Prosjekt og prosjektutvikling

For styrke biblioteka og bibliotektilbodet i fylket arbeider vi med ulike utviklingsprosjekt

Vi arbeider både med eigne prosjekt, i samarbeid med biblioteka i fylket, og støttar biblioteka i deira prosjektarbeid. Vi lyser også ut midlar til ulike utviklingstiltak i biblioteka, sjå tilskotssida til fylkeskommunen (bla ned til Bibliotekutvikling).

Hjelp til prosjektsøknader

Seksjon for bibliotekutvikling rettleiar og hjelper biblioteka med søknadsskriving, ta kontakt om du treng råd eller ein sparringpartnar.

Vi har også møte og verkstader om søknadsskriving for biblioteka, gjerne i samband med utlysing av midlar frå Nasjonalbiblioteket. Vi gir også individuell rettleiing på enkeltsøknader.

Seksjonen sine prosjekt

Under finn du informasjon om ein del pågåande og avslutta tiltak.

Prosjektet «Formidlingskompetanse i folkebibliotek»  (FiF) starta januar 2021. Ti fylkesbibliotek har gått saman for eit nasjonalt løft av formidlingskompetansen i folkebiblioteka. Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket med 6 millionar i eit toårig løp, og skissert utvida med ytterlegare to år, fram til og med 2024. Fylkesbiblioteka bidreg samla med tilsvarande sum i eigeninnsats.

Prosjektets hovudmål er å styrke formidlingskompetansen hos tilsette i folkebibliotek.

Det er ønskjeleg at folkebiblioteka i heile landet deltek i utvikling, gjennomføring og vidareutvikling og at det vert eit landsdekkande kompetanseløft som vil styrke den aktive formidlinga til biblioteka og møte forventningar om biblioteket som arena for oppleving, læring og deltaking.

Arbeidet i prosjektet er planlagt med fleire parallelle læringsløp, der kartlegging og felles plattform gir grunnlag for uformell læring med ulike kurs, læringsopplegg og praksisfellesskap, og formell læring med utvikling av nytt nettstudium innan aktiv formidling og vidareføring av studiet pedagogikk for bibliotekarar. Det er valt ut sju satsingsområde for det uformelle læringsløpet som svarer på kompetansebehov i folkebiblioteka. 

Les meir om prosjektet på nettsida Formidlingskompetanse i folkebibliotek(FiF).

Samarbeid mellom biblioteka er ei kjelde til fagleg utvikling, bidrar til felles ressursutnytting, og er viktig for fagleg og sosial støtte frå kollegaer. Vi har fleire eksisterande samarbeid mellom biblioteka i dag. Med eit nytt fylke, og betre digitale verktøy, ser vi mogelegheiter for å utvikle samarbeidet mellom biblioteka. 

Mål for prosjektet

Vi vil styrke tenestene til bibliotekbrukarane i fylket gjennom nye former for samarbeid, revitalisering av eksisterande samarbeid, og etablering av ein ny digital samarbeidskultur

Dette vil vi gjere ved å

  • undersøke korleis samarbeida fungere i dag, og kva som kan vere aktuelt som nye samarbeidsområde
  • etablere nye samarbeid, og revitalisere eksisterande, basert på behov og ønskje som har kome fram
  • heve kompetansen, både på organisatoriske tema og på faglege tema det er aktuelt å danne nye samarbeid rundt
  • etablere ein god digital samarbeidskultur

Prosjektet er toåring (hausten 2021 til hausten 2023), og er støtta av Nasjonalbiblioteket. Prosjektperioden er forlenga til ut 2024.

Kontaktperson: Anja Angelskår Mjelde

Folkebiblioteka sine tenester er endra frå å fokusere på utlån til aktivitetar retta mot mange forskjellige målgrupper. Tilsette i biblioteka har i aukande grad blitt instruktørar og rettleiarar i ulike møte med publikum. Folkebiblioteka driv individuell rettleiing og litteraturformidling, men held også kurs til grupper i t.d. bruk av digitale offentlege tenester og språktrening for flyktningar og innvandrarar. Bibliotektilsette har i større grad enn tidlegare måtte lære seg å stå framfor ei forsamling for å presentere arrangement, intervjue forfattarar eller formidle til ulike målgrupper i alle aldrar.

Vi nyttar EU-programmet Erasmus+ (2021–2027) Mobilitet i vaksenopplæringa til å gi bibliotektilsette i Vestland høve lære meir, gjennom reiser i Europa.​

Seksjon for bibliotekutvikling koordinerer eit konsortium beståande av folkebiblioteka i Vestland i perioden 2021–2027. For å kunne bruke desse midlane, må folkebiblioteka søkje om å bli partnar i konsortiet. Alle tilsette i biblioteka som er knytt til konsortiet og hos koordinator, kan delta i aktivitetane.

Mål for programmet

Mobilitet i vaksenopplæringa gir lærarar, pedagogisk personell og andre tilsette moglegheit til å heve kompetansen sin, utveksle erfaringar med kollegar i andre land samt styrke sine ferdigheiter og kvalifikasjonar. Dessutan er det mogleg å ta del i internasjonale kompetansehevande aktivitetar. 

Ein kan søkje om støtte til reise, opphald og kursavgift til hospitering/jobbskugging, deltaking på kurs og ein kan innvitere utanlandske ekspertar til Noreg.

Meir informasjon om programmet på nettsida til Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse  

Mål for prosjektet i Vestland

  1. Auke formidlingskompetanse og bruk av ny teknologi i aktivitetar og formidlingstilbod
  2. Utvikle nye tenester og nå nye målgrupper gjennom samarbeid
  3. Betre den pedagogisk kompetansen i biblioteka.

