To kunstverk med organisk ramme, eitt stort og eitt mindre, i blåtonar. Opphengt på trevegg.
Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Insulae fortunatae – De lykkelige øyer

Kunstverka til Line Sæverud Hvoslefs strekk seg som organiske objekt over fleire veggparti i gangareal i tredjeetasjen.

Tittel
Insulae fortunatae – De lykkelige øyer
Kunstnar
Line Sæverud Hvoslef
Stad
Askøy vidaregåande skule - Vis i kart
Materiale
Trykk på pleksiglas montert i organiske trerammer
Årstal
2024

Motiva er utførte i digitalt trykk på pleksiglas og er omkransa av den organiske treramma. I kunsten til Line Sæverud Hvoslefs møter du det fabulerande. Kva er det du ser?

Er det eit landskap, er det i luft eller under vatn. Tankane kan gå i ulike retningar, verket gir assosiasjonar til landskap og noko kjent, samtidig som det representere ei open fantasiverd. Kombinasjonen av gjenkjennelege og besynderlege organismar i landskap er noko kunstnaren har jobba med over lang tid.

Kunstnaren seier sjølv

Eg har arbeidd med vassbasert måling (akvarell og gouache) på papir. Intuitivt, fabulerande og organisk. Vidare har eg omarbeidd enkelte av desse motiva med tusj slik at ein nokre stedar opplever attkjenneleg natur. Foto av desse arbeida er utgangspunktet for dei 18 organiske formene som utgjer utsmykkinga.

Eg har utarbeidd dei organiske formene og fått dei freste ut i plexiplater. Utvalde detaljar eller også heile bilde er printa på baksida av glasa og vidare lagt inn i tilpassa trerammer. Desse er monterte «svevande» som øyer på den massive treveggen. Ønsket er at elevane sjølve skal kunne fabulere vidare i motiva. «Øyene» skal fungere både på avstand og på nært hald. Og forhåpentlegvis opne opp for undring og pirre fantasien.

Tittelen Insulae fortunatae – De lykkelige øyer (etter latin): landområde som etter gamle antikke førestillingar skulle ligge langt ute i Atlanterhavet, og der menneska levde i rein lukke og sorgløyse. Altså handlar det om førestillingar om noko tenkt og ikkje verkeleg. Det handlar om draumar vi alle har i oss.