Lisensar for bruk av foto, musikk og andre åndsverk
Dei fleste objekta i Fylkesarkivet sine webarkiv er merka med ei opplysning om om, og eventuelt korleis, du kan gjenbruka materialet. Her finn du ei skildring av kva dei ulike betyr. Dersom lisens ikkje er oppgitt på objektet må du ta kontakt med Fylkesarkivet før du gjenbruker materialet.
Public Domain
Dette verket har vorte identifisert som «falne i det fri», det vil seia at alle opphavsrettar til verket er falle bort, inklusive alle nærståande rettar.
Du kan kopiera, endra, spreia, visa og framføra verket, også for kommersielle formål, utan å spørja om løyve.
Annan informasjon
- Det er ikkje sikkert at alle opphavsrettar til verket er falle bort i andre jurisdiksjonar enn Noreg.
- Det kan vera at nokon har andre typar rettar som er tilknytta verkte, slik som patent- og/*ellervaremerkerettigheter, eller personvernrettar.
- I nokre jurisdiksjonar kan dei ideelle rettane strekkja seg ut over vernetida til verket, under dette retten til å bli namngitt som forfattar og retten til å motsetja seg krenkjande behandling av verket.
- Med mindre anna er uttrykkjeleg angitt, gir den personen som identifiserte verket som «fall i det fri» ingen garantiar om rettsstatusen til verket, og fråskriv seg alle ansvar for bruk av verket, i den grad dette er mogleg under gjeldande lovgiving.
- Når du nyttar deg av verket, kan du ikkje gjera det på ein måte som impliserer offisiell støtte eller godkjenning frå opphavsmannen eller frå den som identifiserte verket som «fall i det fri».
CC0: Verk erklært i det fri
For materiale merket med CC0 gjeld følgjande:
- Rettshavar har, i den utstrekkinga lova tillèt, erklært at dette verket er i det fri ved å seia frå seg alle opphavsrettar og nærståande rettar som vedkommande hadde til verket.
- Du kan kopiera, endra, spreia, visa og framføra verket, sjølv for kommersielle formål, utan å spørja om løyve.
Annan informasjon
- CC0 påverkar på ingen måte patent- eller varemerkerettar. Heller ikkje dei rettane som andre personar måtte ha til verket, eller til å bestemma korleis verket blir brukt, slik som personvernrettar.
- Med mindre anna er uttrykkjeleg angitt, gir den personen som har knytt verket til denne erklæringa ingen garantiar om verket, og fråskriv seg alle ansvar for bruk av verket, i den grad dette er mogleg under gjeldande lovgiving.
- Når du bruker eller siterer verket, kan du ikkje gjera det på ein måte som impliserer offisiell støtte eller godkjenning frå opphavsmannen eller rettshavaren.
CC BY: Namngiving
Med digitalt materiale som er merkt med CC-BY har du lov til å:
- Dele – kopiera, distribuera og spreia verket i kva som helst medium eller format
- Bearbeide – remix (musikk), endre, og byggja vidare på materialet til kva formål som helst, inkludert kommersielle.
Lisensgivar kan ikkje kalla tilbake desse fridommane så lenge du respekterer desse lisensvilkåra.
Materialet kan brukast på følgjande vilkår:
- Namngiving – Du må oppgi korrekt kreditering, oppgi ei lenkje til lisensen, og indikera om endringar har vorte gjort. Du kan kan gjera dette på alle rimeleg måte, men utan at det kan forståast slik at lisensgivar godkjenner deg eller bruken din av verket.
- Ingen ytterlegare avgrensingar – Du kan ikkje gjera bruk av juridiske vilkår eller teknologiske tiltak som lovmessig hindrar andre i å gjera noko som lisensen tillèt.
CC BY-SA: Del på samme vilkår
Med digitalt materiale som er merkt med CC-BY-SA har du lov til å:
- Dele – kopiera, distribuera og spreia verket i kva som helst medium eller format
- Bearbeide – endre og byggja vidare på materialet til kva formål som helst, inkludert kommersielle.
