
Prime
LED-stavar er sett saman til enkle geometriske figurar. Verket er ein tolking av og leik med dei signal og trafikklys som finst i det offentlege rommet.
- Tittel
- Prime
- Kunstnar
- Marius Watz
- Stad
- Fageråstunnelen - Vis i kart
- Materiale
- LED-lys
- Årstal
- 2010
Utgangspunktet er Andreaskrossen, trafikkskiltet som signaliserer plankryss mellom veg og jernbane. Dei enkelte stavane lyser opp i vekslande intervall, styrt av eit system basert på primtal. Slik blir det eit utal variasjonar av figurane, umoglege å føresjå.
Kunstverket er eigd av Bergen kommune.