Dagsturhytter med nynorske turbibliotek
Prosjektet «Dagsturhytter med nynorske turbibliotek» er eit folkehelse- og trivselsprosjekt som har vore ein eineståande suksess i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.
I perioden 2018-2019 fekk 26 kommunar reist kvar si dagsturhytte med eit nynorsk turbibliotek. Dagsturhyttene med nynorske turbibliotek i Sogn og Fjordane har fått selskap av fleire hytter i Hordaland, og samla vert det 56 like hytter spreidd utover heile Vestland fylke.
Alle dagsturhyttene har eit nynorsk turbibliotek med freistande bøker som kan brukast på hytta. Lesing er eit helsefremjande tiltak, og etablering av nynorske turbibliotek i dagsturhyttene styrkar folkehelseperspektivet i prosjektet. Bøkene skal stimulere til lesing og gjere nynorsk barnelitteratur kjent og tilgjengeleg for fleire. Det er biblioteka i kvar kommune som har ansvar for turbiblioteket i si hytte, som forsyner det med bøker og held samlinga ved like.
Seksjon for bibliotekutvikling har jamlege møte med biblioteka, der vi samlast for å snakke om drifta, deler erfaringar med arbeidet, og planlegg aktivitetar i hyttene.
Prosjektet Nynorske turbibliotek i Sogn og Fjordane
I prosjektet Nynorske turbibliotek i Sogn og Fjordane (støtta av Nasjonalbiblioteket) ville vi fremje leselyst og å synleggjere biblioteka.
Målet var at gjennom prosjektet skulle vi auke kunnskapen om nynorsk språk og litteratur, gjere nye grupper kjende med litteratur og bibliotektilbod i kommunane, gi utvalde grupper felles natur- og kulturopplevingar og utvikle samarbeid mellom bibliotek og andre institusjonar og samarbeidspartar.
Prosjektet vart gjennomført i samarbeid med folkebibliotek, skular og barnehagar, norsksenter og vaksenopplæringar i 18 kommunar i Sogn og Fjordane. Samla var det 68 litteraturarrangement på dagsturhyttene med over 1600 førskuleborn, ungdom og innvandrarar som deltakarar. Ta kontakt om du vil lese rapporten frå prosjektet.