Arkeologisk registrering
Vestland fylkeskommune gjennomfører arkeologiske registreringar på vegner av tiltakshavarar i samband med plansaker, tiltak og konsesjonssaker.
Registreringane skal oppfylle undersøkingsplikta tiltakshavar har etter kulturminnelova § 9. Føremålet er å kartleggje i kva grad automatisk freda kulturminne vert råka av planen eller tiltaket.
Ei eventuell utgraving av arkeologiske kulturminne er det Universitetsmuseet i Bergen som gjennomfører.
Kostnadar
Det er tiltakshavar sjølv som dekker kostnadene til gjennomføring av ei arkeologisk registrering, jf. kulturminnelova § 10. Ved mindre, private tiltak, som til dømes oppføring av ein garasje, gjer fylkeskommunen registreringane vederlagsfritt.
Les meir om dekking av utgifter til arkeologiske arbeid ved mindre, private tiltak på regjeringen.no
Løyve til forundersøking
Grunneigarar kan ikkje nekte arkeologar tilgang på undersøkingsområde, så lenge ein er varsla om registreringa på førehand, jf. oreigningslova § 4.
Akseptskjema
Ved å underteikne akseptskjema, aksepterer tiltakshavar det oppsette kostnadsoverslaget for registreringa. Når akseptskjemaet er underskrive, vert registreringa sett i feltplanen.
Før vi startar registreringa, må tiltakshavar ha
- varsla grunneigar og paktarar om registreringa
- skaffa gravemaskin om det er behov for det
- sikra at gravemelding, kabelpåvising og arbeidsvarsling er på plass der det er behov for dette
- fått på plass arbeidsbrakke der dette trengst
Krava i akseptskjema må vere ordna i god tid før registreringa startar.
Skade og erstatning
Tiltakshavar har ansvar for følgjeskader som kan inntreffe ved ei arkeologisk registrering. Erstatningskrav skal rettast til tiltakshavar.
Arkeologiske metodar
Undersøkingar i dyrka mark
Vi nyttar gravemaskin til å grave søkesjakter i dyrka mark. Kor lange, breie og djupe sjaktene er, vil variere frå stad til stad. Metoden er eigna til å påvise førhistoriske busetjingsspor, dyrkingsspor og gravminne.
Opna søkesjakter kan vere djupe, og profilane kan rase ut. Syn aktsemd og ikkje gå inn i område der det går føre seg ei arkeologisk registrering.
Opna søkesjakter vert lagde på att og pussa til så snart registreringa er ferdig.
Undersøkingar i utmark
Registreringar i utmark gjer vi ved å gjennomføre eit overflatesøk etter synlege kulturminne. Vi supplerer dette med graving av prøvestikk med spade. Massane vert sålda i vatn, og vert lagde attende i dei opna prøvestikka. Metoden er særleg nytta i søk etter busetjingsspor frå steinalderen.
Droner
Vi nyttar dronar til å dokumentere undersøkingsområda.
Rapportar
Her kjem det lenke til dei arkeologiske rapportane våre.
Hospitering
Vestland fylkeskommune samarbeider med Universitetet i Bergen og gjev årleg arkeologisstudentar praksis gjennom ei praktikant ordning og ein hospiteringsavtale.
Kontakt feltarkeologane
Vestland fylkeskommune har feltarkeologar i Sunnfjord, i Bergen og på Stord. Spørsmål kring arkeologisk registrering kan rettast til arkeologane som held til i dei ulike regionane.
Sunnfjord
- Andrea Skrede, andrea.skrede@vlfk.no, 96 94 28 33
- Isabel Furesund Berge, Isabel.furesund.berge@vlfk.no, 48 13 67 43
- Lars Jølle Berge, lars.jolle.berge@vlfk.no, 90 67 78 43
- Ragnhild Egeland Torp, ragnhild.egeland.torp@vlfk.no, 48 25 55 91
Bergen
- Eivind Magnus Færøy Krag, eivind.magnus.feroy.krag@vlfk.no
- Henriette Maria Hop Wendelbo, henriette.maria.hop.wendelbo@vlfk.no, 41 53 07 14
- Robert Hansen, robert.hansen@vlfk.no
- Robert Stormark, robert.stormark@vlfk.no, 40 47 88 98
Stord
- Karina Ek, feltarkeolog, karina.ek@vlfk.no, 48 02 79 06
- Louise Bjerre Petersen, louise.bjerre.petersen@vlfk.no, 47 71 36 72