Fartøyvern i Vestland
Vestland er eit kyst- og fjordfylke med ei rik maritim historie. Her finn du flest freda og verneverdige fartøy i landet – levande kulturminne som fortel historia om livet langs kysten. Å ta vare på desse fartøya er ei viktig oppgåve for både fylkeskommunen og frivillige miljø.
Fartøyvernet i Vestland er bygd på sterk frivillig innsats og solide fagmiljø. Vestland fylkeskommune jobbar for å
- styrke vilkåra for dei som eig og driftar fartøya
- sikre vidareføring av kunnskap og handverkstradisjonar
- leggje til rette for rekruttering av nye generasjonar
Fartøyvern har vore prioritert på lik linje med andre kulturminneområde i fylket.
Verneflåten i Vestland
I Noreg har rundt 250 fartøy vernestatus, og 16 er freda. I Vestland er 48 fartøy verna og 4 freda etter kulturminnelova § 14a.
Du kan lese meir om desse fartøya i portalen kulturminnesøk på nettsidene til Riksantikvaren.
Regionalt ansvar
Sidan 2020 har fylkeskommunane hatt ansvar for forvaltning av verna og freda fartøy. Det betyr at Vestland fylkeskommune
- utarbeider nye fredingsforslag
- gir rettleiing i enkeltsaker
- behandlar søknader om
- dispensasjon frå fredingsvedtak
- utførsel av fartøy
- status som verna skip
Fylkeskommunen har også ansvar for tilskotsordninga for fartøy (post 74).
Tilskot til fartøyvern
Fartøy med heimehamn i Vestland og status som verna eller freda skip kan søke om støtte til