Vestlandsmøtet 2026: Når alt står på spel – korleis lukkast Vestland?

Forsvar og beredskap, inkludering, samarbeid og krevjande tider i Kommune-Noreg er noko av det som står på programmet på årets vestlandsmøte. Du kan følgje møtet direkte på nett.

Det er fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Stian Jean Opedal Davies som inviterer til Vestlandsmøtet 2026. Møtet blir halde i Peer Gynt-salen i Grieghallen i Bergen og er for inviterte deltakarar.

Nett-tv

Du kan følgje Vestlandsmøtet direkte i nett-tv fredag frå kl. 9


Fire bolkar og dialogar

På Vestlandsmøtet ser vi framover mot det nye året vi nettopp har teke fatt på, og programmet er delt inn i desse fire bolkane:

  1. Forsvar, sikkerheit og beredskap
  2. Eit inkluderande samfunn med plass til alle
  3. Samarbeid og nye løysingar i utfordrande tider
  4. Krevjande tider i Kommune-Noreg

Til kvar bolk høyrer det også til ein "vestlandsdialog". Her møtest sentrale personar til dialog med anten Erlend Blaalid Oldeide, journalist i Gudbrandsdølen Dagningen eller Guro Valland, sjefsredaktør i Bergensavisen.

Blant bidragsytarane på Vestlandsmøtet er statssekretær i Forsvarsdepartementet, Marthe Gerhardsen, statsforvaltar Liv Signe Navarsete, leiar i Vestland ungdomsutval, Marcus André Berntzen Askildsen, dagleg leiar for VM i vektløfting 2025, Stian Grimseth og fleire stortingsrepresentantar.

Du kan sjå heile programmet for Vestlandsmøtet her.