Distriktsmusikarane

Både distriktsmusikarordninga og fylkesmusikarordninga representerer ein verdifull ressurs og spisskompetanse for musikklivet i fylket. Musikarane bidreg til mellom anna Den kulturelle skulesekken, det frivillige musikklivet, kulturskulen, spelemannslag, kor, korps, opera og orkester.

Bestill ein distriktsmusikar

Distriktsmusikarane kan bestillast til ulike oppdrag og konsertar, t.d. opningar, høgtider, jubileum eller musikaroppdrag i samarbeid med kor, korps, spelemannslag og orkester. Musikarane kan også kontaktast om kurs, instruksjon og seminar.

Distriktsmusikarane kan bestillast ved å kontakte kulturskulane i dei aktuelle kommunane, som også fastset pris og vilkår for tenestene.
 

Tilgjengelege for større konsertprosjekt

Distriktsmusikarane er kvart semester tilgjengelege i inntil ti dagar for større konsertprosjekt. Prosjekta må ha eit regionalt perspektiv og/eller finne stad i minimum to kommunar. Denne ordninga vert kalla "fylkeskvoten".

Søknadsfristen er 1. oktober for prosjekt i vårhalvåret og 1. april for hausthalvåret, og du søkjer via e-post til fylkeskommunen. Det er ein føremon å kontakte vertskommunanen på førehand for å finne ut om musikarane er tilgjengelege. Dei som får tildelt distriktsmusikarar til slike prosjekt, betaler ikkje honorar, men må dekkje reise, diett og opphald. Ved tildeling vert det teke omsyn til kapasitet og reiseavstand. Fylkeskommunen samarbeider tett med vertskommunane om ordninga. Sjå særskilte retningsliner for fylkeskvoten.

  • Henri Eftevand, fiolin
  • Julia Gåsvær, trompet
  • Christine Marøy, song
  • Ole Nilssen, trekkspel
  • Ingrid Schei Stuhaug, hardingfele
  • Noemi Utasi, piano
  • Jacob Wyrtz, gitar
  • Helga Wyrtz, fløyte

Kontaktperson: Trude Skarvatun, Sunnfjord kulturskule, 415 05 970

  • Thomas Aanonlie, slagverk
  • Malin Alander, folkesong
  • Tone Støylen Holgersson, piano
  • Otto Ose, fiolin, trompet, elbass
  • Ann-Margrit Silfverhielm, song
  • Henrik Silfverhielm, cello

 Kontaktperson: John Rune Ødven, Gloppen kulturskule, 474 78 702

  • Bjørn Gisle Seter, song
  • Akiko Anazawa, piano
  • Leif Aslaksrud, basstrombone
  • Marin Stallemo Bakke, hardingfele
  • Hans Holgersson, cello

 Kontaktperson: Roar Sandnes, Sogn kulturskule, 918 48 373

  • Tom Karlsrud, trekkspel

 Kontaktperson: Tom Karlsrud, 913 57 455

  • Kato Flem, piano
  • Øystein Haga, fløyte
  • Helga Hjetland, fiolin
  • Carmen Boveda, cello

Kontaktperson: Oddvar Nøstdal, Voss kulturskule, 404 16 204

Distriktsmusikarordninga vart etablert på slutten av 80-talet i samarbeid mellom fylkeskommunen, vertskommunane og Rikskonsertane og er forankra i ein samarbeidsavtale mellom fylkeskommunen og vertskommunane. Ei distriktsmusikarstilling består av 50 prosent utøving og 50 prosent undervisning. Fylkeskommunen yter i dag 25 prosent avtalefesta tilskot til kvar av dei 20 distriktsmusikarstillingane i Gloppen, Lærdal, Sogndal og Sunnfjord. I tillegg yter også fylkeskommunen tilskot til fire distriktsmusikarstillingar på Voss. Fylkeskommunen arbeider for tida med å utvide distriktsmusikarordninga til nye delar av fylket.