Arkiva fortel om fiskerihistoria til Vestland
Heilt sidan steinalderen har fiske vore ein viktig næringsveg for menneska på Vestlandet. 15.-21. april markerte vi One Ocean Week saman med mange andre aktørar og synte fram at vi i arkiva kan vi finne dokumentasjon om korleis havnæringane har utvikla seg og påverka kvardagen til menneska i regionen.
Istida
Då isen trekte seg tilbake etter den førre istida var det dei kystenære områda som først vart tilgjengelege for menneska. Dei eldre menneskelege leivningane i Noreg er funne i skjergarden. Til dømes har arkeologar funne både fiskekrokar og fiskesøkke som er om lag 7000 år gamle.
Sildefiske
I fleire hundreår har sildefisket vore ein viktig næringsveg langs vestlandskysten. Den årvisse vandinga til silda og andre fiskeslag trekte mange arbeidarar til dei små fiskeværa som oppstod langs kysten. Fiskeværa kunne vekse og bli større enn byane rundt. Til dømes kunne det på midten av 1800-talet vere 20 000 menneske på Espevær på Bømlo når silda kom. På same tid hadde Bergen om lag 26 000 innbyggarar.
På starten av 1900-talet trekte silda seg nordover til Island, og dei vestlandske fiskarane følgde etter. Havområda nord for Island blei viktige fiskefelt for norske fiskarar.
Fiskerieksporten
Handel med fisk har hatt betyding heilt frå 1100-talet, og Bergen vart eit knytepunkt for handel og økonomi. Byen vart også eit viktig sentrum for skipsfart, og hadde ei sentral rolle i utviklinga av skipsfarten og handelen med utlandet. Ikkje minst ligg byen sentralt for sildefisket på Vestlandet, og i områda rundt Bergen blomstra foredlingsindustrien for fisk. Til dømes hadde Askøy fleire titals mottak for salting og pakking av sild, tre sildoljefabrikkar, fire hermetikkfabrikkar og fleire tønne- og kassefabrikkar i 1900.
Under One Ocean Week sto vi på stand saman med Bergen byarkiv, Interkommunalt arkiv Hordaland IKS og Museum Vest for å vise fram noko av det arkiva fortel oss om denne foredlingsindustrien. Mellom anna, var det mogleg å få sjå bilete av etikettar fra hermetikken, såkalla "iddisar" (frå stavangerdialekta, "iddikett" - etikett). Hermetikkproduksjon finn ein også i andre delar av Vestland. Frå Måløy har vi arkiva etter Firda Canning, som også inkluderar iddisar frå deira produksjon.
Daglege skipsruter til Noreg og resten av verda gjorde det mogleg å eksportere fersk fisk og hermetikk i stor skala. I arkiva kan vi finne fraktbrev som viser eksport til hamnar i Europa, USA og Australia. Iddisane frå Firda Canning er eit godt døme på produksjon for eksport - her finn vi både etikettar i engelske og franske variantar.
Overfiske
På grunn av overfiske og miljøproblem gjekk likevel bestandane av sild skraftig tilbake på 1960-talet og 1970-talet. Men sjølv om omfanget i dag er mindre enn før, er sildefisket framleis ei viktig næring langs kysten av Noreg.
Publisert 10.05.2023