Har du funne noko ved metallsøking?
Metallsøking har vorte ein populær hobby for mange. Men kva gjer du om du finn noko interessant?
Gjenstandar frå før år 1537 og myntar frå før år 1650 er automatisk freda etter kulturminnelova. Det betyr at dei er staten sin eigedom.
Det er viktig med godt samarbeid mellom deg og fylkeskommunen dersom du finn slike gjenstandar. Tinga du finn kan ha nasjonal verdi, og det er viktig at funnet og informasjonen kjem fellesskapet og forsking til gode. Riksantikvaren har tydelege retningslinjer for kva du skal gjere når du har funne gjenstandar med metalldetektor.
Vestland fylkeskommune har fått inn viktige og spennande funn frå førhistorisk tid gjennom metallsøking. Vi ser det som viktig at òg lause kulturminne i størst mogleg grad vert tekne vare på som kjelde til kunnskap for kommande generasjonar. Det er viktig at bruk av metalldetektor ikkje kjem i konflikt med dei føringane som ligg i lovverket.
Retningslinjer
Riksantikvaren har laga nasjonale retningslinjer for privat metallsøking i samband med kulturminne. Det er viktig at du set seg inn i desse, for å sikra at du ikkje gjer utilsikta skade på kulturminna.
Sjå dei nasjonale retningslinjene for privat metallsøking på nettsida til Riksantikvaren.
Dersom du finn førhistoriske gjenstandar eller er i tvil, må du
- ta kontakt med fylkeskommunen, som er rette mynde til å gje råd og hjelp. Hugs at enkeltfunn kan vere del av eit større funn og vidare søk og graving kan skade og øydelegge både gjenstandar og funninformasjon
- ta bilete av både gjenstanden, funnstaden og omgjevnadane og sende dette til fylkeskommunen
- sikre gjenstanden mot vidare skade, helst i lufttett pose eller boks. Førhistoriske gjenstandar er ofte skjøre etter lang tid i jorda. Du må ikkje vaske eller reinske funna. Då kan restar av metall, tekstil og beinmateriale gå tapt
- kartfeste funnet med GPS eller på kart
- merke boks eller pose med gnr/bnr, dato og namn. Når gjenstanden er sikra i felt, bør han merkast tilstrekkeleg. Informasjonen følger gjenstanden heilt inn til dei museale samlingane. For å sikre at ingenting går tapt er det viktig med god merking
- fyll ut funnskjema som viser nødvendig informasjon. Du finn funnskjemaet på nettsida til Universitetet i Bergen. Riksantikvaren har eit felles funnskjema som du må fyllast ut så snart som råd, slik at viktig informasjon ikkje går tapt. Denne informasjonen vil følgje gjenstanden til museet sine arkiv og vere del av historia vår