Tilskotsordning for Nasjonalt postvegprosjekt – Den trondhjemske postvei

Søk tilskot til verdiskaping, skjøtsel og skilting langs Den trondhjemske postvei innan 10. juni.

Nasjonalt postvegprosjekt skal bidra til større merksemd og bruk av Den trondhjemske postvei, og leggje til rette for å utvikle nye aktivitetar med utgangspunkt i lokale strekningar og kulturmiljøet rundt. 

Kven kan søke?

Kommunar, museum, frivillige lag og organisasjonar, offentlege og private verksemder og privatpersonar kan søke om tilskot.

Kva kan de søke tilskot til?

  • Midlar til verdiskaping
    Aktivitetar som bidreg til lokal verdiskaping med utgangspunkt i postvegen som kulturmiljø. Dette kan til dømes vere ulike typar arrangement, småskala næringsutvikling, og aktivitetar som er knytt til mat og reiseliv. Du kan lese meir om verdiskaping på kulturmiljøfeltet på nettsida til Riksantikvaren.
  • Midlar til skjøtsel
    Skjøtsel er alle typar tiltak som har som mål å sikre, istandsetje, restaurere og bevare postvegen som kulturminne.
  • Midlar til skilting
    Skilting av eit av strekka langs postvegen. Søknaden må vise kor skiltet/skilta er tenkt oppført og litt om kva ein ønsker å formidle. Forslaget må vere forankra i skiltmalen som Statens vegvesen har utvikla for postvegprosjektet. Ta kontakt med Statens vegvesen for meir informasjon.

Søknadsfrist

10. juni 2025

Søknaden må innehalde

  • skildring av tiltaket
  • foto, kostnadsoverslag og framdriftsplan. Vi ber også om at de seier noko om eigeninnsats (t.d. dugnad) og eventuelt andre finansieringskjelder
  • kontonummer for eventuell utbetaling av tilskot
  • e-post og mobilnummer til kontaktperson

Viktig: For at søknaden skal bli vurdert må de synleggjere dialog med kommunen/kommunane der omsøkte tiltak gjeld. Det kan vere til dømes i form av e-postdialog og/eller kort uttale frå kommunen, som skal leggast ved søknaden.

  • Midlane må nyttast i inneverande år (2025), og blir utbetalte etter at utgiftene er dokumenterte. Ein kort rapport som skildrar tiltaket med foto (som synleggjer før, under og etter, der det er relevant) og kostnadsoverslag må leverast innan 10. februar 2026. 
  • Det vil vere mogleg å søke om utsett frist, men dette må grunngjevast i god tid før fristen går ut. Dersom tiltaka ikkje vert gjennomførte, eller det ligg føre vesentlege avvik, skal tilskotsmidlane førast attende til postvegprosjektet.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal, Trøndelag og Vestland fylkeskommunar og Statens vegvesen. I tillegg er samarbeid med postvegkommunar, ulike verksemder, frivillige lag og organisasjonar m.fl. viktig. Nasjonalt postvegprosjekt mottek støtte frå Riksantikvaren sitt verdiskapingsprogram.

Hovudmålet er å blåse liv i postvegen som nasjonalt kulturmiljø, og utvikle postvegen med og for lokalsamfunn langs vegen. Prosjektet skal mobilisere lokale aktørar til bevaring og utvikling, samtidig som lokalsamfunna langs postvegen får  meirverdien av denne satsinga. Samskaping skal bidra til å fremme aktivitetar som samsvarar med lokale behov og utviklingsstrategiar. Det betyr at lokalsamfunna sjølv bestemmer korleis dei ønsker å utvikle sitt postvegstrekk, og sjølv deltek i arbeidet og gjennomføringa.