Kulturelt utviklingsprogram
Kulturelt utviklingsprogram er for utviklingsprosjekt og -tiltak innan kunst- og kulturfeltet. Søknadsfristen er 2. september 2024.
Kulturelt utviklingsprogram (KUP) er eit verkemiddel for større satsingar i kulturlivet i Vestland, og skal støtte nyskapande og målretta utviklingsprosjekt initierte av kulturlivet sjølv. Programmet skal bygge opp under visjonen i regional kulturplan for Vestland 2023–2035, Kultur bygger samfunn, og hovudmålet i planen: alle skal kunne delta, oppleve og skape.
Programmet skal bidra til å gjennomføre viktige satsingar i Regional plan for kultur og medfølgjande handlingsprogram for 2023–2026. Særleg er satsingar knytt til auka og meir mangfaldig deltaking og for utvikling av samarbeid og nettverk for å byggje og ivareta ein berekraftig infrastruktur for kulturlivet, gjennomgåande og vektlagt.
Det er 6 650 000 kr til fordeling gjennom kulturelt utviklingsprogram i 2024.
Kven kan søkje?
- Søkjar og prosjektet sine primæraktivitetar skal vere lokaliserte i Vestland.
- Søkjaren skal vere offentlege eller private organisasjonar/institusjonar med ideelt føremål i sine vedtekne retningsliner. Registrerte einskildføretak kan også søkje.
- Private einskildpersonar kan ikkje søkje, med unntak av tilfelle der føresetnaden er at det vert etablert ein organisasjon dersom søknaden blir innvilga.
- Kommunar har høve til å søkje, men må dokumentere samarbeid med minst ein aktør frå kulturlivet elles.
Kva kan ein få støtte til
KUP kan støtte nye, større regionale satsingar i kulturlivet i Vestland, inkludert nyskapande og målretta utviklingsprosjekt initierte av kunst- og kulturlivet sjølv. Tiltaket/prosjektet må medverke til utvikling av kulturlivet i Vestland.
Prosjekt som får støtte frå kulturelt utviklingsprogram skal stette minst eit av dei fire satsingsområda i planen:
- Vestland – ein leiande region
- deltaking, demokrati og mangfald
- verdiskaping
- kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling
Søknadene skal gjelde 1–3-årige prosjekt, og vere innanfor virkefeltet kunst og kultur.
Det er mogleg å søkje forprosjekt og hovudprosjekt. Eit forprosjekt kan omhandle konsepteller idéutvikling og kan motta KUP-støtte i 1 år. Om ein søkjer om eit hovudprosjekt skal det ligge føre ein klår prosjektplan, det kan løyvast støtte for 1–3 år.
Alle tilrådde tiltak og prosjekt skal ha regional verdi – geografisk og/eller funksjon.
Om regional verdi
Omgrepet regional viser her til to prinsipielle hovudkriterium:
- Geografisk kriterium (geografisk nedslagsfelt og verkeområde): om prosjektet omfattar heile eller større deler av fylket
- Funksjonskriterium (regional funksjon i kraft av oppdrag, storleik, fagleg tyngd, kvalitet og særpreg).
Det vert ikkje gitt støtte til
- ordinær drift og investeringar
- prosjekt som mottek støtte frå andre tilskotsordningar i Vestland fylkeskommune
- reine forskingsprosjekt
- arenaprosjekt/prosjekt som i hovudsak gjeld investering i bygg og anlegg
Søknadsfrist
2. september 2024.
Krav til søknaden
Søknadene skal gjelde 1-3-årige prosjekt, og vere innanfor virkefeltet kunst og kultur.
Det skal søkjast på nettbasert skjema og leggast ved naudsynt utdjuping av denne.
Retningslinjer
Les meir om blant anna vurdering, rapportering, saksbehandling og klagerett retninglinjene for Kulturelt utviklingsprogram(pdf).
Vurdering
Kultursatsingane i Vestland fylkeskommune er vedteke i regional plan for kultur for 2023–2035, Kultur bygger samfunn, vedtatt i Vestland fylkesting 15.03.23, og medføljande handlingsprogram.
Følgjande tre kriterium må vere oppfylte for å kunne få støtte gjennom tilskotsordninga:
- prosjektet skal vere i samsvar med føremålet i tilskotsordninga.
- prosjektet skal stette ein eller fleire satsingar i regional plan for kultur.
- prosjektet skal ha regional kulturverdi.
Ved den skjønnsmessige vurderinga vil det elles bli lagt vekt på om prosjektet
a. er nyskapande og har potensiale som pilotprosjekt
- t.d. prøver ut nye former for formidling
- t.d. prøver ut metodar og tiltak for auka deltaking og publikumsutvikling
- t.d. utforskar nye samarbeid og samspelformer mellom kunstartar og kulturformer
- t.d. utviklar gode møteplassar og arenaer for nettverks- og kompetanseutvikling
b. styrkar kunst- og kulturtilbodet i fylket
- t.d. gjennom samarbeid og kompetanseutveksling mellom t.d. arrangørar og aktørar
c. legg vekt på mangfald, er utadretta og inkluderande
d. om søkjar syner medvit om berekraft (t.d. miljømessig, sosial og økonomisk)
e. har eit høgt kvalitativt nivå
f. er realistisk å kunne gjennomføre / om søkjar har vist gjennomføringsevne
g. har ein truverdig finansieringsplan med fleire finansieringskjelder
h. har potensiale for varig drift etter prosjektperioden, og vurdering av korleis det kan finansierast
Sakshandsaming og vedtak
Direktøren for kultur og folkehelse legg fram innstilling til vedtak. Hovudutval for kultur, idrett og integrering (KULII) er politisk avgjerdsorgan og gjer endeleg vedtak.
Statusrapportering og oppfølging i prosjektperioden
Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning.
For fleirårige prosjekt skal statusrapport sendast på rapporteringsskjema kvart år. Dette gir grunnlag for utbetalingane i perioden.
Sluttrapport og revidert rekneskap skal sendast til fylkeskommunen ved prosjektslutt.
Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll.
Tilsegnsmottakar må også gje ei supplerande presentasjon i tekst/foto ved prosjektslutt.
Tidlegare tildelingar
- Oversikt over kva prosjekt som fekk støtte frå kulturelt utviklingsprogram i 2023 (pdf)
- Oversikt over kva prosjekt som fekk støtte frå kulturelt utviklingsprogram i 2022 (pdf)
- Oversikt over kva prosjekt som fekk støtte frå kulturelt utviklingsprogram i 2021 (pdf)
- Oversikt over kva prosjekt som fekk støtte frå kulturelt utviklingsprogram i 2020 (pdf)