Tilskot til kulturmiljøarbeid i kommunane

No er det igjen høve til å søkje tilskot til å styrke kulturmiljøarbeidet i kommunane.

Mange kommunar i Vestland har tidlegare fått midlar til dette arbeidet.

Kven kan få tilskot?

I Riksantikvaren sin tildelingskriteria til kulturarbeid i kommunane 2025, vert slikt arbeid prioritert:

  • Nødvendig revisjon og ferdigstilling av kulturmiljøplanar.  
    • Kulturmiljøplanen skal forankrast i kommunen sitt arbeid med arealdelen og   samfunnsdelen til kommuneplanen.
    • Politisk handsaming av arbeidet som skal utførast.

  • Planer der kulturmiljø blir ein del av i beredskapsarbeid og ROS analyser.

Det er inga grense på søknadssum for kommunane.

Korleis søkje?

Kommunane søkjer tilskotsmidlar direkte til Riksantikvaren med å fylle ut eit digitalt skjema, som er sendt i brev til alle kommunar i Vestland.

Søknadsfrist:  14.mars 2025


Lokal kulturminneforvalting

Kommunane er ein hovudaktør i forvaltinga av kulturhistoriske verdiar og kan bruke desse til å utvikle attraktive og verdiskapande lokalsamfunn. Samstundes er det stor interesse og mykje lokalt engasjement knytt til historie, kulturarv og kulturminne.

Som den største forvaltaren av kulturhistoriske verdiar har kommunane behov for å skaffe seg oversikt og sette kulturminne på dagsorden for å unngå meir tap av kulturminne. Lokale kulturminneplanar skal styrke lokale kulturminneverdiar.

Riksantikvaren jobbar gjennom prosjektet "Kulturminne i kommunen - KIK" for å styrke kompetansen om kulturminne i kommunane og få betre oversikt over verneverdige kulturminne. Målet er at flest mogeleg av kommunane i landet skal ha ein kulturminneplan som fungerer som eit verktøy for den lokale kulturminneforvaltinga.

Lokal forankring

Kulturminneplanane har ofte vorte utarbeida av kommunane i samarbeid med frivillige og representantar frå kulturaktørar i kommunen. Lokalt eigarskap og forankring vil sikre lokalt engasjement og kompetanse. Kommunane definerer sjølve prosessen og innhaldet i ein kulturminneplan, og kan trekkje inn skular, museum, bibliotek, frivillege, sogelag osv. i arbeidet.

Formidling av planen

Nokre av kommunane har mykje kulturhistorisk innhald i planane sine, i form av tekst og foto, medan andre har meir administrative og plantekniske kulturminneplanar. Ein del kommunar har gjort som Gloppen og trykt opp bøker eller hefter, medan andre kommunar har prioritert digital publisering. I Gloppen kommune formidlar dei kulturminneplanen både i papirformat og digitalt. Slik kan kommunen nå mange interesserte.

Kulturminneplan som ressurs

Ein kulturminneplan er kommunen si oversikt over viktige kulturminne og kulturmiljø i kommunen og inneheld ein plan for forvaltinga av desse. Kulturminneplanen gir kommunen kunnskap om lokalhistoria og prioriterer kulturminna som ein vil ta vare på for framtida. Kulturminneplanen kan og vere viktig for areal-, plan og byggesakshandsaminga, kultur- og skuleetatane næringslivet og reiselivet.