Høyring forprosjektrapport om Jon Fosse-senter i Strandebarm
Vestland fylkeskommune, Kvam herad og Fosse-stiftinga har utarbeidd ein rapport frå forprosjektet for eit Jon Fosse-senter i Strandebarm. Utgangspunktet for forprosjektet er arbeidet Fosse-stiftinga har starta med å etablere eit slikt senter.
Frist for å sende inn høyringssvar er 27. mai 2025 (6 veker).
Etter vedtak i fylkesutvalet 8. april 2025 sender Vestland fylkeskommune rapporten frå forprosjektet på offentleg høyring. Høyringa er open for alle, også dei som ikkje er på lista over høyringsinstansar.
Forprosjektrapporten tar for seg problemstillingar knytt til føremål, funksjon, innhald, målgrupper, samarbeidspartar, organisering og lokalisering for eit Jon Fosse-senter. Vestland fylkeskommune legg til grunn ei lokalisering av senteret på skuletomta på Tangarås i Strandebarm. Høyringa gjeld difor andre sider ved etableringa av senteret.
Det er eit mål at senteret skal vere lokalt forankra, men ha eit nasjonalt oppdrag. Senteret skal gje tilgang til inspirasjon og opplevingar, og kunnskapsformidlinga må springe ut frå ein fagleg sterk organisasjon. Senteret skal vere understøtta av friviljug engasjement, men må ha ei profesjonell drift.
Med bakgrunn i rapporten frå forprosjektet ønskjer Vestland fylkeskommune innspel, særleg på desse spørsmåla:
- Kven bør vere hovudmålgruppene for eit Fosse-senter?
- Kva funksjonar bør eit framtidig Fosse-senter ha?
I tillegg til dei tre som står bak forprosjektet:
- Kven vil det vere viktig å samarbeide med for å realisere senteret?
- Kven vil det vere viktig å samarbeide med for å sikre langsiktig og god drift av senteret?
Høyringsinnspel sende du inn via eit eige skjema på denne nettsida.
Høyringsinnstansar
Skrivekunstakademiet
Nynorsk kultursentrum
Det Vestnorske Teateret
Teater Vestland
Kultur- og likestillingsdepartementet
Nasjonalbiblioteket
Det Norske Samlaget
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen i Volda
Hardanger og Voss museum
Noregs Mållag
Hordaland Mållag
Sogn og Fjordane Mållag
Voss herad
Ullensvang kommune
Ulvik herad
Eidfjord kommune
Det Norske Teatret
Litteraturhuset i Bergen
Skald forlag
Jakob Sande - senter for forteljekunst
Litteraturbåten Epos
Den Nationale Scene
Universitetet i Bergen
Sentralbadet litteraturhus
Litteratursymposiet i Odda
Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur
Norsk litteraturfestival
Kvam næringsråd
Visit Hardangerfjord AS
Norsk forfattersentrum
Tekstallianse
Bjørgvin bispedøme
Norsk forfattersentrum Vestland
Strandebarm utvikling
Kvam kyrkjelege fellesråd