Olje-Norge
Langs ei fjellskjering mellom Sandslivegen og Sandslimarka finn du seks små skulpturar med tilknyting til det svarte gullet i Nordsjøen.
- Tittel
- Olje-Norge
- Kunstnar
- Annette Kierulf og Caroline Kierulf
- Stad
- Fjellskjering mellom Sandslivegen og Sandslimarka
- Materiale
- Brennlakkert aluminium montert på skiltstenger
- Årstal
- 2015
Skulpturane, som har fått namna Dråpen, Flammen, Molekylet, Floken, Apeskrekken og Tangen, har på ulike vis koplingar til oljen som har brakt oss velstand og framgang, men som òg har dilemma og utfordringar knytte til seg. I nabolaget til skulpturane på Sandsli har store oljerelaterte selskap hatt tilhald i ei årrekke.
Dei seks skulpturane er ei kjelde til undring og refleksjon for gåande, syklande og reisande langs og med Bybanen.
Kunstverket er eigd av Vestland fylkeskommune.