Den kulturelle skulesekken
Vil du formidle i DKS eller finne eit tilbod til elevane dine? Vestland fylkeskommune skal formidle kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet til alle elevar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen.
DKS er ei nasjonal satsing, og fylkeskommunen administrerer ordninga i Vestland. På programmet til Den kulturelle skulesekken (DKS) i Vestland er det musikk, film, kulturarv, litteratur, scenekunst og visuell kunst.
Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Noreg har det nasjonale ansvaret for DKS. Ordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet og vert finansiert av spelemidlar frå Norsk Tipping.
Den kulturelle skulesekken skal
- vere eit gratis tilbod for alle barn og unge i grunnskulen og vidaregåande skule og skal tilbydast jamleg
- sikre at barn og unge får eit likeverdig og profesjonelt kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet, uavhengig av kvar dei bur. Slik skal dei få gjere seg kjende med og utvikle forståing for eit variert spekter av kulturuttrykk
- bidra til barn og unge si danning og utdanning, slik dette er formulert i overordna del og læreplanar i fag
- formidle eit kulturtilbod som blir opplevd som relevant, og som representerer eit kulturelt mangfald av tilbod og utøvarar
- vere eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på alle nivå og slik sikre god planlegging, forankring og tilrettelegging
- bidra til å styrke norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggjande kulturberarar
- bidra til å formidle kunst- og kulturtilbod til barnehagebarn
Vektlegg ulike uttrykk
Alle forslag vert vurderte og Vestland fylkeskommune vektlegg følgjande uttykk i programmeringa:
- 1.–4. trinn: musikk, litteratur
- 5.–7. trinn: visuell kunst, scenekunst, musikk
- 8.–10. trinn: film, litteratur
- vidaregåande skule: alle uttrykk
Forslag innan kulturarv får plass i ulike delar av programmet.
Kriterium for utval av produksjonar i VLFK sitt DKS-program
Profesjonelle utøvarar, institusjonar og andre tilbydarar innan dei ulike utrykka, kan sende inn forslag til programmet i DKS. Du sender inn forslag ved å følgje lenka til høgre på denne sida.
Føljande krav og kriterium ligg til grunn for utvalet av kunst- og kulturproduksjonar i DKS-programmet skuleåret 2024–2025:
- Kvar produksjon i programmet skal ha kvalitet og profesjonalitet i innhald og formidling.
- Programmet skal som hovudregel gjennomførast i skuletida.
- Programmet skal ikkje erstatte delar av skulen si undervisning i estetiske fag.
- Programmet skal ha variasjon i uttrykk og sjangrar, spelestad og formidlingsmåte. I det samla programmet skal det også vere produksjonar på tvers av uttrykk. Nyskapande kunst skal prioriterast.
- Programmet skal ha særleg vekt på regionale og lokale utøvarar.
- Programmet skal ha god kjønnsfordeling blant utøvarane.
- Programmet skal ivareta minoritetar og leggje til rette for inkludering.
- Programmet skal innehalde ein høg del produksjonar på nynorsk og ulike målføre.
- I det samla programmet skal det vere god balanse mellom produksjonar av/med frilansutøvarar/frie grupper og større kunst- og kulturinstitusjonar.
- På scenekunstfeltet skal tilbodet fordelast slik at større kunst- og kulturinstitusjonar og frilansutøvarar/frie grupper kvar skal ha minimum 30 prosent av volumet i høvesvis grunnskulen og vidaregåande skule dersom det er grunnlag for det.
Slik jobbar vi fram DKS-programmet
Alle utøvarar kan føreslå forslag til programmet i Den kulturelle skulesekken. Faggrupper og eit ungdomsprogramråd handsamar forslaga og DKS-administrasjonen fastset DKS-programmet utifrå dette. For vgs. deltek ei arbeidsgruppe med tilsette og elevar i programmeringa.
- Faggruppene vurderer alle innkomne forslag, og tilrår produksjonar som kan inngå i programmet.
- Ungdomsprogramrådet medverkar i programarbeidet og vel ut tre produksjonar til programmet.
- Arbeidsgruppe frå opplæringsavdelinga med personale og elevar er med i prosessen med programmering for vgs.
- Fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering vedtek DKS-programmet, som DKS-administrasjonen utarbeider på bakgrunn av dei faglege tilrådingane.
Utvandrarjubileet 2025, støtte til nyproduksjon frå Vestland fylkeskommune
I anledning Utvandrarjubileet 2025 kan profesjonelle kunst- og kulturtilbydarar søkje om støtte til å utvikle nye produksjonar som er knytt til tematikken for jubileet, og basert på historisk kjeldemateriale frå Vestland.
Utlysinga er ikkje ein del av det ordinære DKS-programmet og tilhøyrande prosedyrar, men er lyst ut av Vestland fylkeskommune for å stimulere til at Utvandrarjubileet 2025 vert markert kringom i Vestland fylke. Produksjonar som får produksjonsstøtte skal turnere i Vestland, i samband med Den kulturelle skulesekken (DKS), Den kulturelle spaserstokken (DKSS) og andre fylkeskommunale arrangement.
Les meir om bakgrunnen for utlysinga, kriterium og sjå korleis du kan søkje på fylkeskommunen sine nettsider: Støtte til nyproduksjon – Vestland fylkeskommune.
Søknadsfristen er 20.11.24.