Tilskot til formidling og skjøtsel av automatisk freda kulturminne

Tilskotsordninga skal bidra til at eit utval av kulturminne og kulturmiljø over heile landet skal gjerast tilgjengelege for publikum gjennom formidling og tilrettelegging, sikring og skjøtsel.

Kven kan søke?

Kommunar og lag/organisasjonar

Kva kan du søke om tilskot til?

  • formidling og tilrettelegging
  • skjøtsel av vegetasjon
  • tiltak som gjev auka tilgjenge
  • tiltak som reduserer slitasje på kulturminna
  • restaurering

Du kan søkje om tilskot til inntil 50 prosent av totalkostnaden for prosjektet.

Årleg søknadsfrist

2. januar 

Korleis søkjer du?                                                                    

Du lagar ein søknad med prosjektskildring som inneheld mål for tiltaka, og korleis dei kan gjennomførast. Du har med budsjett og finansieringsplan. Ta gjerne kontakt med fylkeskommunen i god tid i samband med arbeidet.

Søknad med vedlegg sender du enten på e-post til post@vlfk.no eller som brev til Vestland fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger.

I emnefeltet/overskrifta i e-posten/brevet skriv du: «Namn på kulturminne – Søknad om tilskot frå statsbudsjettet 2025 kap.1429 post 70»

Du kan søkje om ny tilrettelegging eller oppgradering av eldre tilretteleggingar til nivå som tilfredsstiller dagens krav til sikring, formidling og universell utforming. 

Ved vurdering av søknadane vert det lagt vekt på lokal forankring, medfinansiering og langsiktige planar for vegetasjonsskjøtsel og vidare drift av anlegg i samband med tilrettelegginga. Det krevst normalt femti prosent medfinansiering, det inkluderer også eigeninnsats.

Tilskotsmidlane vert i utgangspunktet gjeve for 2025. Omfang og planar for tiltaka må difor dimensjonerast for gjennomføring i inneverande år. Tilskotet kan ved søknad overførast til 2026. 

Fylkeskommunen vil prioritere søknader frå kommunar som ikkje har tilrettelagte arkeologiske kulturminne. 

Ta gjerne kontakt med fylkeskommunen i samband vurdering og utarbeiding av søknad.

Les meir om tilrettelegging av automatisk freda kulturminne på nettsida til Riksantikvaren

Midlar i tilskotsordninga kjem frå statsbudsjettet, kap. 1429 post 70.