Lisensgivar kan ikkje kalla tilbake desse fridommane så lenge du respekterer desse lisensvilkåra.
Materialet kan brukast på følgjande vilkår:
- Namngiving – Du må oppgi korrekt kreditering, oppgi ei lenkje til lisensen, og indikera om endringar har vorte gjort. Du kan kan gjera dette på alle rimeleg måte, men utan at det kan forståast slik at lisensgivar godkjenner deg eller bruken din av verket.
- Delpåammevilkår – Dersom du omarbeider eller byggjer på materialet, må du distribuera bidraga dine under same lisens som originalen.
CC BY-ND:Namngiving - inga bearbeiding
Med digitalt materiale som er merkt med *CC-BY-ND har du lov til å:
- Dele – kopiera, distribuera og spreia verket i kva som helst medium eller format til kva formål som helst, inkludert kommersielle.
- Lisensgivar kan ikkje kalla tilbake desse fridommane så lenge du respekterer desse lisensvilkåra.
Materialet kan brukast på følgjande vilkår:
- Namngiving – Du må oppgi korrekt kreditering, oppgi ei lenkje til lisensen, og indikera om endringar har vorte gjort. Du kan gjera dette på alle rimeleg måte, men utan at det kan forståast slik at lisensgivar godkjenner deg eller bruken din av verket.
- Ingen omarbeidingar – Dersom du omarbeider eller byggjer på materialet, kan du ikkje distribuera det endra materialet.
CC BY-NC-SA: Namngiving - Ikkje kommersiell - Del på same vilkår
Med digitalt materiale som er merkt med CC-BY-NC-SA har du lov til å:
- Dele – kopiera, distribuera og spreia verket i kva som helst medium eller format
- Bearbeide – endre, og byggja vidare på materialet.
Lisensgivar kan ikkje kalla tilbake desse fridommane så lenge du respekterer desse lisensvilkåra.
Materialet kan brukast på følgjande vilkår:
- Namngiving – Du må oppgi korrekt kreditering, oppgi ei lenkje til lisensen, og indikera om endringar har vorte gjort. Du kan gjera dette på alle rimeleg måte, men utan at det kan forståast slik at lisensgivar godkjenner deg eller bruken din av verket.
- Ikkje kommersiell – Du kan ikkje nytta materialet til kommersielle formål.
- Del på same vilkår – Dersom du *remixer, omarbeider eller byggjer på materialet, må du distribuera bidraga dine under same lisens som originalen.
CC-BY-NC: Ikkje-kommersiell
Med digitalt materiale som er merkt med *CC-BY-NC har du lov til å:
- Dele – kopiera, distribuera og spreia verket i kva som helst medium eller format
- Bearbeide – endre, og byggja vidare på verket.
Lisensgivar kan ikkje kalla tilbake desse fridommane så lenge du respekterer desse lisensvilkåra.
Materialet kan brukast på følgjande vilkår:
- Namngiving – Du må oppgi korrekt kreditering, oppgi ei lenkje til lisensen, og indikera om endringar har vorte gjort. Du må gjera dette på ein formålstenleg måte, og utan at det kan forståast slik at lisensgivar støttar deg eller bruken din av verket.
- Ikkje-kommersiell – Du kan ikkje nytta materialet til kommersielle formål.
- Ingen ytterlegare avgrensingar – Du kan ikkje nytta juridiske vilkår eller setja i verk teknologiske tiltak som juridisk eller faktisk hindrar andre i å gjera noko som lisensen tillèt.
Berre strøyming
Det er berre tillate å strøyma dette materialet til privat bruk. Det er ikkje tillate å kopiera eller gjenbruka utan løyve frå rettshavar.
Beskytta av opphavsrett
Dette materialet er beskyttet av opphavsrett. Det betyr at materialet ikke kan kopieres, spres, vises eller fremføres for allmennheten i noen form uten samtykke fra den enkelte rettighetshaver.