Råd om vedlikehald av verneverdige bygg og anlegg

Fylkeskommunen gjev råd og innspel til spørsmål om vern og istandsetting av verneverdige bygningar og anlegg. Det kan skje både i samband med plan- og byggjesaker, og der eigar har fått tilskot til istandsetting.

Vern gjennom bruk

Private eigarar av kulturminne tek eit stort ansvar på vegner av samfunnet. Mange verneverdige bygningar forsvinn fordi dei ikkje trengst lenger, eller fordi dei ikkje er tilpassa nye brukskrav. Dei fleste kulturminne kan vernast gjennom bruk.

Vern gjennom bruk inneber ulike grader av tilpassing til dagens krav. I mange tilfelle kan husa halde fram med same type bruk, men med tekniske oppgraderingar, til dømes nye våtrom og betre isolering. Andre gonger er bygningen ikkje lenger eigna for den opphavlege bruken, eller den gamle bruken er heilt forsvunne. Oppgåva vert då både å finne ny bruk og å leggje til rette for han. Med rett kunnskap og omtanke kan dei fleste eldre bygningar tilpassast dagens brukskrav, samstundes som dei vesentlege kulturminnekvalitetane vert tekne vare på. 

Alternativ til riving

Vi har fleire døme på at folk ønskjer å rive til dømes ein eldre driftsbygning fordi det er skadar på konstruksjonen. I fleire tilfelle er det snakk om mindre reperasjonar, for å berge bygningen, og gjere han klar for ny bruk. Ein bør nytte fagfolk med kulturminnekompetanse til å analysere ein bygning før ein eventuelt vurderer riving.

Tradisjonshandverk

Den teknologiske og arkitektoniske utviklinga har ført til store endringar i byggjeskikken når det gjeld byggjemåte, materialbruk og estetikk. Eldre hus er difor ei uunnverleg kjelde til kunnskap om tradisjonelle byggjeteknikkar og materialbruk. Dette er ein viktig del av verdien dei har som kulturminne. I tradisjonshandverket er det samla mange hundreår med røynsle innan materialkvalitet, solide konstruksjonar og tilpassing til lokalklima. Det har difor mange føremoner ved å nytte tradisjonelle material og teknikkar i vedlikehald og restaurering.

Fylkeskommunen sit på mykje kompetanse i tradisjonshandverk, særleg innan trebygging og kan bidra med rådgjeving. Fylkeskommunen tek òg aktiv del i arbeidet med å sikre kunnskapsoverføring av gamle handverkstradisjonar og kan til dømes arrangere kurs og foredrag om gamle handverksteknikkar.

Prinsipp for vedlikehald og restaurering

Hovudprinsippet for vedlikehald av gamle bygningar er å ta vare på opphavlege og gamle bygningselement og detaljar, så langt råd er. Vedlikehald bør utførast med same teknikk, materialbruk og utføring som då huset var nytt. Det er viktig ikkje å skifte ut meir enn naudsynt.

Bygningsdelar generelt

Om bygningsdelar må skiftast ut, bør dei nye delane få same material, dimensjon og utføring som dei gamle. Der det let seg gjere, bør ein ta vare på dei utskifta delane som dokumentasjon.

Berre det som er direkte øydelagt bør skiftast ut. Når delar av bygningselement er øydelagde, bør ein ta vare på så mykje som råd og skøyte nytt materiale inn i det gamle. Å restaurere er betre enn å skifte ut. Dette gjeld alle bygningsdelane, både konstruksjonen, vindauga, dørene, listverket, kledningen og overflater.

Ved å ta vare på dei einskilde bygningselementa vernar ein om huset sin autentisitet som originalt kulturminne. Kopiar vil aldri heilt kunne erstatte originale bygningsdelar. Det er alt for mange døme på bygningar som har skifta karakter etter at dei har blitt sette i stand.

Isolering 

Gamle hus er bygde med material som kan ta opp og gje av fukt. Dei er i stor grad enkle å etterisolere slik at dei blir gode bustadhus. Det viktigaste er å isolere bjelkelag og tak, og montere innervindauge der det er enkle glas i vindauga. Ved utvendig etterisolering og vindtetting av eit tømmerhus, vil ein få ein konstruksjon som kan lagre varme i mykje større grad enn moderne isolert konstruksjon. Samstundes vil ein få eit sunnare hus som «pustar».

Flytting

Å flytte ein verneverdig bygning er sjølvsagt betre enn å rive han eller byggje han heilt om. Like fullt er flytting ei løysing ein bør vere varsam med. Omsynet til tunstrukturar, terreng, landskap eller andre omgjevnader og historisk samanheng spelar inn. Gamle bygningar bør som hovudregel få stå i sine opphavlege miljø.

Fortidsminneforeininga

Fortidsminneforeininga har som mål å vere den leiande frivillige organisasjonen i det norske kulturminnevernet. Du kan lese meir om arbeidet på nettstaden til foreininga.