnar
Lars Skjelbreia og Aleksander Stav
Stad
Askøy vidaregåande skule - Vis i kart
Materiale
Relieff på vegg. Acrylic one, glasfiber, sand, måling
Årstal
2024

Ser vi nærare etter, ser vi at det er eit utsnitt av eit kart, og kanskje kjenner vi igjen delar av Askøy og leitar etter kjende stadar, eller området skulen er på.

Kunstverket er laga av Lars Skjelbreia og Aleksander Stav.

Den store veggen er delvis dekt av varme jordfargar, med innslag av friskt blått og lyse farga. Vi kan sjå det som eit stort abstrakt veggmåleri eller eit veggrelieff. Lys frå takvindauga gir skugge, og verket vil endre seg under dei ulike lysforholda.

Kunstnarane seier sjølv

Det er noko universelt tiltrekkande med miniatyrar og kart. Dei gir oss eit overblikk, dei får oss til å tenke på ein romleg måte, og dei tar oss med inn i andre verkelegheiter. Kart hjelper oss med å gi mening til posisjonen vår, dei gir ein form for orden i komplekse omgjevnadar og situasjonar. Kartet utvidar forståinga av kvar vi er oss i ein større heilskap.

Kunstverket leikar med skala, sted og posisjon. Forholdet mellom kartet og terrenget er forholdet mellom eit objekt og representasjonen av objektet. Det er eit grunnleggande forhold som vi også finn mellom teori og praksis, som står sentralt i skulegangen.