Send inn opplysningar om foto frå arkiva

Vi har eit stort og mangfaldig fotoarkiv som no er tilgjengeleg for publikum i ny drakt i det digitale fylkesarkivet.

 

illustrasjonsfoto med spørsmålsteikn
Denne mannen er frå Leikanger i Sogn, men kva heiter han? Biletet har ID-nummer SFFf-1993357.0111 og er søkbart i det digitale fylkesarkivet. Foto: Haakon Njøs

I alle år har vi hatt stor glede og nytte av kommentarar som publikum sender oss om bileta i arkivet. Det kan gjelde alt frå rettskriving av namn, til manglande informasjon, eller ny informasjon til ukjende bilete.

Tidlegare har publikum kunne sendt inn desse opplysningane direkte i fotoarkivet, men denne funksjonen har vi ikkje lenger. Vi har difor laga eit enkelt skjema som gjer nytta, og som ligg tilgjengeleg her på heimesida. Her kan du legge til rettingar og opplysningar om eitt eller fleire foto frå arkivet, og sende dei inn til oss med få tastetrykk.

Skjemaet finn du her: Skjema for fotoopplysningar