Søk og bestill klassesett
Bibliotekutvikling har eit godt utval klassesett som vi låner ut til skulane.
Du kan finne klassesett via fritt søk i databasane, eller via kategoriane under.
1.-3. klasse | 4.-5. klasse | 6.-7. klasse | 8.-10. klasse |
---|---|---|---|
- Bøker til vidaregåande skule
- Fakta-/fagbøker
- Bokkassar med ulike titlar
- Bøker i berekraftsbiblioteket
Berekraftsbiblioteket er eit opplegg for skular, bibliotek og andre organisasjonar som vil bruke litteratur for å samtale om FNs 17 berekraftsmål med barn i alderen 6–12 år. Til kvart berekraftsmål og kvar bok er det knytt spørsmål og aktivitetar. Besøk FN-sambandet si side for berekraftsbiblioteket for meir informasjon og fullstendige boklister.
Slik bestiller du klassesett
Finn boka i katalogen:
- Klikk på «Sjekk ledig». Ved bestilling er det viktig å sjå kor mange bøker som er ledige.
- Klikk på «Bestill klassesett». Fyll ut skjemaet så nøyaktig som mogleg.
- Vi brukar vanlegvis 2-4 dagar på å ekspedere ei bestilling, men i periodar kan det ta lenger tid. Vi oppmodar om å ta direkte kontakt om du ikkje har høyrt frå oss innan ei veke etter bestilling.
Om bøkene er utlånte/reserverte:
- Vil vi sette skulen på venteliste og gi beskjed til lærar om når ein kan vente å få klassesettet. OBS: Det kan vere venteliste på bøkene, då vil det stå «Reservering(ar): ...» under fana «Sjekk ledig».
- Du kan bestille/reservere bøkene til ein bestemt dato – gi beskjed i kommentarfeltet!
- Er berre nokre av bøkene du vil låne ledige? Gi beskjed i kommentarfeltet om du vil ha dei ledige bøkene tilsendt med det same og resten seinare.
Utsending og retur av bøker
- Vi sender melding når klassesettet er sendt frå oss.
- Bøkene blir sendt kostnadsfritt til næraste folkebibliotek i Vestland (hovudbiblioteket). Skulen må sjølv hente og returnere bøkene til folkebiblioteket, som tek seg av vidaresending til bibliotekutvikling Vestland, Førde (biblioteknummer 2140000).
- Vi brukar vanlegvis 2-4 dagar på å ekspedere ei bestilling, men i periodar kan det ta lenger tid. Vi oppmodar om å ta direkte kontakt om du ikkje har høyrt frå oss innan ei veke etter bestilling.
Lånereglar
Registrering av lån:
- Bibliotekutvikling lagar eit lånekort på skulen der den ansvarlege læraren blir registrert. I personvernerklæringa kan du lese meir om kva opplysingar som blir registrerte i utlånssystemet og korleis dei blir handsama.
Lånetid:
- Standard lånetid er 4 veker.
- Lån kan fornyast om det ikkje er venteliste. Vil ein annan lærar også låne bøkene? Ta kontakt med bibliotekutvikling.
- Alle bøkene skal vere leverte når skuleåret er slutt.
Sein levering, purring og erstatning:
- Dersom bøker manglar ved retur av klassesett, sender vi ut påminning om levering (purring). Ved to purringar utan at bøker er returnert, sender vi erstatningskrav for tapt bok på kr 300.
- Skulen er ansvarleg for erstatning av tapte og øydelagde bøker, ikkje den enkelte lærar eller elev.
- OBS: om bøkene kjem til rette etter at rekning er sendt, må bøkene likevel erstattast. Bøkene reknast då som skulens eigedom.
- Er det skade på bøkene eller stemmer ikkje tal på bøker når du mottek klassesettet – ta kontakt med Anne Marit Ytterbø (tlf. 57 63 79 55) eller Astrid Sundset Moe (tlf. 57 63 79 53).
Litteratur i DKS
Vi oppmodar biblioteka til å lage utstillingar og bestille inn aktuelle bøker i samband med DKS-turnear, og å invitere til forfattarbesøk i biblioteket. Mange utøvarar er interesserte i å delta på kveldsarrangement i regi av biblioteket når dei elles har andre oppdrag på dagtid i nærområdet.