Kulturpris for Vestland
Vestland fylkeskommune deler ut ein kulturpris på 50 000 kr kvart år. Prisen blir delt ut for første gong i 2025, og fristen for å nominere kandidatar er 15. september.
Kulturprisen kan gå til personar, lag og organisasjonar som
- har vore ein spydspiss i kunst- og kulturlivet i fylket, og bidrege til å syne fram Vestland som leiande kulturregion
- viser kulturinnsats utover det vanlege, og med tyding for heile eller ein større del av fylket
- viser kreativitet og evne til nyskaping og/eller har gjort ein særleg innsats i å ivareta og formidle kulturarven
Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeid med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.
Slik nominerer du nokon til fylkeskulturprisen
Du sender nominasjonen din via eit digitalt skjema. Der du må grunngje kvifor du meiner den eller dei du nominerer, fortener prisen. Du kan ikkje nominere deg sjølv.
Dette får prisvinnaren
Fylkeskulturprisen er på 50 000 kr. I tillegg får kulturprismottakaren eit diplom eller anna høveleg teikn på kulturprisen.
Tildelinga av fylkeskulturprisen vert offentleggjort når hovudutval for kultur, idrett og inkludering har gjort vedtaket sitt. Utdelinga skjer i samband med fylkestinget i desember kvart år.
Nominasjonsfrist
15. september 2025
Slik behandlar vi innkomne nominasjonar
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering avgjer om prisen skal delast ut, og kven som skal få han. Direktøren vurderer og innstiller kandidat(ar) til fylkeskulturprisen.