Rapportar frå tidlegare reiser

Vestland fylkeskommune har fått kr 200 000 frå Norsk filminstitutt (NFI) til pilotprosjektet Biblioteka i Vestland - arena for spelformidling.

Ordninga skal bidra til meir kompetanse om spel i bibliotek, og auka bruk av norske dataspel. Tildelinga er gitt etter søknad på NFI si tilskotsordning kurs og arrangement i bibliotek. 

I prosjektet samarbeider fylkeskommunen med sju bibliotek i fylket om formidling av spel, med kurs og arrangement i biblioteka i 2021 og 2022. Biblioteka som er med er Alver, Fedje, Samnanger, Stord, Stryn, Ullensvang og Årdal.

Midlane vil gå til kurs i spelformidling for alle biblioteka i Vestland, med spelarrangement i biblioteka som er med i prosjektet.

Prosjektetslutt hausten 2022.

Ta kontakt med Astrid Sundset Moe om du har spørsmål eller innspel til prosjektet.

  • Kortreist kunnskap i kombinasjonsbibliotek (2021-2022)
    Mål med prosjektet var å utvikle betre tilbod og tenester til brukarar i lokalsamfunnet og til elevar og tilsette ved skulen. Folkebiblioteket sine tenester og tilbod skulle bli synleg for større grupper av elevar og tilsette på skulen, og føre til auka bruk av biblioteket sine ressursar. 
    Støtta av Nasjonalbiblioteket. Sluttrapport Kortreist kunnskap i kombinasjonsbibliotek (pdf)

  • Kjeldaprosjektet (2017-2021)
    Hovudmålet i prosjektet var å sitje att med effektive metodar for å formidle gode kjelder. Biblioteknettstadene har mykje å by på for innbyggjarane i kommunane, og eit mål med prosjektet var også at fleire skal finne og dra nytte av innhaldet og tenestene til biblioteka.
    Støtta av Nasjonalbiblioteket. Sluttraport Kjeldaprosjektet (pdf).

  • Rom for møte (2017-2020)

    Støtta av Gjensidigestiftelsen. Det Felles Innvandrerråd i Hordaland fekk saman med Bergen Offentlige Bibliotek og Hordaland fylkesbibliotek nye 1 420 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen i desember 2018. Midlane har vore brukte til å vidareføre arbeidet med å vise mangfald og auke integreringa mellom nordmenn og innvandrarar i prosjektet Rom for møte. Prosjektet har tidlegare motteke 1 million. I 2018 var det tiltak i sju kommunar. Det vart arrangert Rom for møte-turné i Askøy, Fjell og Sund.

  • Nynorske turbibliotek vart oppretta som ein del av dagsturhyttene i Sogn og Fjorsdane for å stimulere til lesing og for å synleggjere biblioteka i kommunane. I turbibliotekprosjektet ville vi skape felles tur- og litteraturopplevingar og prøve ut dagsturhytta som bibliotekets formidlingsarena. Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket.
    Sluttrapport Nynorske turbibliotek i Sogn og Fjordane (2017-2019) (pdf)
    Les meir om vidareføring av prosjektet i Vestland. 

  • Lettare litteraturnett - eit prosjekt dei ein ville utvikle ein metode for å bygge opp lokale litteraturnett på ein enkel måte. Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket.
    Sluttrapport "Lettare litteraturnett" (2014-2020) (pdf)

  • Modellbibliotekprosjektet (2014-2019)
    Modellbibliotekprosjektet i Hordaland byrja som ein av fem strategiar i det treårige prosjektet «Sterk, spenstig, og klar», 2014-2016. Prosjektet var støtta av Nasjonalbiblioteket, og hadde som mål at innbyggjarane i fylket skulle få oppleve fornya biblioteklokale og meir aktiv formidling i det fysiske og digitale rommet, samt gjere biblioteka i stand til å oppfylle måla i den nye formålsparagrafen til biblioteklova om å drive aktiv formidling, vere uavhengige møteplassar og arena for offentleg samtale og debatt.

    Eit viktig moment for å kome med i programmet, er at biblioteka har hatt ynskje om å prøve ut nye formidlingsmetodar og samarbeidsformer. Delprosjektet viste seg å vere så attraktiv og etterspurd at det vart utvida til og med 2019.

    I ordninga låg midlar til innreiing og innkjøp av inventar til modellbiblioteka, først i eit spleiselag mellom stat, fylkeskommune og kommunane, deretter mellom fylkeskommune og kommunane.  Fylkeskommunen bidrog i tillegg med ekstern konsulentteneste, deltaking i prosjektgruppa og  praktisk arbeid i prosjektet.

    I løpet av ein seksårsperiode, var 20 bibliotek i Hordaland involverte i prosjektet.

  • Prosjektet Lesarhistoria - ny veg til lesaren (2014-2018) handla om samarbeid mellom barnehage og bibliotek og mellom skule og bibliotek. Det fireårige prosjektet dreia seg om formidling med utgangspunkt i barn og unges lesarhistorier, deira bakgrunn og lesevanar. Målet var å utvikle metodane vi brukar for å formidle litteratur til barn og unge. Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket.
    Rapport frå prosjektet (pdf) 
    Fagbok med utgangspunkt i prosjektet: Litteraturformidling i lokale bibliotek – møte mellom teori og praksis

  • Sluttrapport frå Sterk, Spenstig og klar, 2014-2017 (pdf)
  • Sluttrapport Saman for framtida (2012-2014) (pdf)